Kjære folk!
I desember i fjor fekk me ein vakker og nyttig kalender frå gode vener. Den heiter «Was mein Leben reicher macht, Glücksmomente für jeden Tag» (Slikt som gjer livet mitt rikare. Små, daglege lykkestunder).

Kvar morgon les mannen min ein liten snutt for meg. Dette har blitt ei slags rutine og er som eit Kinderegg på morgonkvisten. Tre gode ting på ein gong:
– Me har noko anna enn vår eigen kvardag å samtale om
– Det bringer gode kjensler inn på frukostbordet
– Eg må oppretthalde tyskkunnskapen mine
Måndag 7. august, den dagen det verkeleg byrja å regne her, las han dette:

«Ein eldre herre går krumbøygd over rullatoren og skyv ei vasskanne framfor seg mot eit lite tre som står framfor eldreheimen og ventar på vatnrasjonen sin der i gloheita. Så mykje praktisk medkjensle!»
Praktisk medkjensle! Så fint, tenkte eg, utan å forstå at dette var noko hallingane kom til å få øvd seg på å vise kvarandre i veker framover. Og folk har gitt kvarandre husrom, smurt brødskiver, flytta stein, stått vakt og tatt eit ekstra spadetak eller ti.
Medkjensle er altså noko meir enn empati. Empati handlar primært om å forstå korleis andre har det. Medkjensle er meir aktivt ved at ein også har eit ynskje om å hjelpe.
Me er sårbare. Det oppfattar kroppen, kjenslene og tankane våre når det skjer noko skremmande. Av og til skal det ikkje meir enn ein sterk lyd til før hjartet byrjar å dunke raskare. Å vere menneske er å vere merksam på denne sårbarheita. Når vonde ting skjer, treng me for det fyrste at andre oppfattar korleis me har det, men av og til treng me også at det er einkvan som møter oss med eit ynskje om å gjere ein innsats.
Eg tek eit lite steg attende til den eldre, tyske herren med vasskanna. Heldigvis er livet stort sett slik at det er dei små, kvardagslege handlingane som tel og dei enkle spørsmåla som varmar:
– Er det noko eg kan bidra med?
– Treng du hjelp i morgon?
– Vil du at eg skal kome attende neste veke?
Kanskje me ser ei hand som treng ei anna hand eller noko endå enklare, som å redde ei humle eller vatne eit lite tre.

Når ein av våre næraste har det vondt, då vil den praktiske medkjensla vakne med det same. Men kva skjer med medkjensla vår når me oppdagar liding hos ein eller fleire framande?
På psykologisk.no fann eg dette: «Når vi utvider sirkelen for vår medfølelse til fremmede mennesker og natur, krever dette sterkere forestillingsevne.»
Me kjenner oss vel alle att i dette. Jo større radiusen på sirkelen er, dess vanskelegare er det å vise praktisk medkjensle. Alle tenkjer fyrst på sine næraste. Slik er det og slik skal det vere. Sidan det er slik, er eg glad for at det er mogeleg å «abonnere» på å vise praktisk medkjensle for dei som er milevis unna meg og mine næraste, der me er trygt plassert i sentrum av vår eigen, vesle sirkel. Det er mange som treng oss og det finns fleire titals mogelegheiter, for oss som har mykje av det meste, til å gje månadlege bidrag til dei som slit og har lite.
Her på bloggen min har eg fleire gonger skrive om det å vere snill, men kva er eigentleg dette å vere snill? Då eg leita etter ein definisjon, fann eg denne frå ein professor Stefan Einhorn: «Ekte snillhet er å stå opp for det som er riktig og ta til motmæle når noe er galt eller ondt.»
Slik eg forstår dette, seier han at å vere snill er det same som å vere god. Det handlar altså om vilje til å gjere godt og då heldt det vel ikkje med munnhellet at «det er tanken som tel».
Eg spør; er det i det heile tatt mogeleg å vere snill berre med tanken?

Eg har høyrt politikarar nytte ord som «godheitstyranni» og «godheitstyrann» i oppheita debattar. Eg leita etter ein definisjon av slike godheitspolitikarar og fann dette i Det Norske Akademis Ordbok: En godhetstyrann er en «person som legger godhet til grunn for beslutninger og dermed unngår en bredere og mer nyansert diskusjon». Er det altså ikkje mogeleg å «legge godhet til grunn for beslutninger» utan andre baktankar enn nettopp det å gjere gode avgjerder? Sjølvsagt er det det.
Då statsminister Jonas Gahr Støre vart beden om å gje eit godt råd til fyrsteklassingane ved skulestart i år, sa han: «Ta var på hverandre!» Eg trur dette er eit godt råd til oss alle denne hausten: Ta vare på kvarandre … eller sagt på ein annan måte: Vis praktisk medkjensle!

Dette biletet er tatt av Tom Evensen og er frå ein reportasje frå Vestli skole i Groruddalen.
Astrid Lindgren sa det slik gjennom orda til Pippi Langstrømpe : «Den som är väldigt stark måste också vara väldigt snäll.»
Om ikkje så altfor mange dagane er det kommuneval. Dei som blir valde, får mykje makt og blir dermed veldig sterke. Kanskje me bør velje nettopp dei politikarane som lovar å vise praktisk medkjensle med dei små og svake, – med dei som verkeleg treng det?

Heilt til slutt:
Eg har fått endra kjenslene mine til regnvêrsdagar og rullesteinar dei siste vekene, – altså fra den dagen eg høyrde mannen min lese om den eldre herren med vasskanna. Det er slett ikkje trivnad eg kjenner på når regnet trommar på taket. I går fekk me møteinnkalling: Ål kommune vil bidra til at innbyggarane skal kjenne seg trygge. No vert det sett i gang ein prosess slik at dei som bur ved bekkefara får sikra bustadane sine for framtidige skredhendingar. Me set pris på slik kommunal, praktisk medkjensle.
Eg ynskjer alle ein framifrå haust.
Helsing frå
Karen-Margrethe
