Kjære folk!
Denne gongen starta tankerekkja mi akkurat slik den pleier å gjere; ei enkel oppgåve som treng litt planlegging, fekk hjernen i sving, – og så balla det på seg: Byrjinga var at eg måtte syrgje for å få sett av tid til å vaske og stryke bunadsskjorta mi før 17. mai. Deretter smatt tankane over til gleda over demokratiet vårt, personleg fridom, politisk prat om fridom, det å vere frivillig og aller mest har eg fundert over det å ha fridom til å gjere gode val. Så for den som vil vere med meg gjennom tankespranga mine, er det berre å lese vidare.

Om berre nokre dagar skal me feire Grunnlova og det at Noreg er eit fritt demokrati. Det betyr at alle som er borgarar av dette landet vårt skal ha dei same rettigheitene. Me er heldige som bur i eit land der me har både politisk og personleg fridom. Me kan tru og meine kva me vil og me har fridom til å ytre oss uansett kva me vil stå opp for. Koran-brenning og demonstrasjonar denne våren har vist oss at fridom slett ikkje er ei enkel sak.
Ein annan vekkjar den siste tida var at det berre er 50 år sidan homofili slutta å vere forbode i landet vårt. Støre har, på vegne av regjeringa, bede dei skeive om tilgjeving, men det har kome fram at på dette området er det framleis saker me treng å få orden på. Desse to eksempla viser at me aldri må slutte å debattere fridom og kjempe for like rettigheiter for alle.

«Fridom under ansvar» er eit slagord som er mykje brukt av høgresida i norsk politikk. (Visste du forresten at dette eigentleg er eit sitat frå «Fruen fra havet» av Henrik Ibsen?)
Når partia til høgre talar om personleg fridom, får ikkje det det politiske hjartet mitt til å svulme og banke. Sjølvsagt er det fint at folk kan bestemme over sitt eige liv, men når tiltaka for å oppnå fridom er at det skal leggjast til rette for eit større mangfald av tenester, både i offentleg sektor og i privat sektor, då protesterer både kjenslene og vitet mitt. For meg er det slik at velferdssamfunnet skal sikre at alle skal ha dei same mogelegheitene, – alle skal kunne leve verdige liv frå vogge til grav uansett kvar dei bur og uansett kor mykje pengar dei har å rutte med. Alle kan ikkje vere sin eigen lykkesmed.
Fyrst når alle kan vere trygge på at både Jørgen Hattemaker og Kong Salomo får det same tilbodet, fyrst då kan individet vere fritt.

glad i. Gode samtaler gjer at eg alltid har det godt inni meg når eg går derifrå.
Når eg bli gammal og hjelpetrengjande, vil eg sleppe å måtte finne ut kven som er best skikka til omsorgsoppgåva og sleppe å velje mellom dei som tilbyr hjelp. Slik fridom vil eg ikkje ha. Eg er viss på at kjensla av fridom heng nøye saman med at eg kan vere trygg på at «dette ordnar seg» i eit samfunn som er bygd opp rundt eit sterkt fellesskap der alle tel like mykje.
Men før eg kjem dit, har eg mange val framfor meg.
Gjennom heile livet, kvar einaste dag, må me gjere små og store val. Mange er vanskelege, medan andre registrerer me knapt at me vurderer før me vel. Små, personlege val treng heller ikkje å vere av det enkle slaget. Vaksne folk har som kjent ansvaret for å styre seg sjølv, men me må både kjenne oss sjølv godt og inneha visse evner for å kunne ta gode val i livet.
Å gjere val betyr blant anna å seie nei til freistingar, til mogelegheiter og til å innfri forventningar. Eg har for eksempel sagt «ja» så mange gonger og gjort såpass mange positive val for dei næraste dagane mine, at tida før 17. mai har blitt litt travlare enn det eg eigentleg set pris på. Det var jo slik desse fridomstankane mine starta, med å finne tid å til å vaske og stryke bunadsstasen.

Etter 69 år med øving og etter å ha samla opp ein heil haug med erfaring i det å velje, bør vel eg no ha kome opp i ein situasjon der det å gjere val er ei enkel sak, – og det kjennes faktisk lettare å velje no enn nokon gong tidlegare.
Dei vanskelegaste vala er dei som involverer andre folk. Spesielt vanskeleg blir det når ein kjem i ein situasjon der ein må velje bort. Eg er vel ikkje den einaste som har både gode og mindre gode val bak meg i livet. Eg veit jo godt at den som er fri til å velje sjølv må ta ansvaret for både valet og for konsekvensane, og det er ikkje alltid det har vore like greitt. Nokre gonger tek me val som får konsekvensar me ikkje var klar over. Andre gonger seier me ja til noko utan å ane kva me går til og det er slett ikkje alltid at ting blir slik me trudde eller håpa på.
Slik er dette livet. Me har fridom til å velje og summen av dei vala me har gjort har ført oss dit me er i dag. No har eg valt meg ei fjellbygd, eit gammalt hus, ein stor hage og ein mann som eg likar å vere saman med. Desse vala bestemmer mykje av innhaldet i dagane mine.
Eg har gjort bitte små val som mønsteret og fargane på strikketøyet mitt:

Eg gjer viktige val som å ringe borna mine ganske ofte og fortelje dei at eg er glad i dei:

Svært mange av dei vala me gjer er heilt frivillige. Eit viktig val er kva me skal bruke tida vår og kreftene våre på. Eg har, heilt frivillig, meldt meg som frivillig. I år er det frivillighetens år. Det betyr at i 2022 skal me feire alt det viktige, frivillige arbeidet som går føre seg i Noreg.
På Ål skal det resten av dette året gjerast ein innsats for å løfte fram det arbeidet som kvar dag blir lagt ned av dei frivillige. Dette vil forhåpentlegvis inspirere fleire til å engasjere seg og bli med. Eg gler meg til å delta.

Eg ynskjer for alle dykk som les dette at de får ei fin helg, ei glad 17. mai-feiring og strålande vårdagar prega av gode val.

Eg har ein liten kø av «kjoledagar» framfor meg og håpar på nokre dagar med sumarvarme.

Apropos opplevingar og kjoledagar: eg trur junibloggen min kjem til å handle om å oppleve og å leve opp til.
Ha det godt fram til neste gong.
Helsing frå
Karen-Margrethe