Kjære folk
Etter at eg kom til Ål, får eg stadig høyre dette:
– «Du liknar veldig på mor di.»
– «Du har same farten som far din, du.»
Dette har fått meg til å tenkje over alt det eg har fått med meg vidare i livet frå desse to.
Eg kan også kjenne meg litt stolt når eg presenterer meg og eg får høyre den andre seie «Erlandsrud, ja, dei hugsar eg godt.»


I morgon, den fyrste sundagen i november, fortel den norske kyrkjekalendaren at det er allehelgensdag. På denne dagen er det mange som tenner ljos på gravene til avdøde slektningar. Å heidre og minnast dei døde med ljos på gravene, er ein gammal katolsk skikk. Denne skikken har overlevd i Noreg trass i at kyrkjegardsmyndigheiter over heile landet har prøvd å stanse den.
Eg er takksam for alt det eg fekk med meg. Samstundes kjenner eg framleis på ein lengt etter dei to som alltid møtte meg med opne armar og hjartet fylt av kjærleik.

Då eg skulle opp til eksamen artium i 1972, hadde eg vore ute for ei bilulykke, hadde mykje vondt i hovudet og hadde ikkje lov til å lese. Eg kom opp i biologi, boka var tjukk og pensum verka uoverkomeleg. Far min løyste problemet ved å ta seg fri to dagar. Han og eg sat ved kjøkenbordet i andre høgda i stasjonsbygningen. Han las høgt og eg attfortalde det han hadde lese.
Det gjekk fint. Eg hugsar godt den lappen eg trekte. Der stod det «utskilling av urin» og «kjønnsbunden arv». Takka vere far min, kunne eg teikne og fortelje om vegen frå nyrer til urinrøyr og om kvite og brune høner.

Apropos arv:
Som vaksen har eg ofte gjort meg tankar om kven eg liknar mest, mor mi eller far min.
Det seiest at gutar arvar meir frå mor, medan jenter arvar like mange gen frå mor som frå far, og etter å ha googla fram og attende og lese oppsummeringar frå forsking på både folk og mus, finn eg ut at born arvar intelligensen sin frå mor. Fedrene spelar sjølvsagt ei like stor rolle i og med at intuisjon og kjensler kjem frå den kanten, – saman med kraft og styrke.
Og eg som trudde det var omvendt.

Men når det gjeld for eksempel intellekt og kjensler, så er det jo mange andre faktorar enn genetisk arvemasse involvert.
På nettstaden avisen.dk fann eg dette:
«Ligesom smagen af den færdige ret afhænger af andet end opskriften, er genene med andre ord ikke det eneste der afgør, hvordan vi mennesker bliver.»
Det har nok den danske nettstaden rett i. Eg kan jo mellom anna nemne kost, mosjon, hygiene, utdanning, oppdragelse og opplevingar, – og mykje av dette har eg jo også med meg heimanfrå.

Eg hugsar godt at far min, då eg var lita, batt dei små føtene mine varsamt fast til sine, tok hendene mine og dansa rundt med musesteg. Eg fann rytmen og det var ein fryd. Han fortsette å danse med meg heilt til eg var stor nok og han syntes eg var flink nok. «No kan du gå på dans», sa han, «den som elskar å danse drikk seg ikkje full.» Han hadde rett. Framleis er det like morosamt å danse.

Far min var ein aktiv kar. Han tok meg med ut i naturen og lærte meg å bli glad i fjellet. Sjølvsagt vart eg lei av og til, eg var sliten og ville snu, – ville heim. Då trylla han alltid fram ein pose med «bensin» frå sekken, og eg fekk kjenne gleda over å kunne overvinne meg sjølv. Smaken av blandinga nøtter, rosiner og sjokolade vil alltid vere smaken av meistring og sjølvdisiplin.

Eg kan takke mor mi for at eg kan handtere både strikkepinnar og symaskin. Det er også ho som skal ha æra for at eg kan leike meg på kjøkkenet utan kokebok, likar klassisk musikk og kan synge dei aller fleste songane i den norske songboka. Det er også hennar stemme eg høyrer når eg sit aleine og deklamerer dikt høgt for meg sjølv.

Då mor og far oppfordra meg til å ta fatt på vanskelege oppgåver og å prøve å klare ting utan hjelp, sendte dei samstundes melding til meg om at dei trudde på evnene mine og at eg kom til å klare meg her i verda. Sjølv når bakkane har vore bratte og motvinden sterk, har eg ikkje tvilt på dette siste. Det er eg svært takksam for.
Gjennom den yrkesaktive delen av livet mitt har eg vore i fleire situasjonar der eg nok har stukke nasen min lengre fram enn det ein og annan har sett pris på. Det har sjølvsagt ført med seg at eg har fått kritikk. Det har også hendt at kritikken har blitt framført på ein slik måte at det har gjort vondt:
– «Kven trur du, vesla, eigentleg at du er?»
– «Ut frå mitt syn er du både historielaus og einøygd.»
Det er rart med det, – uansett kor mange positive attendemeldingar ein blir til del, er det alltid dei negative som bit seg fast. Eg er heldig som har fått med meg godord frå foreldra mine: «Du må aldri gløyme at du er både bra nok og fin nok.» Det er kanskje difor eg tåler å ikkje bli like godt likt av alle.


Far min var glad i jobben sin, i NSB og i Ål stasjon. Då omorganisering og sentralisering gjorde at han vart områdesjef, syntes han ikkje at det var så moro meir. Avstanden til dei tilsette og til kundane vart for stor, og han valde å pensjonere seg. Eg forstod at han no ikkje kunne leve opp til det han så mange gonger hadde sagt at eg skulle gjere: «Uansett kva du vel å drive med, så må du ha hjartet ditt med deg i alt det du gjer.»

Det far min sa, likna veldig på det rådet mor mi gav meg kvar gong eg stod framfor eit viktig val: «Det er ikkje så farleg kva du blir, berre du blir glad og er snill.»

I morgon skal eg tenne lys på grava deira og takke for alt det eg fekk med meg heimanfrå. Kan hende dei veit at eg er på Ål, stort sett er glad og at eg framleis prøver å ha med meg hjartet mitt i alt eg gjer.
Helsing frå
Karen-Margrethe
Takk for gode ord. Mi mor er 97 år, er framleis frisk om noke dårleg til beins. Vi er 5 søsken og vi, saman med våre barn og barnebarn er framleis dei viktigaste i hennar liv. Far vår gjekk bort i 1995. Eg kjenner meg veldig godt igjen i det du skriv, det ga gode minner – takk!
LikerLiker
Hei, du!
Me er heldige som har med oss slike gode minne fra oppveksten. Eg tenkjer nok for sjeldan over kor heldig eg er. Det er lett å ta det som er bra som noko sjølvsagt, men det er det neimen ikkje.
Eg ynskjer deg ein god sundag. Tenn eit los og kjenn på takksemda.
LikerLiker