NESTEN HEILT KJEMPEGLAD

Kjære folk

(Skal eg merke dette med reklame tru?
Du har kanskje lest eit dikt eller to på bloggen min?
No ynskjer Lyrikkforlaget å gje ut dikta mine. 

Me er kjempeheldige som har ein svært dyktig fotograf her i bygda vår. Eg var hos Ole Johannes Brye berre for nokre dagar sidan. Han er så profesjonell og hyggeleg at fotostunda ikkje vart så klein som det eg frykta. Bileta skal nyttast av forlaget i samband med bokutgjevinga.

Fortsett å lese «NESTEN HEILT KJEMPEGLAD»

VEL HEIME

Kjære folk

Kor godt er det å kome heim?
Då eg var lita, då var det å kome heim det same som å kome dit eg budde saman med mor og far min. Det var der dei gode klemmane, dei trygge fanga og den vante lukta var.

«Home is where your heart is», seier eit ordspråk. Onsdag, då me låste opp ytterdøra og bar koffertane våre inn i gangen, kjende eg at eg var heime. Her har eg den raudvinsraude sofaen, bøkene, bileta og skrivepulten. Her kan eg tutle med mitt heile dagen og sovne under mi eiga dyne. Her har eg gode vener, grovt brød, Hallingdølen i postkassa og radio med norske nyhende. Det beste av alt er at han, som steller så fint med hjartet mitt, kom heim saman med meg og kjende det same; det var godt å kome heim.

Lønna helsa oss «velkomen heim» med sine vakre haustfargar.

Fortsett å lese «VEL HEIME»