HALLINGVÅR, PERLER I MAIKJEDET OG MIN EIGEN HAGE

Kjære folk!

No er det tre veker sidan sist eg sette meg ned for å skrive, og for å seie det forsiktig; det har vore innhaldsrike dagar. Av og til tuslar livet sakte framover dag for dag utan at eg tenkjer nemneverdig over det. Andre gonger tek livet sjumilstøvlane på seg og bykser av garde. Dei siste vekene har eg kjent det slik, for plutseleg var alt heilt annleis. 

For ei veke sidan heisa me vimpelen for fyrste gong, – og dersom du ser svært godt etter, kan du skimte det som etter kvart skal bli ute-juletreet vårt.

Men før eg skriv meir om å lande på Ål, vil eg dele ei lita kjensle. Våren har no verkeleg nådd fjellbygda mi, og eg kjenner at det gjer noko med meg.

Hallingvår
Eg trur på dei små, grøne spirene
på hestehov, kvitveis
og irrgrøne museøyre
Eg trur på dei hårete kroppane
til biene og humlene
Ja, til og med den irriterande mauren,
trur eg på
Eg trur på dunete gåsungar
og raklar på lauvtrea
Ja, herregud som eg trur
på våren
Eg strekkjer meg dit sola står
og trur

Som perler i ei mai-kjede
Denne månaden har vore som ei snor med perler, nokre store og med sterke fargar, andre mindre og meir unselege, – men alle med kjensler i seg. Det hadde blitt slitsamt dersom alle månader hadde vore like innhaldsrike. Her kjem ein liten fotopresentasjon av nokre av perlene i mai-kjeda mi:

Huset i Holmestrand blei tømt, og eg låste døra bak meg.

Kongstein Transport AS fekk flyttelasset vårt fram til Ål. I tillegg til muskelstyrke og ekspertise på logistikk, hadde dei både høg arbeidsmoral og godt humør å by på.

Byggeleiaren vår, Lars Andre, var til uvurderleg hjelp. Bordet måtte fraktas inn gjennom stovevindauget.

Me har på eit vis flytta inn, men er slett ikkje på plass. Me lever glade pensjonatdagar på Aal Pensjonat medan dei stakkars handverkarane tråklar seg rundt pappesker, kassar og møbel, – men dei gjer jobben sin og er like blide. 

Me fekk god hjelp med uteområdet då Øyvind Thoen kom med gravemaskin og traktor. Då han hadde gjort jobben sin, såg me ljosare på å ta fatt på arbeidet med å få til eit område rundt huset der me kan trivast i åra som kjem. 

Min eigen hage
Medan me ventar på innflyttinga, kan eg glede meg over å grave i jorda, – og tru meg, eg har nok jord å grave i. 

Ein hage skal ikkje vere perfekt, men ein fristad der eg kan slappe av og finne ro, inspirasjon og glede. Eg innser likevel at eg har ein jobb å gjere fyrst. 
Det seiest at det aldri er så gale at det ikkje er godt for noko. For oss er det i alle fall slik at dersom me hadde kunna flytte inn i huset allereie den dagen flyttelasset kom fram, hadde me ikkje hatt like mykje overskot å bruke på å få orden på uteområdet. No blir det rydda både her og der.

Eg er viss på at eg kjem til å sitje her på denne benken ofte, høyre på bekken, sjå at det veks seg vakkert rundt meg og glede meg over å vere akkurat her.


Slik vart det.
Eg kjenner meg sterk.
Klar 
for vidare,
vidare
og endå vidare

***

Neste gong eg skriv, håpar eg å kunne ta dei som les med inn i huset vårt. 
Ha det godt så lenge

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s