Det hadde vore fint å kunne teikne kjenslene sine. Er det for eksempel mogeleg å teikne det å glede seg? Kan eit maleri få fram håpet? Kva slags farge har melankolien? Eg veit ikkje. Eg er ingen kunstnar, men eg kjenner att gleda, håpet og melankolien når ein av dei kjem på vitjing. Av og til, når eg ser noko fint, er det ofte noko som vekkjer gode kjensler i meg. Denne vesle tassen fotograferte eg på Ål stasjon i september fjor. Kan han vere eit bilete på ei kjensle?
For meg kan den vesle stemorsblomen vere lengten, – lengten etter vår og sumar. Adventstida er tid for lengt, og det kjennes i alle fall godt å lengte etter noko som er fint og som er like rundt hjørnet. Snart er det jul.
Eg har høyrt at Knut T. Storbukås, betre kjent som Sputnik, skal ha sagt «I hele min tid har jeg aldri lest en bok». Heilt ærleg tala, så er det no lenge sidan eg har lest ferdig ein roman. Det er så mykje anna å lese og så mykje anna å tenkje på og gjere, at eg finn inga ro. Eg håpar det betrar seg etter kvart. Enn så lenge er det trøyst å finne i desse orda til Toralv Maurstad: «Man blir ikke nødvendigvis dypsindig av å bo i en lenestol og lese bøker.»
Då tek eg fatt på denne laurdagsbloggen, som blant anna har eit lite avsnitt om ei bok.
I dag er det allehelgenskvelden og/eller halloween. Markeringa av denne kvelden er opprinneleg ei heidensk feiring, som seinare vart gjort til ein kristen skikk, men som i vår tid har utvikla seg til ei ikkje-religiøs høgtid.
Sidan årtusenskiftet har det blitt stadig vanlegare å feire halloween i Noreg. I fylgje undersøkingar som Virke har gjort, brukar me mellom 200 – 300 millionar kroner på godteri, kostymer og pynt i samband med halloween-helga i Noreg!!! I år blir det nok annleis, og eg reknar ikkje med å få utkledde ungar på døra i kveld.
I dag er det FN-dagen. Dagen vart innstifta for å informere om målsettingane og resultata til FN. Visste du at i 1971 vart det foreslått at 24. oktober skulle vere offisiell høgtidsdag i alle medlemsland? I Danmark, Finland og Sverige er denne dagen flaggdag. Det blir flagga anten med FN-flagget eller med landet sitt eige flagg.
Fn-flagget
I Noreg har det ikkje vore fleirtal for å gjere FN-dagen til offisiell flaggdag. Men nok om det. I dag har eg litt av kvart anna på hjartet.
I dag vil eg byrje med å minne om at det er FN-dagen for avskaffelse av fattigdom i dag. Å utrydde fattigdom er nedfelt i FN sitt bærekraftmål nr 1. I 1990 levde 35 prosent av befolkninga i verda i ekstrem fattigdom. I 2013 var andelen redusert til 10,7 prosent. Det er likevel ein lang veg å gå før fattigdomen er utrydda.
For meg har 17. oktober vore ein glad dag dei siste 17 åra. Det er noko av det eg vil skrive om i dag.
Eg er sikkert ikkje aleine om å av og til trenge både pusterom og albogerom. Det er godt å kunne finne seg slike stader og stunder utan å måtte forklare kvifor. Når eg går for meg sjølv for å skrive, kjenner eg meg heldig.
Eg gjer det av og til; går bort til ei bokhylle, dreg ut ei bok, opnar ho på ei tilfeldig side og set fingeren ned på sida. I dag kunne eg lese dette i Fredrik Skagen sin tekst om Vincent van Gogh «Stjernenatt»: «Hun ristet på hodet og trakk morgenkåpen tettere rundt seg. – Jeg vil heller skrive litt om noe som nettopp falt meg inn.»
Vincent van Gogh: «Stjernenatt»
Eg skal gjere som ho i sitatet før eg går ned til nytrakta frukost og ferdigdekka bord.
God sundagsmorgon! Her i Holmestrand har haustveret hatt fest i natt. Regnmålaren er full, og vinden har sendt litt av kvart inn i hagen. Eg kunne ikkje dy meg, – eg måtte teikne på vindauget i vinterhagen før eg gjekk for å skrive.
God laurdag! Denne helga vil bloggen min, både i dag og i morgon, bere sterkt preg av at eg har vore på Ål dei siste dagane. Eg er her framleis og nyt vakre septemberdagar i strålande haustrvér.