TANKAR VED BYRJINGA AV 2023

Kjære folk!

Eg har det slik at eg kvar desember gler meg veldig til å ta fram adventstjerna og gjere heimen min raudpynta og juletriveleg. I førjulstida er det finare enn fint å stå opp om morgonen, tusle rundt i det svakt opplyste tussmørkret og kjenne på den barnlege forventninga. 

Når nyårskvelden er over og me har skåla og hoppa inn i det nye året, kan eg nesten ikkje vente med å rydde vekk englar, nissar og raude ljos. Det skal vekk. Fort! Eg vil attende til kvardagsleg orden og struktur utan borddukar, krimskrams og altfor mange støvsamlarar. 

Fortsett å lese «TANKAR VED BYRJINGA AV 2023»

DANSE HEILE LIVET

Kjære folk!

Laurdag for berre ei veke sidan, skreiv eg dette her på bloggen min:
«Neste år, omtrent akkurat på denne tida, er eg og mange andre på Ål, midt oppi noko som tek mykje av merksemda mi allereie no. Eg skal fortelje meir om det ein laurdag om ikkje så lenge.»
No er det laurdag att og eg vil gjerne fortelje.

Det er moro å fortelje om det ein er oppteken av. «Det hjartet er fylt av, flyt munnen over med», heiter det. For meg blir det no slik: Det hjernen er oppteken av, blir bloggen fylt av. Eg kjenner det som om eg har fått ei gåve som skal pakkas ut neste jul.

Fortsett å lese «DANSE HEILE LIVET»

MENN EG VIL TAKKE

Kjære folk

Livet mitt har sjølvsagt handla mykje om dameting, kvinnfolkgreier, venninneprat, småjentetankar, kvinnekamp og alt slikt som har hatt sin naturlege plass i eit kvinneliv. Slik har eg det jo framleis og mange av dei personane med viktige plassar i kvardagen min i dag er nettopp kvinner.

Av alle dei kvinnene eg har og har hatt i livet mitt, vil mor mi alltid ha den fremste plassen.

I dag vil eg likevel skrive om menn, – og til og med utan å nemne dei tre mennene som står meg aller nærast og som oftast er i tankane mine. Det har seg nemleg slik at korkje mannen min, sonen min eller barnebarnet mitt ville ha sett særleg stor pris på å få omtale i bloggen min.

Fortsett å lese «MENN EG VIL TAKKE«

VASSE ELLER HOPPE? NØLE ELLER LA DET STÅ TIL?

Kjære folk

I går gjorde eg det igjen, – akkurat slik eg har gjort det heile livet; eg hoppa inn i det nye året. Far min sa at det ville bli eit godt år dersom me hoppa inn i det. Dermed har eg, heilt frå eg var lita, kome meg opp på ein dørstokk, ein stol, ei sofapute, ei trapp eller ein benk i god tid før eg, på slaget 12, skulle hoppe inn i det ukjende, inn i framtida, inn i det nye året med trua på og håpet om at dette kom til å bli bra.
Til og med dei åra eg var heilt aleine, klatra eg opp i sofaen og venta; 5, 4, 3, 2, 1, – og på null hoppa eg. Dumt? Kanskje det, men kvar nyårskveld er eg ei som hoppar.

Fortsett å lese «VASSE ELLER HOPPE? NØLE ELLER LA DET STÅ TIL?»

NYFORELSKA, MODERNE MØTER GAMMALT OG FOR MYKJE MORO

Kjære folk!

Sommaren gjer gode ting med meg. Det er som om dei søte duftene, den svale vinden, fuglesongen og dei ljose nettene gjev meg nye krefter. Eg vil mykje, og av og kjennest det til og med som om eg klarar mykje. 
Eg treng ikkje syden. Sola er her og eg kan danse barbeint i graset her. Eg har halvtørr kvitvin på kjøling, min eigen grillsjef som ordnar middag, ei sval seng å sovne i, lovande morgonar å vakne til, villblomar å plukke, sommargjestar å vente på, turar å gå og fridom til å tenkje kva eg vil og nyte det heile i fred og ro. 

Fortsett å lese «NYFORELSKA, MODERNE MØTER GAMMALT OG FOR MYKJE MORO»

HALLINGVÅR, PERLER I MAIKJEDET OG MIN EIGEN HAGE

Kjære folk!

No er det tre veker sidan sist eg sette meg ned for å skrive, og for å seie det forsiktig; det har vore innhaldsrike dagar. Av og til tuslar livet sakte framover dag for dag utan at eg tenkjer nemneverdig over det. Andre gonger tek livet sjumilstøvlane på seg og bykser av garde. Dei siste vekene har eg kjent det slik, for plutseleg var alt heilt annleis. 

For ei veke sidan heisa me vimpelen for fyrste gong, – og dersom du ser svært godt etter, kan du skimte det som etter kvart skal bli ute-juletreet vårt.

Fortsett å lese «HALLINGVÅR, PERLER I MAIKJEDET OG MIN EIGEN HAGE»

HELGERUD-HUSET, Å HØYRE TIL OG NOKOLUNDE

Kjære folk!

God sundagsmorgon til dykk alle! I dag inneheld bloggen min litt hundre år gammal historie, ein god porsjon ettertanke og ei handfull takksemd blanda med litt empati. Eg håpar de tek imot.

Fortsett å lese «HELGERUD-HUSET, Å HØYRE TIL OG NOKOLUNDE»

VISNING OG KVIFOR ÅL?

Kjære folk!

God sundagsmorgon!
Til jul var eg heldig å få Hans Børli «Samlede dikt» av ei god venninne. I dikta hans er det mykje å finne både til glede og til ettertanke. Eg opnar bloggen min i dag med eit Hans Børli-dikt som eg synes høver til desse dagane med så skiftande kjensler.

Dagene
Dagene kommer, kommer –
De ser på meg,
ventende,
fylt av lys som håper.
Så dimmes de i kvelden,
bortvendt, sårt –
Lik barneøyne som strålte av
en forventning
som brast

Fortsett å lese «VISNING OG KVIFOR ÅL?»

NOKO POSITIVT, VENTE PÅ VINTER OG ELVELANGS

Kjære folk!

God laurdag!
Denne helga vil bloggen min, både i dag og i morgon, bere sterkt preg av at eg har vore på Ål dei siste dagane. Eg er her framleis og nyt vakre septemberdagar i strålande haustrvér.

Deler av Sundre i Ål, fotografert fra Veståsen
Fortsett å lese «NOKO POSITIVT, VENTE PÅ VINTER OG ELVELANGS»

Å FINNE RØTENE

Kjære folk!

Det er ikkje så dumt å kjenne og å kjenne på røtene sine.

Det er ein trend i Noreg å leite etter eigne røter. Slektsgransking har blitt stort, og mange nyttar alle tilgjengelege fristunder til å finne opplysningar for å fylle ut eige anekart. Er dei heldige, finn dei og opplysningar om kva som skjedde med forfedrane og -mødrene gjennom livet. Eg har ikkje tålmod til slikt. Med det seier eg ikkje at røter ikkje er viktig for meg. Eg veit mykje om dei to ledda før meg. Det får halde, – i alle fall førebels.

Besteforeldra mine kom alle frå små kår. Dei bokstaveleg tala klatra seg framover i livet, ein frå ein husmannsplass i Gudbrandsdalen og ei frå ei veglaus bygd inst i Sognefjorden. Eg er stolt av småkårsgena mine.

Fortsett å lese «Å FINNE RØTENE»