MYKJE KULTUR, GAMMAL HAGE OG GODT VAL

Kjære folk

Folk spør om me trivst på Ål. Sjølvsagt gjer me det, for det er lett å finne seg til rette med så mykje interessant å fylle tida med og så mange gode folk rundt seg. Det er kjempefint å møte blide fjes og å kunne stoppe for å ta ein godprat med ein kjenning eller tre når me er ute og går, – og tusleturar i vakker natur blir det mange av. Her er nokre glimt frå sist onsdag:

Det kjennest ikkje som om det er særleg lenge sidan eg skreiv sist, men det har skjedd mykje desse siste vekene. Me driv framleis på både inne i huset og utomhus. Det har vore flisleggjar, elektrikar og snikkar her den siste tida, så no er inngangspartiet på oversida av huset også snart ferdig. Dermed vart det litt malearbeid å ta fatt på, jord å flytte på og ein del fleire planter å få i jorda. Me blir nok ikkje arbeidslause med det fyrste.

Me må prøve å få det ferdig her før frosten kjem.


I går kveld fekk me gjort litt ekstra stas på arbeidslaget. Denne kvelden var det ikkje noko arbeid som skulle utførast, og det vart nokre svært trivelege timar rundt bordet. Makan til flinke handverkarar trur eg det må leitast lenge for å finne. 

Me har vore særdeles heldige med handverkarane våre!


Sjølvsagt var det stas då Ål vart kåra til «Årets kulturkommune». At det er eit svært godt og sterkt kulturliv i denne kommunen, det har eg aldri tvila på, – og torsdag fann eg nok eit bevis i postkassa. I programmet for kulturhuset hausten 2021 kunne me finne heile 40! arrangement. I tillegg er det kino alle dagar utanom måndag og tysdag. 

Eg gler meg til mange gode opplevingar framover.


Det som ikkje kjem fram i dette heftet, er alle dei andre kulturaktivitetane som går føre seg i bygda. Eit eksempel på slikt er «Stabbursfrieri» som vart arrangert på Leveld Kunstnartun 20. – 22. august. Her var det «musikk, kunst og litteratur i grenselaus miks og skjønn forening». Me hadde ein fin kveld der saman med Frida Ånnevik.

Frida Ånnevik med sterke meldingar og vakre tonar.

Men det eg fyrst og framst hadde tenkt skrive om i dag er den gamle hagen vår. Den 2,4 mål store tomta vår ligg solrikt til. Fasaden vender rett mot sør, mot Sundrevegen. For oss er det like stor stas kvar gong det kjem vener innom for eitt par timar eller eitt par dagar. Me ynskjer at hovudinngangen skal vere med og ynskje folk velkomen inn.

Det kan bli riktig fint, trur eg, dersom desse plantene klarar vinteren og får vekst seg store.


Det er viktig å lage ein hageplan, seiest det. Sjølv om det vart tenkt litt før me sette i gang med uteområdet, vart det aldri laga ein skikkeleg plan for korleis hagen skulle bli sjåande ut. Me hadde rett nok litt hjelp i byrjinga: Mona Syversbråten frå «Hallinghage» var innom ein tidleg vårdag, Øyvind Thoen gav oss god hjelp med gravemaskina si og entreprenør Lars André Espegard var god å tenkje saman med. Deretter var det berre å ta fatt på arbeidet med å fjerne ugras, brennesle og villbringebær, stelle bærbusker og finne ut kva som kunne passe i bed, i skråningar og ved dei gamle murane.

Det er viktig for oss å føre vidare den stilen som var i den gamle hagen. Når me lagar i stand noko nytt, må det vere på ein diskré måte. Uttrykket må likne på hagen slik me trur at den var ein gong. Det er også interessant å finne fram til gamle planteslag som godt kunne ha vore her for hundre år sidan.

Me så heldige at me har jordkjellar i det gamle huset vårt. Dermed kan eg, no når haustkulda kjem, grave sommarplanter opp av jorda, vinterlagre dei i kjellaren og håpe at så mange som mogeleg av dei vil blomstre like fint att neste sommar.

Kjem denne til å blomstre like fint neste sommar tru, – etter ein vinter i kjellaren?

Det er jo slik at det er stor forskjell på kva slags planter som kan trivast og vekse her på Ål samanlikna med slik det var i Holmestrand. Her må det til « learning by doing» (som det heiter på halling). Dessutan veit eg jo godt at det er lite sannsynleg at eg kjem til å lukkast med alt det eg prøver på. Eg kan jo eigentleg ikkje  mykje om planter og hagestell, men eg likar å prøve meg fram. Den viktigaste drivkrafta er nok at eg likar å ha det fint rundt meg. Dessutan set eg pris på å kunne halde på ute. Eg trur hagestell er god trening både mentalt og fysisk.

Her har det vore humlefest store delar av sommaren.

Eg kan ikkje slutte av denne bloggen utan å nemne 13. september. Eg gler meg. Politikk er spanande, interessant og morosamt. 
I år verkar det som om nesten alle er einige om at den globale oppvarminga gjer verda vår farlegare og at nesten alle er einige om at verda vår er urettferdig. Desse to, klima og rettferd, er dei viktigaste for meg ved dette valet. No må me for det fyrste få inn eit fleirtal av politikarar som har vilje til å gå laus på dei menneskeskapte miljøutfordringane. Eg vil også bruke retten min til å stemme på politikarar som ikkje vil finne seg i at 19% av folk i Noreg ikkje har mogelegheit til å klare uforutsette utgifter. 

Eg ynskjer alle lesarar av bloggen min gode haustdagar og, når den tid kjem, GODT VAL!

Helsing frå
Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: