Kjære folk!
Har du pynta til påske? Eg har pynta bitte lite grann. Dersom eg konsentrerer meg om å berre feste blikket på desse små, ser eg ikkje alle pappeskene. Midt på det provisoriske salongbordet vårt er det heilt normal påske.

Eit sitat eg vil dele
Me hadde vel eigentleg trudd at det snart skulle vere over. I staden får me høyre at me no har å gjere med eit virus som smittar meir og er farlegare. Me har lov til å vere skuffa over at pandemien ikkje er over. Ja, me har lov til å vere både drittleie og irriterte, men det er lita hjelp i å vere sur. Det kan bli ei glad påske likevel sjølv om
– «alle reiser som ikke er nødvendige, bør utsettes»
– «du bør begrense den sosiale kontakten mest mulig»
– «hold to meter avstand»
Me kan for eksempel glede oss over alt det fine som byrjar på påske, som for eksempel påskemarsipan, påskefrukost og påskekrim. Dessutan held naturen ope 24 – 7 heile påsken. Uansett kvar me er i Noreg, så er me så heldige at me har tilgang til flott natur. Forsking viser at me har det betre når me kjem oss ut. Så lite som ti minutt ute i naturen om dagen vil gjere oss gladare og med mindre stress i kroppen.
Det er ikke lengda på turen som avgjer om den blir fin eller ikkje

Me har lov til å reise til Ål og nyte påskedagane i den langstrakte fjellbygda dersom me held oss for oss sjølv, men me blir heime. Det er mindre komplisert på alle måtar nett no, og det er fine stader å gå tur her i Vestfold og. Dessutan; om ein månads tid blir det enklare for oss å kome oss på fjellet enn til kysten. Sjølvsagt gler me oss til alle fjellturane me skal ha i framtida, men denne påsken vil me gå langs kysten. Me må nyte kystnaturen no medan me har den i nærleiken.
Så i år gjer eg Kjerstin Aune sine ord til mine:
«Bølgene danser på sjøen,
i parken har duene fest.
Hvem har sagt at snøen
og påske på fjellet er best?»

Påsken gjer at me har ei fin anledning til å bryte med kvardagsrutinane og kome oss ut.
Eg ynskjer at alle, både på fjellet og i låglandet, i byen og på bygda får seg nokre fine turar, korte eller lange, på ski eller på beina
Dessutan håpar eg at alle tek seg på tak no og gjer ein skikkeleg innsats for å halde korona-vettreglane. Me er dritleie heile koronaskiten. Me har gjort så godt me kan og vore flinke i over eit år, men me må tru på ekspertane når dei seier at me må halde oss unna kvarandre ei stund til.
Dette har eg tenkt på denne veka
Det er mykje å tenkje på når ein skal ta med seg alt det ein eig og skape seg ein heim ein heilt annan stad. Eg er vel ikkje aleine om av og til å tenkje at eg har altfor mange ting og undre meg over om eg verkeleg har bruk for alt dette.
Det me bestemmer oss for å ta med oss til den nye bustaden vår, må me syrgje for at me har plass til. Eg trur eg kan seie det såpass sterkt at eg hatar rot. Det er i alle fall slik at eg trivest dårleg dersom eg ikkje veit kvar eg har eigedelane mine. Alt skal ha sin eigen plass. Då slepp me å bruke mykje tid på å leite og irritere oss over at ting «blir borte».
Dette er grunnen til at me no vel å investere i plassbygde skåp og reolar, lagring under trappa og hyller i alle bodar, skuffar under sengene og lagringsplass i fotskamlane. Me har vurdert dei oppbevaringsløysingane me har i huset i Holmestrand og funne ut kva me treng i framtida. Eg vil ikkje oppleve at tinga våre blir ståande i vegen for oss.

For meg er det slik at orden i heimen gjer at livet mitt er betre. Det betyr slett ikkje at det aldri er rot rundt meg. Når eg for eksempel skriv, teiknar eller syr, kan det sjå ut som det reine kaos rundt meg, men når eg er ferdig med det eg held på med, kjennest det ikkje bra dersom tinga blir liggande rundt om utan meining. Alt skal attende der det høyrer heime.

For meg fungerer rot omtrent som ei liste med uferdige oppgåver eg ikkje har løyst innan tidsfristen. Slikt kaos ropar høgt med irriterande røyst og bryt av gode tankerekker. Når alt har sin plass, får tankane ro.
Kva no, bloggen min?
Flytteprosessen vår gjer at me handterer alt det me eig. Kvar einaste liten ting blir tatt i og vurdert. Eg ser at eg har kjolar som er lagt til sides fordi dei treng re-design, godt teiknepapir og vakre fargar å fylle det med, uferdige skriveprosjekt som ligg på vent i ein skuff og fleire hyllemeter med uleste bøker som eg lengtar etter å sette augo i. Men fyrst og fremst skal eg ta farvel med ein heim og finne meg til rette i ein ny.

Ein blogg kvar einaste laurdag og sundag passar ikkje inn i livet mitt akkurat no, – og eg trur den rutinen frå og med i dag høyrer fortida til. Fyrst tek eg påskefri frå bloggen min, deretter tek eg flyttepermisjon. Det kan godt hende at det etter kvart blir ein blogg i månaden i staden for kvar helg.
Eg ynskjer at alle som les dette får ei god påske og ein fin og solrik vår.

Eg håpar eg møter att lesarane mine her om ikkje så altfor lenge. Då har eg kanskje ein del å fortelje.
Helsing frå Karen-Margrethe
😊 Koselig lesing
LikerLiker
Tusen takk, Marry!😊
LikerLiker
Ønsker deg masse lykke til med flytting – koste meg med « alt på sin plass, nikket litt gjenkjennende😉
Gode påskedager til deg og familie – og så leser jeg deg med glede når du synes det er på tide å skrive igjen💚🌿🧡
LikerLiker
Tusen takk, Torill, og massevis av ønsker om gode påskedager.
LikerLiker