Kjære folk!
God tysdagsmorgon.
God septembermorgon.
God haustmorgon.

Det er visst så mange som 400 000 nordmenn som kjenner på haustdepresjon. Det er vanlegare å kjenne på melankoli om hausten og i mørkeperioden enn elles i året. Når dagane blir kortare og det er langt fram til dei lange, lyse sumarkveldane, då er det naturleg å kjenne seg litt nedfor og pjusk, seies det. Slik har ikkje eg det. Det som er naturleg for mange er altså ikkje naturlig for meg, og eg er veldig glad for det. Når sumaren er over og det er tid for å vende attende til kvardagslege rutinar, då blir eg ikkjenedstemt. Eg rett og slett trivst når dagane gradvis blir mørkare og lufta kaldare.
Kva er det med denne hausten som gjer meg så glad og kva gjer at nettopp denne årstida fyller meg med slike positive forventningar?
Når eg ser på dei haustorda eg kjem på i farten, ser eg raskt at dei fleste av dei er positivt lada:
Haustfjellet
Fargane, den klare lufta, den høge himmelen og det fyrste melisdrysset på toppane. I det landskapet kan eg sjå langt utover og puste heilt inn. Då kan eg gå og gå utan nokon anna målsetting enn å vere meg, – å vere til.

Bokhaust
Hausten er ei fin tid for folk som er glad i bøker. Ordet skapar forventningar om nye leseopplevingar og god tid til å lese.

Haustutstellinga
Dette er Noregs viktigaste scene for samtidskunst og vart opna fyrste gongen i 1882. Det vart ein god vane å gå dit kvar haust då eg gjekk på lærarskulen i nabolaget til Kunstnernes hus i Wergelandsveien i Oslo.
Eg kan vidare ramse opp godord som haustfargarog haustblomar, haustferieog haustturar.
Dette vil eg skrive om og meire til.
Eg vil skrive om hausten.
Eg vil skrive meg glad!
Kven er ho som står der
no
fyrst i køen
og trippar,
gler seg til å bli
hovudpersonen
og ta over styringa?
Er det ikkje hausten,
med branngult broderi
nedetter skjørtet,
mosegrøne støvlar
og frostroser i flettene?
Hjarteleg velkomen, kjære
Eg dansar gjerne
etter di pipe
no
i nokre månader
Helsing frå K-M