TANKAR OM KVA SOM KJEM FYRST, SIST, FØR OG ETTER, men om alt anna enn egg og høner.

Kjære folk

Midt imellom interessante debattar rundt regjeringsplattforma, presentasjon av den nye regjeringa, vitjing frå nære og kjære, feiring av ein nyslått 18-åring og ei litt innvikla strikkeoppskrift, har eg sett meg ned for å skrive, – men ikkje om noko av det eg har nemnt så langt.

Dette biletet har Vilde Jagland tatt. Ho er journalist i Hallingdølen, og var heime hos oss for å lage ein reportasje om å rehabilitere gamle hus.


I det siste har ein del hendingar, kopla saman med sitat som eg på tilfeldig vis har støytt på, fått meg til å tenkje på det eldgamle og litt utslitne spørsmålet om kva som kom fyrst, høna eller egget. Sjølv om dette egg/høne-temaet nok ikkje er utdebattert, skal eg ta for meg noko langt anna enn høner og egg i blogginnlegget mitt i dag. 

Her er frukosthøna vår – på laurdagar er det egg på frukostbordet.

Her i dag skal eg blant anna drive med slikt eg kallar tanketull om kva som kjem fyrst; takksemd eller glede, godt liv eller god mat og alder eller visdom. 

Heimen vår er ikkje fylt av bokstavar og ord andre stader enn i bøker og aviser. Eg likar rett og slett ikkje å møte meir eller mindre godt utforma setningar når eg går opp trappa eller skrur på ljoset over senga. Sitat som er klistra opp på veggen forstyrrar og irriterer tanken min. Eg trudde eg ikkje hadde noko slikt nokon stad, heilt til eg vaska badet her ein dagen. Der, på eit godluktande stearinljos, fann eg dette «gullkornet», nesten uleseleg for litt gamle damer: «It`s not happy people, who are thankful. It`s thankful people who are happy.»


Er det slik? Kom takksemda fyrst og gleda etterpå? Er det verkeleg mogeleg å tvinge klagarane og surpompane blant oss til å vere takknemlege og på den måten bidra til å gjere dei gladare? 

Forsking viser at takksemd har mange positive konsekvensar og at takknemlege menneske ofte har meir energi, betre helse og betre relasjonar til både familie og vener. Det trur eg på, men det gjev ikkje svar på kva som kom fyrst, gleda eller takksemda.

På «forskning.no» finn eg dette: «I en ny studie fant forskere at ca 30 prosent av variasjon i livskvalitet, også kalt lykke, skyldes genetiske faktorer.» Når me også veit at me slett ikkje alltid er sjefen over den miljøpåverknaden me er utsette for, frå barndom og fram til i dag, så er det sjølvsagt ei utfordring for mange å fyrst og framst vere takksame. Det blir difor altfor lettvindt å be folk om å telje gledene sine, så vil alt bli bra.

I slutten av september hadde eg vitjing av fem studievenninner frå lærarskulen. Me møttes for 46 år sidan, og me held saman framleis. Uansett kva som kjem fyrst, gleda eller takksemda, – dei dagane me hadde saman på Ål var prega av begge delar. Kanskje det er slik at me alle seks har vore ganske heldige med både gener og miljøpåverknad?

Me var heldige og fekk omvisning i Kulturhuset. Her fekk me også høve til å posere litt i ein av dansesalane.
Takknemlige og glade damer ved vakre Strandafjorden.

TID Kafé og landhandel på Ål er ein kafé litt utanom det vanlege. Kaféen starta som eit språkpraksis- og arbeidstreningsprosjekt. No er kaféen ein stiftelse som samarbeider breidt med blant anna lokale aktørar, bønder, NAV, psykisk helse, Ål Kulturhus og flyktningetenesta. Denne staden vart raskt ein av mine favorittplassar på Sundre.

TID Kafé og landhandel

9. oktober var me, saman med gode vener, på konsert på Kafé Tid. Det var «Gryting – far og sønner» som stod på scena. Medan me venta på at konserten skulle byrje, kunne me få oss noko godt å ete. På menyen fann eg dette sitatet:
«Man kan ikke tenke godt, elske godt eller sove godt, hvis man ikke har spist godt.» 


Det er Virginia Woolf som er sitert. Ho var ein britisk forfattar og feministisk tenkjar, som slett ikkje fann svar på alle viktige spørsmål i livet sitt. Så hadde ho rett i dette? Sjølvsagt er det slik at svolt er av dei grunnleggjande behova som må dekkjast fyrst, men dersom me ser bort ifrå det? Eg snur på det og spør om det ikkje er slik at det er ein fordel å sove godt, tenkje godt og elske godt for å kunne nyte det å ete? Eg for min del kan lett miste matlysta dersom alt anna ikkje er på stell. Dersom eg slit med relasjonar, har vanskelege tankar og ikkje får sove, – vil det då hjelpe med eit godt måltid? 

Dette blir ein sær diskusjon. Sjølvsagt må me ha mat, og på TID Kafé serverar dei berre det beste, og konserten denne ettermiddagen var aldeles storarta.

Gryting – far og to søner

Gryting, far og to søner, fekk taket til å lyfte seg med ein konsert som hadde i seg alt frå soul til hip-hop. Eg gjekk derifrå dansande glad.

Eg har kome over fleire sitat i det siste som dreier seg om kva som kjem fyrst og sist:
«Det sies at visdommen kommer med alderen, men jeg har også sett eksempler på at alderen har kommet helt alene
Slutten på dette Johannes Møllehave-sitatet passar i alle fall ikkje på han eg no skal presentere for dykk. 
Fredag 1. oktober hadde me glede av å delta på eit arrangement i Ferieparken i samband med den internasjonale dagen for eldre. Den største gleda den dagen hadde me av selskapet med 96 år gamle Ottar Stølen, og hos den karen har alderen kome saman med mykje visdom.

Ottar Stølen, 96 år gammal staskar.

I samtalar viser Ottar oss ei imponerande blanding av erfaring, livsglede, pågangsmot og visdom. Det er inspirerande å oppleve at alderdommen faktisk kan bli på dette viset.

Det siste høna/egget-sitatet mitt i dag handlar også om visdom og kjem frå ein fransk middelalderfilosof, Pierre Abélard:
«Visdommens begynnelse er tvil. Tvilen stiller spørsmål. Når vi leter etter svaret, kommer vi nærmere sannheten

Tvilen kjem altså før visdomen. Det trur eg på. Ein framstår i alle fall ikkje som særleg vis dersom ein er brennsikker på alle ting. På den andre sida; jo meir eg prøver å finne ut om ting, dess betre forstår eg kor lite eg eigentleg veit. Men så er det jo stor skilnad på kunnskap og visdom. Kunnskap er vel eigentleg ikkje noko anna enn organisering av informasjon. I visdomen inngår også alt det ein person har tvilt seg fram til gjennom livet sitt.

Tru og tvil er av dei ting eg finn det aller mest interessant å samtale om, – men ikkje saman med dei som er så sikre i si sak at det ikkje er rom for korkje å vakle eller å undre seg. 

Kva kan illustrere tru, tvil og undring betre enn denne utruleg vakre hausten? 

Når ein kan vandre saman i slike omgivnader er det rom for samtalar om alt frå skaparverket, artsmangfald og klimaendringar til politiske prioriteringar.
Her er det godt å sitje og prate om og undre seg over det meste.

Så attende til kva som kom fyrst:
Høna eller egget?
Kjensla eller tanken?
Tanken eller handlinga?
Handlinga eller konsekvensanalysa?
Dette er det ikkje alltid godt å bli klok på, men uansett må me handtere fylgjene og ta ansvaret for dei vala me gjer her i livet.

Eg blir glad når både helsa og veret gjer det mogeleg å ta fatt i hagen. I dag skin sola og eg gler meg til å gjere det klart ute før frosten, og kanskje snøen, kjem.

Eg håpar me alle kan finne litt glede, mykje takksemd, god både matlyst og svevn, litt av både tru og tvil og ein liten porsjon visdom i dagane som kjem. 
Ikkje gløym å vere snille mot kvarandre.

Helsing frå
Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

2 kommentarer om “TANKAR OM KVA SOM KJEM FYRST, SIST, FØR OG ETTER, men om alt anna enn egg og høner.”

  1. Ofte har eg fundert over meininga med livet. For dyra dreier det seg stort ett om å føre arten vidare, om dei ikkje greier det er dei like lykkelege eller ulykkelege. Både dyra og vi har vår tilmålte tid, og vi kjempar for liv og status i flokken heilt til det siste – som om vi skulle leve evig. Eg har ofte lurt på kvifor det er så få av oss som greier å lausrive seg frå dette statusjaget.

    Gang etter gang opplever eg at jaget og trangen etter goder og status bleikner, eller forsvinn, umiddelbart når målet er nådd – då finn eg nye mål og jager vidare. Eg veit at det ikkje er bra, men snur eg………… Vi, alle veit, at det ikkje er «berekraftig», men vi jagar på.

    På eit område er dei fleste dyra og vi like, vi kjempar for barna våre. Når dyra blir vaksne greier foreldra å lausrive seg frå dette ansvaret, men vi menneske tek det med oss i grava. Vi er opptekne av status og lukke til barn, barnebarn og oldebarn.
    Vi burde oftare heve blikket og tenke på heilskapen.

    Takk nok ein gong for gode refleksjonar

    «HEIMEN VÅR ER IKKJE FYLT AV BOKSTAVAR OG ORD ANDRE STADER ENN I BØKER OG AVISER.»
    Takk! – likar det – det tek eg med meg som ei ny rettesnor.

    Liker

    1. Takk for denne kommentaren med slike gode refleksjonar.
      Ein ting er i alle fall sikkert; meininga med livet er IKKJE å leite etter rikdom,- men det er nok enklare å sjå alle dei andre verdiane når ein slepp å snu på kvar einaste krone.
      Eg ynskjer deg gode dagar framover!
      Helsing frå Karen-M

      Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: