DERSOM EG PUTTA LIVET MITT NED I EIN KOMMODE


Kjære folk!

September er ein vakker månad, ikkje sant? Eg går ut på trappa og helsar «Hei på deg, haust!» før eg tuslar ut i det doggvåte graset. 


Eg likar det friske draget i den skarpe og kjølege lufta. Eg nyt dei vakre fargane ute og gler meg over den lune stemninga inne. Framleis kan eg pusle i hagen og plukke med meg inn ein glad, liten haustbukett. 

Denne vart plukka i går for å pynte opp i gjestehuset.

Men det var ikkje hausten eg skulle skrive om i dag. 

Det er dei som seier at eg tenkjer for mykje. Det kan godt hende at dei har rett i det, men eg likar å drive med tanketull. I dag har eg tenkt å freiste å putte livet mitt opp i ein kommode. Vil alle skuffane stå der vidopne med fritt innsyn for kven det måtte vere? Neppe, men kva har eg i den skuffen som står litt på klem og korleis står det til oppi den som er attlåst? 

Denne fantastiske kommoden fann eg hos «Blomsterpikene» på Ål.

Eg er nok av dei som har mange av skuffane mine opne for dei som ynskjer å lære meg å kjenne. Eg kan vise fram og snakke om det meste og eg trur på å seie ting rett fram slik det er. 
«Du snakkar om alt mogeleg du, farmor.»
«Ja, det har du rett i. Alt blir mindre farlig når me kan snakke saman om det.

Heimen min er også i ein skuff som er open for dei som ynskjer å sjå korleis me har det. Eg opnar gjerne opp og ynskjer velkomen inn. Ja, eg er faktisk glad for at så mange har vist interesse for fargar, materialbruk og interiør. 

Velkomne inn i sofakroken.
På peishylla har «Parkbarn» av Solveig Schafferer fått plass.

Nokre skuffar opnar eg berre opp for folk eg likar godt og for dei som eg veit vil meg vel. Her blant lakriskaramellar og små, artige grovisar, ligg det eitt par flauser, framtidsdraumar, ein fantasi, litt religiøs frustrasjon og nokre tankar om kvifor ting blei som dei blei. 
I den same skuffen ligg det også litt småtteri som gjer meg stolt:
– at eg stod imot og fortalde sanninga den gongen freistinga var stor
– at eg torde å gå dit den kvelden
– at eg tok sjansen då han baud seg.

Denne vesle kommoden hadde mor mi då ho var lita.

Ein av kommodeskuffane mine opnar eg gjerne for å sjå nedi. Der har eg samla gode opplevingar. Det er mange hundre av dei, og dei ligg etter kvarandre, – kronologisk. Mange har bleikna. Ja, nokre av dei er mest usynlege og eg treng å bli minna om den og den dagen for at minna skal finne attende til fargen sin. Saman med andre, som har den same opplevinga i sin skuff, kan eg pusse mitt minne blankt og få meg ein god latter eller ei lita tåre i augekroken. Andre minne, som eg har halde skinande blanke gjennom årtier, kan eg dele og få mine vener til å hugse. Når me saman kan opne minneskuffane våre, då får me ei svært god fellesstund.

Ein morosam dag på 80-talet.
Ei god avslutning etter ein fin periode i Hedmark.

Nokre opplevingar er så ferske at dei ikkje har fått plass i minneskuffen. Dei ligg framleis rett bakom panna og skin. Her er to av dei som har gjort meg godt dei siste vekene:
4. september opna Mona Øino Øen si utstilling på Galleri Syningen med måleri og akvarellar. Bileta hennar fann vegen rett inn til meg. Her er «Påfyll ved Svanset». Det kunne ha vore mor og eg for 60 år sidan. 

«Påfyll ved Svanset» måla av Mona Øino Øen

4. september fekk me også oppleve pur gitarglede då String Swing, gitaristane Gildas Le Pape og Magne Føreland saman med bassist Runar Stoveland gjesta Ål. Det er godt å ha kort veg til slike, fine opplevingar.

String Swing


Eg har dessverre, som dei fleste andre, ein liten burde-skuff. Den likar eg ikkje. Nedi den er det ein liten det-burde-eg-ha-gjort-haug som kan plage meg av og til. Det er ikkje slikt småtteri som at eg burde ha vaska golvet som ligg der, for slike bagatellar har ikkje plass i min kommoden. Det er vanskelegare enn som så å pirke borti denne vesle samlinga, for det meste av det som ligg der er det for seint å gjere noko med. Men det er ikkje til hjelp korkje for meg eller andre dersom eg fastnar i tanken på at dersom eg hadde gjort slik eller sånn, så hadde eg … og då ville eg … osv. Dersom eg vil vere glad og leve eit godt liv, då kan eg ikkje tillate meg sjølv å sitje fast i fortida. Å angre er uvettig bruk av tid. Livet er for kort til å bruke tid og energi på ting eg ikkje kan gjere noko med. Eg bør tømme denne skuffen, støvsuge den og finne noko nyttig og morosamt å putte oppi der i staden.

Denne kommoden har eg arva etter tanta til mannen min. Eg vil gjerne ha slike glade englar i kommoden min.

Den siste av skuffane mine som eg vil skrive om i dag, er den som eg, så godt eg kan, alltid prøver å halde open. I den har eg små og store gleder som eg kan plukke opp, sjå på, tenkje på og ha god nytte av i kvardagen. Der har eg alt frå reint sengetøy til fine samtaler med borna mine. Der er villtulipanløkane som eg nyleg putta i jorda og gode vener som snart kjem på vitjing. Der ligg det rolege jazzballadar, mørk sjokolade, gode debattar, ferskt brød til frukost og framtidige tusleturar langs elva. Det kan kome dagar då denne opne skuffen vil bli ekstra god å ty til. 


Eg ynskjer at alle som les dette får fine haustdagar framover, og me håpar vel alle på gode opplevingar som me kan plassere i ein av dei kommodeskuffane våre som står på gløtt.

Helsing frå
Karen-Margrethe
ei litt gammal dame i eit meir enn hundre år gammalt hus.

Tidleg morgon på Helgerud

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s