TANKAR VED BYRJINGA AV 2023

Kjære folk!

Eg har det slik at eg kvar desember gler meg veldig til å ta fram adventstjerna og gjere heimen min raudpynta og juletriveleg. I førjulstida er det finare enn fint å stå opp om morgonen, tusle rundt i det svakt opplyste tussmørkret og kjenne på den barnlege forventninga. 

Når nyårskvelden er over og me har skåla og hoppa inn i det nye året, kan eg nesten ikkje vente med å rydde vekk englar, nissar og raude ljos. Det skal vekk. Fort! Eg vil attende til kvardagsleg orden og struktur utan borddukar, krimskrams og altfor mange støvsamlarar. 

Fortsett å lese «TANKAR VED BYRJINGA AV 2023»

Å OPPLEVE OG Å LEVE OPP TIL

Kjære folk!

Me er snart midt i juni, om berre nokre dagar tek om lag 650.000 grunnskuleelevar sumarferie og i dag er det nøyaktig 109 år sidan det vart vedteke at norske kvinner skulle ha stemmerett. Ingenting av dette skal få plass her på bloggen min sjølv om det kan vere litt av kvart å meine om både lengda på skuleferien og om likestilling mellom kjønna.

I dag er det samanhengen mellom orda «opp» og å «leve» som har starta tankerekkja mi. Sidan det blant anna skulle handle om å leve opp til, vart også ordet «forventning» umogeleg å koma utanom. Men fyrst litt om å oppleve.

Eg gler meg over alle dei fine detaljane rundt huset vårt.
Fortsett å lese «Å OPPLEVE OG Å LEVE OPP TIL»

EIN SKIKKELEG GOD VEN – KVA ER DET?

Kjære folk!

Eg har tidlegare skrive at vener er folk eg både likar og liknar. Eg har og ein del andre ting til felles med mine svært gode vener. Me eig noko saman. Eit eller fleire av desse punkta må altså på lista:

  • Oppleving/samhald i barndomen
  • Felles utfordringar på jobben
  • Deler noko hemmeleg
  • Har hjelpt og støtta kvarandre

Dette gjer at me ofte ikkje treng å seie noko. Me veit at den andre tenkjer på akkurat det same. Me kan sjå kvarandre inn i augo og vite kva som gjeld akkurat no.

img_2012
Min gode ven, Anne og eg ved Vermundsjøen

Fortsett å lese «EIN SKIKKELEG GOD VEN – KVA ER DET?»

ADVENTSTID

Kjære folk!

Desse fire vekene før julekvelden, som me no har gått inn i, skal førebu oss på julekveld og julefeiring. I denne førjulstida vil eg prøve å skrive ned nokre av mine advents- og juletankar. Eg vil stelle spørsmål, fortelje, meine og tru. Kanskje andre kan ha glede av å ta seg eit minutt eller to saman med meg og fundere litt over og tenkje litt etter.

For mange trur eg dagane blir svært travle. Alt skal ordnast og vere på stell. Det skal skine, det skal lukte og det skal smake heimelaga jul. Det kan godt vere at mange har glede av alt dette styret, og eg trur på at det kjennes godt når alt er blankt og reint. Eg har spurt meg om kven eg i tilfelle skulle gjere alt dette for.

IMG_1776

Fortsett å lese «ADVENTSTID»