Kjære folk!
Eg vil så gjerne skrive vakkert om det å eldast.
Sjølvsagt er det litt vemodig å vere vitne til at kroppen forfell, men eg græt ikkje sjølv om spegelen fortel meg at utsida mi driv på med å tape kampen mot forfallet.

Eg likar best å skrive om slikt som kan vere vanskeleg å setje ord på. I dag vil eg freiste å skrive vakkert om å bli gammal.
Tidlegare her i bloggen min har eg kalla meg sjølv ei litt gammal dame.
«Kvifor seier du at du er litt gammal?» spurde ei god venninne meg her ein dagen. «Slutt med det!» «Eg skal gjerne fortelje deg kvifor», svara eg. «Du skjønar det at små, gamle damer med tynn hud og kvitt hår er noko av det vakraste eg veit. Eg trur kanskje at eg gler meg.»
Då eg las boka «Kroppen for voksne», som eg fekk til jul, viste det seg at min eigen definisjon av meg sjølv passa saman med Trond-Viggo Torgersen sin:
«La meg bruke litt gammel om dem av oss som har passert midten av sekstiårene, og gammel om dem som har passert midten av syttiårene. Så får veldig gammel stå igjen til dem som har passert midten av åttiårene.»
Og så legg han til ein liten, men veldig viktig setning: «Det sier uansett lite om funksjonsnivået ditt.»

Eg kan framleis stå på det eine beinet når eg tek på meg sokken på det andre. Heilt problemfritt!
Her ein dagen då eg måtte vaske veggen bak og under skåpa på badet, var det lett å kome seg ned i liggjande vaskestilling. Men eg må innrømme at det var litt meir plundrete å kome seg opp att. Det var som om alle knoklane var i vegen for muskelstyrken. Pytt, pytt, – kor ofte må eg vaske akkurat der?
Eg klarar altså det aller, aller meste heilt fint, men merkar sjølvsagt at eg ikkje orkar like mykje som for 30 år sidan. Og kvifor i all verda skulle eg ynskje å få gjort alt like fort og klare å ha like mange ballar i lufta samstundes som då eg nærma meg 40?
Det er sjølvsagt mykje eg kan velje å gå rundt å uroe meg for. Eg er jo van med at kroppen min er sterk og at han gjer akkurat det hjernen min bestemmer at han skal. Eg er jo også van med at hovudet mitt er sterkt og at det ikkje gir opp før alt er forstått, planlagt og gjennomført. Slik vil eg jo gjerne at alt skal halde fram, men eg veit jo at det ikkje vil gjere det til evig tid.
Er det dette som er tida mi for å nyte livet i eit litt meir bedageleg tempo?

Eg veit ikkje kva som
og eg veit ikkje når, men
noko kom
noko skjedde
Innpust av
denne langsame lukka
for slett ingenting
Eller for alt
Ørsmå skapningar under flate steinar
Mjuke strå mot nakne leggar
Store tankar i tunge tekstar
Opne dører
eg ikkje hastar forbi
Var det alderen som kom?

Heldigvis veit me lite eller ingenting om kva framtida vil bringe.
Det eg kan gjere noko med, er å la vere å uroe meg for alt og hugse å få med meg mest mogeleg av det som er her og no. Og det eg kan gjere noko med her og no, er å glede meg over alt det gode som ei litt gammal dame har i livet sitt.
Å bli litt gammal
er å vite
at gras er gras
på begge sider av gjerdet
og at vegen
er berre ein veg
bak neste sving óg.
Å bli litt gammal
er å vere nøgd med
å ligge
på eigen plen
og ikkje trenge
å springe
langs vegane
for å leite
Eg kan merke at draumane mine ikkje er fullt så store som det dei var.
No likar eg ikkje hastverk. Blir det for travelt, blir det fort litt utriveleg. Eg har nok tid til å gå attende for å sjå om eg har låst døra og sjekke om eg slo av kaffitraktaren. Eg gjer det med eit lite smil, – og veit at alle ting har si tid.
Heldigvis er det slik at ei litt gammal dame både håpar og trur at ho kan sjå fram imot å møte gode vener, vitje framande stader, gå på kjende og ukjende stigar, få svar på ting ho undrar seg over, klemme dei ho elskar og kjenne at gode opplevingar kan fylle heile ho – i årevis framover.

som er over hundre år.
Ingen andre fine damer
bor det her i bakken vår
(Tekst og melodi av Kjell Lund. Er det nokon som hugsar han fra Barnetimen for dei minste?)
Tusenvis av litt gamle damer har vore her før meg. Dei har vore 68 år og ni månader og kanskje har dei tenkt slik eg tenkjer no; at eg ikkje er ekspert på å nærme meg 70, for det har eg aldri gjort før. I åra mine som litt gammal, og også som gammal, skal eg i alle fall ikkje bruke tida på å nøre oppunder tankar på slikt som berre er trist.
Det som blir vanskeleg skal eg ta når det kjem.
Draumen er å bli ei slik gammal dame som det er godt å vere i nærleiken av.
Eg vil gjerne vere ei som luktar godt og feminint, ser på folk med varme i augo og ber på små, fine løyndomar som eg ikkje vil dele med nokon.
Kanskje møter eg på folk som vil undre seg over kvifor eg smiler slik av slikt som ser ut som ingenting.
Kanskje smiler eg fordi kaffien smakar godt og fordi sjølve kaffikoppen er vakker og minner meg om møter med fine folk.
Kanskje smiler eg ved tanken på han som var der ein gong, han som er her eller på ho som var så glad.
Kanskje smiler eg fordi eg har ein avtale som eg gler meg til eller rett og slett fordi eg har det godt.

Er det lov
å danse langs vegen
med kjolen flagrande
rundt glad kropp?
Kan eg valse rundt
truselaus
med blomar i håret?
Er det lov å elske
den eg var
og det eg vart?
Medan morgondagane kjem og fleire dagar står i rekkje og ventar, vil eg gjerne vere ei litt gammal dame som er takksam for å kunne gle seg. Akkurat no gler eg meg til at det skal vårast i hagen.

Eg ville gjerne skrive noko vakkert om å eldast.
Molltonen syng mellom orda mine. Det er kanskje den tonen som er den aller vakraste.
Helsing frå
Karen-Margrethe
Hei Karen-margrethe
Så nydelig du skriver om å eldes. Jeg hadde bursdag den 27.01 da ble jeg 64 år. Jeg tenker mye akkurat om det du skriver. Jeg ønsker og være en det er godt å være rundt. Det je gjorde,je pyntet meg,satte lys og flagg på bordet. Jeg bestemte meg rett og slett for at dagen skulle bli bra. JA det ble den. Det å bli litt gammelt er veldig fint dersom en bestemmer seg for hvordan vi vil møte dagen og årene. Nb ! Du har fine sokka. 😊 ønsker deg alt godt.
Med hilsen fra en «litt gammel dame»
Sol
LikerLikt av 1 person
Kjære Sol!
Så veldig hyggelig at du har lest bloggen min, og tusen takk for denne varme kommentaren. Det satte jeg stor pris på. Jeg ønsker deg alt det aller beste og håper vi får strålende dager fram til den dagen vi sitter der vakre, godluktende og med hvert vårt hemmelige smil.
God klem til deg fra denne litt gamle dama.
LikerLiker
Hei 😊
Jeg feiret min 64 års dag den 27.01. Jeg satte blomster,flagg og tente lys. Jeg bestemte meg for at dette skulle bli en fin dag. Vi har alltid muligheten til å velge, da er det kunsten å velge rett fokus. Nb ! Du har fine sokka 😍
LikerLiker
Hei K M.
Godt nyttår.
Unnskyld K M. I stedet for å si at en er «litt gammel», synes jeg det er bedre å si «litt ung». For er det ikke det vi gjerne vil være. Ung. Jeg føler fremdeles at livet har mye å by på enda. Så derfor har jeg valgt å si at jeg er 68 år ung. Jeg takker for hver eneste dag jeg får oppleve. i hvert fall etter året 2021 som viste meg at plutselig en dag kan det være over dette livet som er så fullt av prøvelser. Og vi ble påminnet om dette allerede i denne måned da Ragnvald plutselig gikk ut av tiden.
Ellers er det alltid stas å få lov å lese bloggen din. Du har et blikk for de små store gleder i livet. Og det håper jeg du vil fortsette med. Og jeg ønsker deg en fredfylt tid fremover.
Fortid – Nåtid
Dagen i går er vår fortid – den kan vi ikke glemme,
men tenke på den neste dag – som ligger der fremme.
Det er den dagen vi vil drømme om,
når dagen i dag – med høytid til oss kom!
(Erg.)
De beste ønsker fra en «litt ung» mann.
LikerLiker
Godt nytt år, Ragnar!
Tusen takk for kommentaren din. Den gjorde at jeg måtte tenke over dette en gang til. 🙂
Hvis jeg sier at jeg er en litt gammel dame og du sier at du er en litt ung mann, så er vi vel egentlig enige siden vi setter «litt» foran, eller? Det er kanskje dumt i det hele tatt å fokusere på dette med alder? Det viktigste er at vi er her og nå og får med oss det du skriver om som «de små store gledene i livet». Og du har rett; når en av «våre» går bort, er det alltid en påminnelse om at livet er skjørt. Vi må ta vare på hver dag.
Det diktet du avsluttet med var svært vakkert.
Ønsker om alt det beste til deg fra meg.
LikerLiker
Kjære Karen- Margrethe!🌷🌷🌷
Vakkert skreve om å vera litt gammal!
😘 Klem frå Linne ! ( Pauline )
God søndag!
LikerLiker
Så fint å høyre frå deg, kjære Linne❣️❣️ Eg håpar du har det bra. Klemmar attende til deg😘
LikerLiker
Så fint du skriver. Takk skal du ha. Hilsen en som nettopp fylte 70 😊
LikerLikt av 1 person
Tusen takk! 😊 Så fint å høre fra deg igjen, – og gratulerer med vel overstått 70-årsdag.
LikerLiker