MYKJE KULTUR, GAMMAL HAGE OG GODT VAL

Kjære folk

Folk spør om me trivst på Ål. Sjølvsagt gjer me det, for det er lett å finne seg til rette med så mykje interessant å fylle tida med og så mange gode folk rundt seg. Det er kjempefint å møte blide fjes og å kunne stoppe for å ta ein godprat med ein kjenning eller tre når me er ute og går, – og tusleturar i vakker natur blir det mange av. Her er nokre glimt frå sist onsdag:

Fortsett å lese «MYKJE KULTUR, GAMMAL HAGE OG GODT VAL»

ØKONOMIEN VÅR, VINTAGE OG HER

Kjære folk!

Eg er nok ikkje eit halvvegsmenneske. Når eg fyrst er i gang, så set eg fart og køyrer på. Det er like greit å få det gjort.
Det fine med det, er at eg stort sett er ute i god tid med det meste. Det trivst eg med. Ei av baksidene er at eg har litt vanskeleg for å sitje i ro dersom det er noko som skulle ha vore gjort. No om dagen er det pakking som står på programmet, men eg skal roe litt ned i påskeveka. 


I dag handlar det korkje om påske eller pakking, men om økonomi og gamle ting.

Fortsett å lese «ØKONOMIEN VÅR, VINTAGE OG HER»

SYLVI FRÅ SUNNMØRE, REISE OG DET LUKTA FARMOR

Kjære folk!

Det er mars og det er vår. Det betyr at det no er byrjinga på ein ny sesong. Vårsesongen. Det skulle ha vore slik at me, etter eit heilt år med pandemi, var optimistiske, dansa våryre rundt på kjøkkengolvet og gledde oss til å ta fatt. Dessverre ligg det ei sky av aukande smittetal som ein skugge framfor den glade vårsola. Det er lov å vere litt lei, ikkje sant, – men likevel held me ut og gjer slik dei ber oss om. Sjølvsagt gjer me det.

Morgensol ein tidleg vårmorgon

Bloggen min i dag bêr preg av litt politisk frustrasjon og litt lengt etter det som var normalen.

Fortsett å lese «SYLVI FRÅ SUNNMØRE, REISE OG DET LUKTA FARMOR»

GRATIS FRITID, BEKYMRING OG HÅP OG KULTURLENGT

Kjære folk!

Dagane går fort, tenkjer eg. I dag er det allereie den 51. dagen i året. Eg treng noko å feire. Om ni dagar er det mars. Mars er ein vårmånad. Eg vil feire at det snart er vår, sjølv om det har det snødd i natt her eg er.

Men fyrst er det laurdagsblogg, og i dag handlar den om noko som eg ikkje er samd i, noko eg bekymrar meg for og noko eg lengtar etter. 

Fortsett å lese «GRATIS FRITID, BEKYMRING OG HÅP OG KULTURLENGT»

DEMOKRATI OG STORTINGSVAL, KJØKKEN OG GAMLE SKO

Kjære folk!

Eg er heldig. Eg vaknar om morgonen og veit at det ikkje er ein einaste ting som eg . Eg står opp berre fordi eg har lyst til det. Når eg har skrive ferdig, kan eg gå ned på kjøkkenet der det ventar kaffi, egg, müsli-brød og ein liten haug med aviser. Er det mogeleg å vere heldigare ein heilt vanleg koronalaurdagmorgon?

Fortsett å lese «DEMOKRATI OG STORTINGSVAL, KJØKKEN OG GAMLE SKO»

EI FORTELJING OM EI PRESIDENTINNSETJING, SERVICE OG ALEINE

Kjære folk!

Når eg meiner noko positivt om folk, vil eg gjerne formidle det vidare. Sann skryt skal ein ikkje halde for seg sjølv. Sist laurdag fekk eigedomsmeklaren sitt. I dag er det ein annan sin tur.
Men fyrst ei lita forteljing om ei presidentinnsetjing.

Det viser seg stadig at det er lys i tunellen.
Fortsett å lese «EI FORTELJING OM EI PRESIDENTINNSETJING, SERVICE OG ALEINE»

EIN DAG FOR HISTORIEBØKENE, NORMALT OG DETTE VESLE LIVET

Kjære folk!

Den siste tida har det dryssa litt vinterstemning ned over Holmestrand. Det er eg glad for.

Verda er slik no at det er mykje å skrive om, og det gjer at eg har mykje på hjartet.

Fortsett å lese «EIN DAG FOR HISTORIEBØKENE, NORMALT OG DETTE VESLE LIVET»

SISTEGONGSOPPLEVING, SOLIDARITET OG DENNE TIDA

Kjære folk!

Eg har fortalt om det før. Då eg var lita, sa bestemor mi til meg: «Du må ta vare på fyrstegongsopplevingane, vetlo mi, for det blir færre og færre av dei etter som tida går.» Eg forstod nok ikkje heilt meininga med det då, men eg har tenkt mykje på det sidan. Eg har samla på fyrstegongsopplevingar og funne ut at dei er ganske mange, dersom eg tek meg tid og er merksam når dei kjem. No er eg for eksempel eigar av ein bekk. Det har eg aldri vore før. Den gleda skal eg kjenne skikkeleg på når våren kjem.

Rett bak her klukker bekken.
Fortsett å lese «SISTEGONGSOPPLEVING, SOLIDARITET OG DENNE TIDA»

Å KVISTE LØYPE OG POLITIKK ELLER REALKOMPETANSE

Kjære folk!

Eg har lurt på kva som er spesielt med dei folka som gjer meg så godt. Har dei noko til felles? Eg trur eg har funne ut kva det er. Dei smiler med augo og dei er snille. Kanskje meininga med det heile er å vere snill og glad?

Fortsett å lese «Å KVISTE LØYPE OG POLITIKK ELLER REALKOMPETANSE»