BERRE EIN AUGNEBLINK?

Kjære folk

Eg leita etter eit vakkert ord.
Tidleg ein sundagsmorgon i januar fann eg det.
Eg låg på ryggen inntulla i min eigen dynevarme og høyrde Stein Torleif Bjella synge «om ei ørliten stund» på radio. 
Om ein augneblink, tenkte eg, før norsklærarhjernen slo til med substantivbøying; ein augneblink, augneblinken, augneblinkar, augneblinkane.

For eit vakkert ord! Og eg veit jo at det er augneblinkane me hugsar. Alle desse ørsmå stundene som kjem og forsvinn. Ja, blir heilt borte dersom me ikkje legg merke til dei og tek vare på dei.

Onsdag 11. januar nådde solstrålane heimen vår for fyrste gong denne vinteren.

Fortsett å lese «BERRE EIN AUGNEBLINK?»

HYSJ, – no kjem jula snart

Kjære folk!

Det er adventstid. Det nærmar seg jul. I mange butikkar spelar dei julemusikk medan plastnissen helsar kundane velkomen med sit «ho, ho». Eg hadde nok aller helst ynskt meg at førjula ikkje var fullt så høgrøysta.


Har du forresten tenkt over korleis det pip, plaprar, spelar og av og til dundrar rundt oss? Innimellom er det ei overveldande mengde med lydar som treff øyro. Og det er ikkje berre lydar som krev merksemd frå hjernen vår. Teknologien har gjort det slik at omgivnaden vår blinkar, roterer og lyser i takt og utakt med alle lydane. 

Fortsett å lese «HYSJ, – no kjem jula snart»

MINNEKNAGGAR OG ANDRE DØROPNARAR 

Kjære folk

Det var ein strålande marsdag. Eg gjekk tur gjennom Gamlevegen. Himmelen var ljosblå, sola vermde i kjakane og ein liten vind ruska meg i håret. Medan eg gjekk der, kom minna susande og på null komma niks var eg ti år og påskeferien hadde nettopp starta.

Her i Gamlevegen hadde eg min trygge leikeplass.
Fortsett å lese «MINNEKNAGGAR OG ANDRE DØROPNARAR «

NETTROLL, ORD EG IKKJE HAR BRUK FOR OG I ALBUMET

Kjære folk!

I dag er det Samefolkets dag.
Denne nasjonaldagen vart vedteken på Samekonferansen i 1992, og er felles for alle samar i Noreg, Finland, Sverige og Russland.

Lihkku beivviin!

Fortsett å lese «NETTROLL, ORD EG IKKJE HAR BRUK FOR OG I ALBUMET»

HUSKJØP, MUSIKKSMAK OG EIN LITEN LENGT

Kjære folk!

Det er fint å kunne vakne om morgonen og tru fullt og fast på at denne dagen kjem til å bli god. Alle dagar er ikkje slik, men i dag trur eg på dei små gledene og at summen av dei, er det som er det viktige.

Det var fint måneljos då me køyrde heim fra Ål i går kveld.

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Det nyhendet eg skriv om i dag, har det ikkje stått om i avisa, men det kjem nok i Hallingdølen etter kvart under «eigedom». 

Fortsett å lese «HUSKJØP, MUSIKKSMAK OG EIN LITEN LENGT»

Å BLI GLAD ATT, Å BLI GLAD I OG Å GÅ TUR

Kjære folk!

God sundag!
23. august er den siste av hundedagane. For ikkje så altfor lenge sidan meinte folk at dersom det kom regn denne dagen, ville det kome til å regne i fire veker.
Her hos meg ser det slik ut i dag, og yr.no seier dette om véret her:

Det ser altså slett ikke så aller verst ut for dei komande vekene, – i alle fall vérmessig.

Fortsett å lese «Å BLI GLAD ATT, Å BLI GLAD I OG Å GÅ TUR»

PÅ ARMLENGDES AVSTAND, VÅR I HAGEN OG Å VERE TILGJENGELEG

Kjære folk!

Det er vår, – eg har sett sumarfuglar!
Det seiest at det finnes meir enn 170 000 artar sumarfuglar i verda vår. Heile 2 200 av dei har vorte funne i Noreg.
Det raraste eg har høyrt om sumarfuglar, er at dei har smaksorgana sine på undersida av føtene.

IMG_4876
Sitronsumarfuglen har overvintra her og viser seg tidleg om våren. 

Fortsett å lese «PÅ ARMLENGDES AVSTAND, VÅR I HAGEN OG Å VERE TILGJENGELEG»

HAUSTEN – MI FAVORITTÅRSTID

Kjære folk!

God tysdagsmorgon.
God septembermorgon.
God haustmorgon.

IMG_3759
Haust i hagen – og inne på kjøkkenbordet

Det er visst så mange som 400 000 nordmenn som kjenner på haustdepresjon. Det er vanlegare å kjenne på melankoli om hausten og i mørkeperioden enn elles i året. Når dagane blir kortare og det er langt fram til dei lange, lyse sumarkveldane, då er det naturleg å kjenne seg litt nedfor og pjusk, seies det. Slik har ikkje eg det. Det som er naturleg for mange er altså ikkje naturlig for meg, og eg er veldig glad for det. Når sumaren er over og det er tid for å vende attende til kvardagslege rutinar, då blir eg ikkjenedstemt. Eg rett og slett trivst når dagane gradvis blir mørkare og lufta kaldare.

Kva er det med denne hausten som gjer meg så glad og kva gjer at nettopp denne årstida fyller meg med slike positive forventningar?

Fortsett å lese «HAUSTEN – MI FAVORITTÅRSTID»

SANSE MED HEILE MEG

Kjære folk!

Dette er det tolvte innlegget eg skriv om sansar og å sanse. Eg har lært myke, tenkt mykje og kjent etter kva dette temaet har å seie for meg i mitt eige liv. Eg trur eg kan seie det slik at resultatet av desse dagane, er at eg har bestemt meg for å vere meir medviten når eg ser, høyrer, luktar, smakar og kjenner på noko. Eg vil prøve å ta imot det som kjem med opne sansar og bruke både tankar og kjensler til å gjere meir av det som er bra.

IMG_2225
Fin kopp – og kaffi luktar godt!

Fortsett å lese «SANSE MED HEILE MEG»