Kjære folk!
Samstundes med at naturen rundt meg har vakna til liv, har me smått om senn kunne krype fram frå pappeskene våre. Noko av det me no finn att, har vore pakka ned sidan før visning på huset i Holmestrand i desember.
– «Der var du ja, – deg har eg sakna.»
– «Deg har eg leita etter. Eg var nesten i ferd med å kjøpe meg ein maken til deg her ein dagen. Godt å sjå deg att.»

Å byrje på nytt
Den siste tida har det vore sommarsol og sommartemperaturar. I år var våren svært kort her på Ål, og det er eit forunderleg eventyr når livet i naturen for fullt, og i full fart, vender attende frå vinterdvalen sin. No luktar det sommar over heile eigedommen vår. Kan ein ha det betre?


Denne våren har vore ekstra spanande sidan eg har gått rundt i ein hage som eg ikkje kjenner. Det er litt av kvart som tittar fram frå jorda, men kva alt er, må eg vise tålmod for å finne ut.
Eg trur desse to nedanfor her er staudar. Den blå har eg altfor mange av. Den som førebels er berre grøn, veks seg stror og kraftig bak avfallscontainaren. Er det nokon av lesarane av bloggen min som kjenner desse plantene tru?


Det vil nok ta litt tid før eg kjenner at den jorda eg grev i, er i ein hage som er vår eigen, men eg kan ikkje berre vente og sjå. Eg må kjøpe litt og. Hos Hallinghage på Gol har dei god kompetanse på kva som overlever 500 meter over havet.

Å flytte er å byrje på nytt. Denne «restarten» vår tyder rett og slett at me har gitt oss sjølve ein ny sjanse, og trass i at det ikkje fyrst og fremst er ungdommeleg eventyrlyst som styrer stega våre, kjenner me at det er både nyttig og morosamt med ein slik omstart i livet.
Sjølv om me har hatt meir enn nok å henge fingrane i og tankane på dei siste vekene, har me funne tid til og har kunna glede oss over trivelege stunder hos vener, kvitvin og gode samtalar på terrassen hos gode folk, minikonsert på kafé og interessant foredrag i kulturhuset. Å byrje på nytt her på Ål har til no vore langt ifrå keisamt.
Lengt
I meir enn eit år har lengt vore eit ord me alle har kjent mykje på. Sjølv om eg har vore blant dei heldige i denne pandemitida, har eg lengta etter både det eine og det andre, – lengta etter at ting skal bli slik som dei var for halvanna år sidan.
Eg likar å sitje tett saman, kjenne lukta av framand parfyme når menneske passerar tett forbi, smile til dei som står framfor meg i ein kø og kunne sitje lår mot lår rundt bordet og ete, prate og le. Eg har lengta etter slikt.
Det er heller ingen tvil om at levande musikk er noko heilt anna enn å nyte lyden frå høgtalarane heime, og ingen skal nekte for at lite kjem opp imot å sitje i ein teatersal og vente på at teppet skal gå opp og opplevinga skal ta til. Eg har lengta etter det.
Det er godt å kunne møte smilande menneske, å sjå folk beint inn i fjeset og kjenne seg akseptert og kanskje til og med attkjent. Eg har lengta etter andlet utan munnbind.
Eg likar å kjenne varm sand mellom tærne, la vinden blåse i håret og gjennom tynne sommarklede. Eg likar å vandre i framande byar, leite etter nye opplevingar og smake, lukte og lytte til slikt som er annleis. Ja, eg har lengta etter å reise.
Men mest av alt har eg lengta etter å klemme sonen min, dotter mi og barnebarna mine. Kvar gong eg har møtt dei, har eg sett dei inn i augo og visst at mine har vore blanke, – blanke av lengt.
Torsdag 3. mai var det vår tur. Då fekk både mannen min og eg vår andre dose med vaksine. Etter «stikket» var det berre å vente. Då var det godt å ha avis:

Det er godt å kunne kjenne seg tryggare.
Når denne sommaren nærmar seg slutten, håpar eg at vaksina haR gjort oss alle tryggare, at injeksjonane har tatt oss alle attende til ein slags normal og at tilværet blir litt meit eit slikt liv som me kan kjenne att.
Det gamle huset vårt
Så var det huset. Nei, det er ikkje ferdig. Nei, me har ikkje flytta inn. Eg vil likevel ta dei som ynskjer det, med på ein liten tur innanfor dørene.
Gammal dør ut. Ny dør inn:


Her trur eg det skal bli godt å finne ro til å skrive litt av og til:

Eg elskar dette taket og det kunne ikkje ha ramla meg inn å rive det sjølv om det no er heilt utan meining:

Her er eit lite glimt frå slik det ser ut innanfor inngangsdøra:

Når ein overtek ein slik gammal eigedom, må ein på eit vis godta at ting er som dei er. Samstundes har me heile tida planlagt ut ifrå kva som skal til for at me vil kome til å trivast her.
Det har allereie vore fleire som har titta innom. Det likar me. Det er kjekt å merke slik positiv nysgjerrigheit, – spesielt frå folk som seier at dei har tenkt å kome attende når alt er på plass i den nye heimen vår.
Avslutning 1
Det kan jo ikkje berre vere hus, hage og kos på bloggen min. Difor avsluttar eg slik:
– Visste du at det er like mykje karbon i myrene i verda som det er i heile atmosfæren? Me må ta vare på myrene våre!
– Juni er pride-månaden. Det er ein menneskerett å vere den ein er og elske den ein vil.
– Eg kjenner at det gjer meg både sint og oppgitt når regjeringa stansar ein ansvarleg og heilt rettmessig streik ved å nytte tvungen lønnsnemnd med bakgrunn i ei sak der det var gitt dispensasjon.
Avslutning 2
Nokre gonger kjennes
kvar dag
som eit eige lite liv
med bankande hjarte,
springande føter og
altfor travle hender
Kanskje er det slik
at kvar dag
eig sine tankar
som rømer
når kveldssola skin,
klukkar vekk i bekken,
trillar unna som åttedelsnotar
vekk
frå meg som ikkje kan halde fast
Heldigvis for i morgon

Eg veit ikke når neste blogg kjem, – kanskje etter innflytting? Om 14 dagar skal i alle fall handverkarane vere ferdige inne. Men det kan jo hende at eg får skrivekløe før me er på plass i huset.
Eg ynskjer at alle som les får strålande junidagar.
Varm helsing frå
Karen-Margrethe