HAUSTFEST INNE

I dag freistar eg å beskrive den lukkekjensla eg kan ha når det er skikkeleg ruskever.

Høyrer du vinden?
Ser du greinene?
Fram og attende
Høyrer du kvistane
piske mot ruta?
Det er der
ute

Eg sit her
inne
Eg har mjuke tøflar
med fór av saueskinn
Eg har varm te i koppen
med lukt av eple og kanel
Eg har fleire pledd i fleire fargar
vevd av tynne ulltrådar

IMG_3775
Når det ruskar ute

Høyrer du regnet?
Ser du dråpane
som renn i bekkar nedetter vindauget?
Høyrer du vatnet
fosse frå takrenna?
Det er der
ute

IMG_3425
Høyrer du regnet?

Eg sit her
inne.
Det er fyr på peisen,
det knitrar og brenn
Eg har bok,
ein spanande murestein
støypt saman av einsemd og kjærleik
Eg har tende stearinljos
Dei lagar dansande skuggar
på veggane

IMG_3771

Det blæs,
ular og kvin
Det regnar,
sprutar og dryp
der ute

Eg sit inne
trygt i ein heimestrikka genser
Sit her
Sit inne
Smilande lukke
mot veret der ute.

Ser du tåka?
Ho er ute.

Helsing frå K-M

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Én tanke om “HAUSTFEST INNE”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: