HUSKJØP, MUSIKKSMAK OG EIN LITEN LENGT

Kjære folk!

Det er fint å kunne vakne om morgonen og tru fullt og fast på at denne dagen kjem til å bli god. Alle dagar er ikkje slik, men i dag trur eg på dei små gledene og at summen av dei, er det som er det viktige.

Det var fint måneljos då me køyrde heim fra Ål i går kveld.

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Det nyhendet eg skriv om i dag, har det ikkje stått om i avisa, men det kjem nok i Hallingdølen etter kvart under «eigedom». 

Fortsett å lese «HUSKJØP, MUSIKKSMAK OG EIN LITEN LENGT»

RASISME OG POLITIVALD, Å VERE GOD OG LITT OM LENGT

Kjære folk!

Eg håpar at du som les, har ein god laurdagsmorgon!
I dag har eg lyst til å starte med å vise fram to bilete frå hagen min slik den er no tidleg i juni. Dette gjer eg berre fordi slikt er til å bli glad av.

IMG_5532
Blåregn over inngangen til terrassen.

IMG_5535
Kanskje det er nokon som hugsar kor brunt og daudt det var her for nokre veker sidan , … og snart kjem det blomar på alt dette grøne. Eg gler meg.

Når eg no skriv om det nyhendet som har dominert i det siste, er det alt anna enn til å bli glad av.

Fortsett å lese «RASISME OG POLITIVALD, Å VERE GOD OG LITT OM LENGT»