DEN FYRSTE SOMMAREN I HUSET

Kjære folk 

Sist eg skreiv var det juni. No er august her allereie og byr på ei slags avslutning av sommaren. Eg kjenner at eg likar denne grøderike månaden godt. 

Det er framleis sommarvarme dagar, rips og solbærbuskene står tunge, tida er inne for å kjøpe haustlauk, bake eplekaker og hugse å ta med seg ei lita jakke i sekken. Det er også fint å tenkje attende på mange fine juli-opplevingar. Her kjem nokre av dei:

Me har hatt mange gode anledningar til å vise fram den nye heimen vår, og me har mykje å fortelje om i kvart einaste rom.


Ål har mykje å by på. Då eit vennepar (Tone Gerd og Magne) var på vitjing, vart eg utfordra til å ta dei med ein runde i bygda og fortelje om barndom og kva som har forma meg, – og eg fortalde gjerne:
«Her spionerte me på eit kjærastepar.»
«Inn i denne muren vart det putta mange hemmelege lappar.»

Familiemedlemmer her blitt tekne med både til fjells og til skogs. Her fra Bergsjø og Leveld:

Det set i gang både tankar og kjensler når eg vitjar Underdal. Mormora mi voks opp her i denne vesle bygda som fekk veg fyrst i 1988. Det er så mykje eg gjerne skulle ha spurt henne om. (Dersom det er ungdom som les dette; spør! før det er for seint!)
Her ligg også den minste stavkyrkja i Noreg. 

Sjølv om me har hatt gjester og vore på tur, har det meste for oss likevel handla om det gamle huset som no er heimen vår. Det var hjarta våre som bestemte at me skulle kjøpe dette huset, og no seier hjarta våre at dette var rett og godt.

No når me tek heimen vår i bruk, finn me spor etter aktivitetar i tidlegare lange og gode liv. Dei som har budd her før oss har stelt fint med eigedomen, reparert når noko har gått sund, mata småfuglane, stelt i hagen og drive med handarbeid av ymse slag. Det kjennest fint å bu i eit miljø med slike tradisjonar.

Nokre ting har fylgt huset frå tidlegare eigarar. Me veit ikkje eksakt kor gammalt vegguret er, men me veit at det hang på veggen og viste tida allereie hos dei fyrste eigarane. Klokka slår alltid eit slag for mykje ved kvart klokkeslett, men det har me no vant oss til og har byrja å setje pris på at ho ligg litt før si eiga tid.
Putebroderiet som me fann attgløymt høgt oppe i eit skåp, har fått plassen sin i sofaen.


Dersom nokon vel å gå inn bakvegen, då finn dei inga ringeklokke, men bjella som hang her då me overtok huset, den har me pussa og hengt opp att.

Gradestokken og sopekosten eg gåver frå vener.


Eg trivst godt med å tusle hus-i-mellom her på tunet:


I eit av desse husa hadde Alf, som levde her før oss, ein innhaldsrik verkstad. No har me vaska, pussa, måla og innreidd til eit gjestehus:

Peisen og tømmerveggen har fått ny farge, men peispustaren heng klar til bruk akkurat som hos dei tidlegare eigarane. I eit gammalt hus i Hallingdal bør det vel vere noko som er rosemåla, ikkje sant?


Vinterhagen hadde opningar med netting framfor slik at fuglane ikkje skulle flyge inn. Me har sett inn glas og skyvedørar. No har det blitt ein fin stad å opphalde seg når regnet silar utanfor.

Me har høyrt det mange gonger: 
«Korleis har de klart å kome i orden så raskt? Det er då ikkje så lenge sidan de kjøpte dette huset?» Me er heldige som har hatt kjempeflinke handverkarar, og dei har lagt ned svært mange arbeidstimar i huset vårt. Men eg innrømmer gjerne at me har stått på litt sjølve og. Me kjenner oss heldige som har hatt dette prosjektet å stelle med i korona-tida, og nokre dagar vart det kanskje litt vel mange arbeidstimar. Her er to bilete frå ei av stovene:

Eg innrømmer gjerne at eg stort sett går rundt og gjer eitt eller anna. Det er jo så mykje som skal fiksast, planleggjast og ordnast. Men denne sommaren har vist meg at det er viktig å oftare ta seg tid til å sitje i ro og berre sjå på det vakre, høyre på stilla, tenkje seg om og la tida tusle i veg utan hjelp. Me veit jo aldri, – plutseleg og utan varsel kan me bli tvinga til å roe ned.

Verandaen oppe i andre høgda er også som den var, berre at me har sett inn glas i opningane. No har dette blitt ein yndlingsstad å sitje når ein av oss vil vere litt for seg sjølv. Me har møblert med mi farmor sine korgstolar. Ho døydde då eg var sju. Stolane stod i finstova hennar og nærmar seg nok å vere 100 år gamle.


No gler eg meg til dagar utan ein einaste plan, avtale eller planlagt oppgåve. Slike dagar er jo proppfulle av alt det ein kan gjere mogeleg. Men eg veit godt at eg ikkje kjem til å bli sitjande, for heldigvis er det framleis mykje å bryne seg på og mange oppgåver å løyse. 

Eg har eit mål for denne hausten. Eg vil øve på å finne glede i å sitje i ro lenge og sjå på sola som stig over åskammen, fuglane som hakkar i grasbakken og ungane som leikar langs vegen. Eg skal sitje i ro ei god stund kvar dag med godt samvit og glede meg over å vere ei litt gammal dame i eit veldig gammalt hus på Ål.

Eg håpar eg aldri vil slutte å leike. Her fra ein tur opp til Sundreberget.

Det dukkar nok opp nytt innhald på bloggen min om ei stund, men eg veit ikkje når. Heretter blir det skriving utan faste overskrifter og berre når eg kjenner at skrivekløa er på veg.

Eg ynskjer strålande dagar framover for alle dykk som les.

Helsing frå
Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

2 kommentarer om “DEN FYRSTE SOMMAREN I HUSET”

    1. Takk for ein kommentar som gjorde meg glad. 🤗
      Me har hatt eit lite husvere på eit pensjonat på Ål i tre år no. Draumen var å finne ein god heim i den langstrakte fjellbygda. No har me realisert draumen, og me er særdeles nøgde med resultatet. ☺️ Det er kjekt å kunne vere til inspirasjon. Dersom du har draumar, må du ha lukke til med å realisere dei. Ynskjer deg gode augustdagar🌸☀️

      Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: