NYFORELSKA, MODERNE MØTER GAMMALT OG FOR MYKJE MORO

Kjære folk!

Sommaren gjer gode ting med meg. Det er som om dei søte duftene, den svale vinden, fuglesongen og dei ljose nettene gjev meg nye krefter. Eg vil mykje, og av og kjennest det til og med som om eg klarar mykje. 
Eg treng ikkje syden. Sola er her og eg kan danse barbeint i graset her. Eg har halvtørr kvitvin på kjøling, min eigen grillsjef som ordnar middag, ei sval seng å sovne i, lovande morgonar å vakne til, villblomar å plukke, sommargjestar å vente på, turar å gå og fridom til å tenkje kva eg vil og nyte det heile i fred og ro. 

Nyforelska 
Eg kjenner meg som nyforelska, – barndomsbygda mi. 
Det er 49 år sidan eg flytta frå Ål. Det har hendt mykje på desse åra både med bygda og med meg, men eg går rundt her og kjenner jubel i bringa og små, lette sommarfuglar i magen. Det er ikkje ei slik tung forelsking som gjer at eg tapar både matlyst og konsentrasjonsevne. Nei, det av det slaget som gjer at eg vaknar med glad forventing kvar morgon:

– Eg kan stå nede ved elva og lytte til det velkjende suset. Dette har eg sakna. For meg kan ikkje klukking av bylgjer mot stranda måle seg med lyden av Hallingdalselva.

– Eg kan sitje på ein benk på Ål stasjon og vite at eg kan mykje om alle orda; skinner, sviller, signalanlegg, overgang, undergang, frostsikring og solslyng. Midt mellom spor 1 og spor 9 levde eg mi lukkelege ungdomstid.


– Eg kan gå ut om kvelden, stå på Torget og sjå opp mot Sundreberget, – den store, samanhengande steinmassen som har stått der og vaka over bygda mi i all den tid. Eg kjenner at eg er knytt med sterke band til denne staden, til dette berget.


– Eg er fri til å gå på kino fleire gonger i veka, velje mellom ulike andre kulturtilbod, ha framifrå tilgang til vakre friluftsområde og vite at alle desse mogelegheitene er avgjerande for livskvaliteten og helsa mi. I dag skal me på sommaropera før me dreg attende til huset vårt for å halde fram med å få alt  i orden.

– Eg kan gå forbi Sundrehall og nesten høyre dansemusikken frå seint 60-tal då alt i heile verda dreia seg om at kanskje han kom og eg kanskje fekk danse. 


Eg har elva, jernbaneskinnene, kulturlivet, berg opp i dagen, gode minner og folk eg kjenner. Eg snakkar halling med barndomsvener, smiler utan eigentleg å kunne fortelje kvifor og ler høgt av alt og slett ingenting.

Når moderne møter gammalt
Me har framleis ikkje flytta inn, men no nærmar det seg verkeleg. 
Huset er framleis berre eit hus, men snart vil det vere ein heim.

Me har vore opptekne av å halde fast i den sjela og den atmosfæren som me fann i huset den fyrste gongen me fekk kome innanfor dørstokken. Samstundes ynskjer me sjølvsagt at heimen vår skal vere både praktisk og funksjonell. Med andre ord var målet å behalde det gamle særpreget innanfor ei moderne ramme (eller kanskje heller å få til ein moderne heim innanfor ei gammal ramme).

Eg elskar møtet mellom dei meir enn hundre år gamle dørene og denne moderne tolkinga av ei klassisk lysekrone:


Me fann ut at den gamle tømmerveggen ville ta seg bra ut med slike moderne knaggar: 


Då me skulle velje kjøkken, gjekk me for eit kvitt, tidlaust og klassisk tradisjonskjøkken. Slik som i resten av huset, er det kvitt og grått som gjeld. Eg er så nøgd at eg måtte ut og plukke blomar før eg tok biletet.


For hundre år sidan var det sannsynlegvis ei dør her mellom gangen og kjøkkenet. 
Den førre eigaren hadde laga seg eit titteskåp i veggen der døra hadde vore. Me har fått laga ei settekasse og putta den inn i skåpet slik at eg kan ha fuglekjærestepara mine der. 


Torsdag kom resten av møblane våre. Det var ein spanande dag. 
Hyllene i stovene er snekra etter mine teikningar og meint å ramme inn og kombinere det me hadde med oss frå Holmestrand og det som no er nytt.  Her er Emil og Bendik frå Fagmøbler i full sving med å få ei av dei nyinnkjøpte hyllene på plass i den nysnekra reolen.


Me gler oss til å sjå korleis alt dette vil bli når me no skal pakke opp dei siste eskene, henge opp bilete, ta fram tekstilar og fylle tomrom med personlege eigedelar. Fyrst då vil huset vårt bli ein heim. 

For mykje moro?
Ein gong for lenge sidan, var eg gjest hos ei gammal dame ei vekes tid. Ho var ei stasdame, arbeidssam og samvitsfull, fostra opp innanfor strenge reglar som ho gjerne ville fylgje til punkt og prikke.

Ein kveld då me hadde ledd høgt og mykje og hatt det svært moro i lag, vart ho plutseleg alvorsam. Ho sa at no hadde ho fått dårleg samvit fordi me hadde brukt fleire timar berre på tøys og fjas. Ho måtte be om tilgjeving for det, før ho avslutta dagen. 

Eg har ofte tenkt på denne hjartegode, gamle kvinna og lurt på om det er mogeleg å ha det for morosamt? Eg trur ikkje det. Tvert om. Hjernen vår utløyser mykje godt når me ler. Forskarar har til og med funne ut at latter har helsebringande effekt. 

Eg har óg opplevd at ei god venninne og eg ein gong fekk slik latterkrampe inne på ein kafé at han som var saman med oss syntes dette var så pinleg at han gjekk og sette seg ved eit anna bord. Det var tydeleg at det ikkje passa seg for vaksne kvinner å le så høgt og så lenge. Men det gjorde godt. Me var glade og fnisete resten av dagen.

***

No gler me oss til sommargjestene våre finn vegen til Ål. 

I nokre veker framover no skal eg glede meg over å vere saman med slekt og vener i den nye heimen vår. I august ein gong blir det ny blogg, tenkjer eg.


Fram til då ynskjer eg oss alle ein morosam og glad sommar med mykje fliring og gjerne ein dagleg gapskratt. 

Helsing frå
Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

4 kommentarer om “NYFORELSKA, MODERNE MØTER GAMMALT OG FOR MYKJE MORO”

  1. God sommar! Grete og eg feirar gull saman med heile vår kjernefamilie denne helga – i Valldal på Sunnmøre – vi har vorte til 9.

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: