ØKONOMIEN VÅR, VINTAGE OG HER

Kjære folk!

Eg er nok ikkje eit halvvegsmenneske. Når eg fyrst er i gang, så set eg fart og køyrer på. Det er like greit å få det gjort.
Det fine med det, er at eg stort sett er ute i god tid med det meste. Det trivst eg med. Ei av baksidene er at eg har litt vanskeleg for å sitje i ro dersom det er noko som skulle ha vore gjort. No om dagen er det pakking som står på programmet, men eg skal roe litt ned i påskeveka. 


I dag handlar det korkje om påske eller pakking, men om økonomi og gamle ting.

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Mine besteforeldre var enkle småkårsfolk utan mykje skulegong. Dei var milde, glade og utan store krav. Foreldra mine hadde litt meir utdanning; realskule, jernbaneskule og syskule. Far hadde fast jobb med ordna arbeidsforhold og statspensjon. 

Eg vaks opp i ei tid då fagorganisering syrgde for gode lønningar til arbeidarklassa, og det me kan kalle ein utdanningsrevolusjon førte til ei stadig veksande middelklasse. Eg var den fyrste i vår familie som kunne ta høgare utdanning. Stadig fleire av oss kunne vekse opp med like føresetnader og mogelegheiter. Forskjellen mellom oss hadde minka. 

Her er nokre av alle dei som gjekk ut frå Hallingdal Gymnas i 1972.

Men sjå på oss no; utviklinga har snudd, forskjellane aukar, gapet mellom rike og fattige blir breiare og breiare. I åra mellom 2013 og 2017 gjekk den tredelen av oss som tener minst ned i reallønn. I Aftenposten kunne eg for eitt par veker sidan lese at «de rikeste tok et nytt jafs av samlet formue i 2019.» Ulikheita i Noreg er langt større enn det mange trur. Kvifor er det slik og kvifor tillét me at det fortset å vere slik?

Koronakrisa har ført til at mange har blitt påført økonomiske utfordringar som det vil ta lang tid å rette opp. Kan velferdsstaten vår klare å handtere støtteordningar til alle dei som treng hjelp framover?

Det er tid for lønnsoppgjer. NHO krev at lønningane må stige mindre enn prisane i 2021. Det kan gje reallønsnedgang for arbeidstakarane. Forskjellane vil ikkje minske av slikt. LO på si side vil arbeide for å sikre kjøpekrafta og skape tryggleik for den inntekta folk treng no. Det kjem til å bli tøffe forhandlingar.

I fylgje Statistisk Sentralbyrå eig dei ti prosent rikaste halvparten av all nettoformue. I 2020 gjekk Høgre inn for å fjerne all formueskatt. No skal dette opp som sak på Høgre sitt årsmøte. Eg kan ikkje forstå anna enn at mindre formueskatt vil vere med på å auke forskjellane i samfunnet vårt.


No under pandemien har eg høyrt folk seie at «me er alle i same båt». Sjølvsagt er det berre tullprat! Det er mange blant oss som strevar med å halde seg flytande i ein morken robåt, ein del sit aleine i kanoen sin, andre er så heldige at dei har motorbåt medan dei heldigaste kosar seg i ein daycrusar til mange millionar.

Skal me fortsetje å ha det slik?
Ynskjer me verkeleg det?

Eit ord å snu og vende på
Eg har lese om folk som er ute og leitar etter spanande vintage-funn. Kva er det dei leitar etter? Er dei hekta på retro-stilen eller vil dei fylle huset med antikvitetar? Eg måtte freiste å finne ut av dette.

Vintage er eit engelsk uttrykk som enkelt og greitt tyder «av fin, gammel årgang». På produktabc.no fann eg gode svar på alle spørsmåla mine:
Dersom eit produkt skal vere «vintage», må det vere meir enn 20 år gammalt. Eit produkt som er over 100 år, kan me kalle ein antikvitet. Originale produkt som er frå perioden mellom 20 og 100 år sidan, er altså vintage.
Desse to tapeta blir reklamert for som «vintage»:

Kva er så retro? Retro er meir ein stil som kan ha element frå ulike periodar. Slikt treng ikkje eingong vere gammalt.

Eg er nøgd med dei svara eg fann, og eg er glad for at fleire og fleire set pris på å ta vare på og bruke både gamle ting og gamle klede. Det at retro og vintage er moderne, er bra for miljøet. Dessutan er det fint at folk kan få tak i kvardagsprodukt og klesplagg utan å måtte blakke seg heilt. 

Ola og Kari Nordmann blir stadig meir merksame på miljø og berekraft. Dette gjer dei mange bruktbutikkane attraktive for både seljar og kjøpar.

Finn.no og diverse kjøp og salg-/bytte og låne-grupper på Facebook er alle gode miljøtiltak. For dei fleste er det ikkje snakk om korkje vintage, retro eller antikk, men om å kunne skaffe seg noko for ein billig penge eller å la andre overta noko ein sjølv ikkje har bruk for. 

Ei lita kjensle

Her
Han er ikkje til stades
her,
berre er


Ho veit ikkje kva 
som er på radio, 
om maten smakar,
kva eg sa
«Kva sa du?» 

og bryr seg ikkje om
at eg ikkje svarar

«Takk for maten»
Ein augneblink er dei
her
smiler
Så går dei attende
dit dei var
langt borte

i det djupt menneskeleg

«Me sjåast i morgon»
– det er då noko

Me må vere snille med kvarandre
i morgon og 

***

Det er sagt at når kjenslene fyller oss, mistar me fornuften for ei stund.
Eg er takksam for kjenslene. Det er jo dei som gjer at eg kjenner meg levande. 


God laurdag!

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: