NETTROLL, ORD EG IKKJE HAR BRUK FOR OG I ALBUMET

Kjære folk!

I dag er det Samefolkets dag.
Denne nasjonaldagen vart vedteken på Samekonferansen i 1992, og er felles for alle samar i Noreg, Finland, Sverige og Russland.

Lihkku beivviin!

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Det hender at eg får med meg ein debatt under eit innlegg på sosiale media. Eg prøver å unngå å lese slikt, for som oftast blir eg både trist og sjokkert over alle personangrepa, det sinnet som nokre debattantar viser fram og kor fiendtlege folk kan vere mot kvarandre.

Kven er desse nettrolla, har eg spurt meg. Eg fekk svar i Aftenposten 28. januar, der eg kunne lese om ein studie utført av Institutt for samfunnsforsking på oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Ut frå djubdeintervju med aktive nettdebattantar hadde dei funne ut at
– det er rundt fem prosent som deltek i nettdebattar med hard tone
– ein til to prosent seier at dei sjølv driv med netthets
– dei fleste av dei er menn med låg utdanning og som er skeptiske til innvandring og homofilt samliv
– dei opplever at dei ikkje blir høyrde i andre fora


Det er viktige debattar, blant anna om religion, innvandring og klima, som blir prega av desse hatefulle ytringane. Desse få, men synlege nettrolla gjer at andre blir skremde vekk frå debattromma. Det bør me bekymre oss for! Det snevrar inn retten vår til å ytre oss når så mange, spesielt unge kvinner, vegrar seg for å kome med meininga si. Det er ein fare for demokratiet når debattane blir av ein slik art at folk som er politisk interesserte takkar nei til politiske verv fordi dei er redde for personangrep på nettet.

Etter at Klepp-ordføraren, Ane Marie Braut Nese, i 2019 tok eit oppgjer med truslar og sjikane i sosiale media, vart det laga råd til folk som trengte hjelp for å unngå å bli nettroll; ikkje skriv når det «brusar i blodet», ikkje ver skråsikker og hald deg til saka. Det er framleis mange som ikkje held seg til desse reglane.

Sjølvsagt er det bra med ytringsfridom, men det finnes ting som ikkje høyrer heime i det offentlege rommet. For meg er det merkeleg at bilete av nakne kvinnebryst blir fjerna frå Facebook medan hatefulle ytringar får stå i fred. Er det ikke mogeleg å gjere noko med slikt og samstundes hegne om retten til å ytre seg?

Det er godt å vite at det er dei redaktørstyrde media som står sterkast i Noreg når det kjem til formidling av nyheiter. Det er TV og gratis nettaviser som er dei to viktigaste nyheitskjeldene for folk flest. 

Eit ord å snu og vende på
Av og til kjenner eg meg så tindrande glad for å vere ei litt gammal dame. Det er mykje færre forventningar retta mot meg enn det det var, og eg har heller ikkje så mange problem som eg må løyse. Tenk berre på alle orda eg kan skrote i livet mitt. 

Det fyrste eg kom på var ettervekst.
Det ordet skrota eg for eitt par år sidan då eg fann ut at eg faktisk likte å sjå ut slik eg eigentleg ser ut. Hårfarging krev planlegging. Kvar sjette veke måtte eg ha frisørtime. No har eg fleire ledige dagar i året. Dessutan sparar eg omtrent til ein liten ferietur kvart år.

Det andre eg kom på var den gjengen med ord som skapar både frustrasjon og smerte i store delar av eit kvinneliv: menstruasjonssyklus, graviditetstest, bind, tampong, menssmerter, overgangsalder, sveittetokter. Hurra! Eg er fri! Dessutan er det berre kvinner som kan glede seg over å sleppe alt dette. 


Det tredje eg vil nemne er ein annan ordgjeng som høyrer fortida til: karrierestige, jobbsøknad, jobbintervju, arbeidsgjevar, sjukemelding. No er det ingen som kjem på å spørje «Kva driv du med?» For ei som stort sett har sett frisk ut og vore velartikulert og har lukta godt, men som likevel ikkje har hatt ein jobb å fortelje om på svært lenge, er det ein stor lettnad å sleppe å svare på det spørsmålet.


Eg kom på eit til: nabovarsel. Dersom me skal ha fest, og det skal me jo, blir det neppe så seint og så mykje leven at eg treng å varsle på førehand. Eg er sikker på at me får det moro lell.

Ei lita kjensle

I albumet
Du smiler
frå limt inn
på albumsidene
Dei mørke mørkeblå
og hendene i vêret
«Opp, farmor!»

Og så
kjaken din
lenge 
inntil min

Kjenner alt dette
klistra inn bak
augo mine
teipa inn i
luktesansen min
festa med borrelås til
minnet mitt

***

Eg ynskjer for alle som les at denne dagen blir ein stas-laurdag, – uansett kva dagen skal nyttast til.

Eg skal møte både min son og hans son i dag, og eg gler meg.

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s