Kjære folk!
Når nettene vert lengre, er det eit signal til lauvtrea våre om at no er det snart på tide å gjere seg klare for vinter og kulde. Blada går raskt frå å vekse til neste fase som er alder og død. Men dei tek ikkje farvel før alle dei verdfulle næringsstoffa er transporterte ut av blada og fram til stamma og røtene der dei vert lagra heilt til ein ny vår då det på nytt er bruk for dei som næring til ny vekst.

Men kvar kjem den knallgule fargen frå, – den som no dukkar opp i osp- og bjørkelauv? Den har faktisk vore der heile tida. Det er nemleg slik at den kjem til syne fyrst når det grøne klorofyllet vert brote ned.

Eg er glad i dei skinande og knallgrøne fargane i mai og juni. Dei gnistrande kvite vinterdagane vil eg og gjerne ha med meg. Men ingenting er som hausten når naturen står i brann. Det skin, mest i gult, men og i oransje og raudt, og eg kan ikkje sjå meg mett.

Det beste veret for å få fram haustfargane er visst kalde og tørre netter som kjem etter dagar fylte av sol. Jo kaldare det er – utan at blada frys – og jo meir sol dei får, jo vakrare blir fargene på trea.

Me må hugse å nyte fargane medan dei heng høgt der oppe, for snart dett dei ned og legg seg som eit fargerikt teppe over oss. Lauva er vakre då og der dei ligg utover og ventar på å bli raka saman til haugar som born i alle aldrar kan base i.

No framover skal det berre bli betre og betre, vakrare og vakrare og eg har mykje å sjå fram til. I dag skal eg ein tur til fjells. Kanskje eg fortel litt i morgon om kven eg møtte der.
Helsing frå K-M