Kjære folk!
Me er snart midt i juni, om berre nokre dagar tek om lag 650.000 grunnskuleelevar sumarferie og i dag er det nøyaktig 109 år sidan det vart vedteke at norske kvinner skulle ha stemmerett. Ingenting av dette skal få plass her på bloggen min sjølv om det kan vere litt av kvart å meine om både lengda på skuleferien og om likestilling mellom kjønna.
I dag er det samanhengen mellom orda «opp» og å «leve» som har starta tankerekkja mi. Sidan det blant anna skulle handle om å leve opp til, vart også ordet «forventning» umogeleg å koma utanom. Men fyrst litt om å opp–leve.

Eg har uttrykt det så ofte at eg har full forståing for at folk som ikkje bur her på Ål, blir lei av å høyre det, men det er så mykje fint å oppleve her at det er umogeleg å få det med seg alt saman. Det er ei rein glede å ha det slik. Kulturkommunen lever verkeleg opp til kåringa. Det å få eit slikt namn hengande på seg, det forpliktar. Eg både håpar og trur at kåringa som Noregs kulturkommune vil verke som inspirasjon til å fortsette å satse på kultur og fellesopplevingar framover.

Kvart år i slutten av mai er det Folkemusikkveke her på Ål og kvart år blir det invitert til minnerike opplevingar på ulike scener og konsertlokale. Det er viktig for Hallingdal å ha med seg denne grunnmuren i kulturlivet. Desse dagane byr også på triveleg selskap med gode vener.


Dersom me no går over til å sjå på det kvar og ein av oss prøver å leve opp til, er det sjølvsagt slik at me blir forma av andre folk sine forventningar. Dette gjeld spesielt dei menneska me er saman med over tid. Livet vårt er fullt av forventningar, både våre eigne, så vel som alt det andre folk forventar av oss. Me har alle late oss forme av kontakt og kommunikasjon med dei menneska me har hatt rundt oss i livet.
Fordi det ofte er det enklaste, så innrettar me oss etter dei forventningane me trur eksisterer. Me prøver å leve opp til det me opplever at andre ynskjer av oss. Det er ikkje alltid enkelt å «berre vere seg sjølv» slik me ofte blir råda til å vere. Me har jo lært å sjå både andre og oss sjølv gjennom eit slags forventningsfilter. Dette har blitt til gjennom dei omgangsformene me har møtt og dei attendemeldingane me har fått opp gjennom livet. Hos meg har 69 år med forventningar sjølvsagt sett sine spor.

I dei miljøa me kjenner oss heime i, veit me kva som blir forventa av oss. Der kan me rolla vår og der kjenner me oss trygge. Dersom dette blir rokka ved, då blir det utrygt.
Eg hugsar godt korleis det var å vere ung og ny i ei gruppe der forventningane var slik at eg valde å ikkje møte opp fleire gonger. Eg kjende på forventningar som eg korkje kunne eller ville leve opp til.
Her er nokre eksempel på slikt eg synes er vanskelege forventningar, – eller kanskje me kan kalle det sosiale spelereglar:
– Her ber me høgt. Å leie bøna går på omgang. Det blir din tur og det må du vere budd på.
– Det er kjipt med folk som ikkje drikk. Ta deg eit glas eller to.
– Me meiner/trur det same her hos oss og dette er ikkje oppe til diskusjon.
Det er sjeldan at slike forventningar blir uttala høgt, men dei kan likevel bli ganske tydelege. Eg opplever det alltid som ugreitt dersom eg får ei kjensle av at eg må oppfylle slike verdikrav for å bli godkjent som «medlem» i gruppa.

Eg er redd for at mange unge kan kjenne på slikt press frå eit miljø der det for eksempel er viktigare å vere kul og trendy enn å vere glad og ha godt samvit.Eg trur det er viktig, sjølv om det inneber ei utfordring for dei, å oppfordre dei unge til å kjenne godt etter og å våge å velje seg bort frå folk og miljø når ein opplever å møte forventningar som kjennes feil.
Å gjere slike val er av dei ting som har blitt lettare med åra.
Eg veit ikkje kvar eg har det frå, men for ikkje lenge sidan las eg noko slikt som dette:
«Eg hadde brukt halve livet på å bygge dette livet, berre for å oppdage at eg likte korkje fasaden eller interiøret.»
Kan det bli stort tristare?
Kven sine forventningar hadde dette mennesket prøvd å leve opp til?
Når eg verkeleg tenker over denne nitriste setninga, blir det viktig for meg å leve slik at eg kjenner meg heime inne i meg sjølv.

Ei oppleving som handla nettopp om å leve opp til, hadde eg i den tida for meir enn 20 år sidan då eg hadde eit sterkt ynskje om å finne meg ein ny å dele livet med. Eg oppdaga til mi eiga undring at eg etter nokre møte med ein mann som eg trudde at eg likte svært godt, var mest oppteken av å vere slik at han likte meg. Heldigvis fann eg ut at det viktigaste var å finne ein mann som var slik at eg likte meg når eg var saman med han. Det var faktisk ei stund då det var viktigare for meg å leve opp til ein mann sine forventningar enn å vere tru mot mine eigne.

eller ikkje
ved sida, framom eller bak
utan å måtte vite meir
Eit drag over andletet som seier
at dette er nok
Så kven sine forventningar skal me prøve å leve opp til?
Eg veit at eg kan setje skyhøge krav til både meg sjølv og andre. Ganske krevjande, vil nokre seie. Kanskje var det forventningar til meg allereie medan eg låg i magen til mor mi. Eg veit ikkje om det nokon gong vart uttala direkte, men eg visste godt at mor og far ikkje ville at eg skulle banne, eg skulle respektere folk uansett kva dei trudde på og eg skulle vere snill og gjere så godt eg kunne.
Dette er vel slikt som eg har prøvd å leve opp til heile livet sjølv om eg bannar når eg må og rett som det er nøyer meg med å gjere oppgåver godt nok. «Så godt eg kan» tek jo altfor lang tid. No, når eg har nådd livets haust, er det lettare å finne sin eigen veg gjennom forventningsmylderet. Alderen har også gjort at eg har klarare ynskjer og mål for eige liv.

Og då er eg attende til byrjinga på dette blogginnlegget. Oppleving. Eg vil helst ikkje gå glipp av korkje små eller store opplevingar som kjem i min veg.
Eg har allereie snakka om dei store opplevingane. Å finne fram til dei små, er ikkje vanskeleg. Kvar dag kan eg glede meg over grøne marker, blomstrande syriner og den glitrande Strandafjorden. Sansepåverknaden som treff meg i hagen og når eg er ute på tur i denne årstida, gjer at det berre er å ta imot og hugse på å kjenne etter.

Me håpar og me trur.
Me let oss inspirere, arbeider hardt for av og til å kunne nyte det me har oppnådd.
Det gjeld å ikkje ynskje seg det uoppnåelege og hugse å kjenne på den gode opplevinga det er å kanskje klare å leve opp til eigne forventningar. Det er jo dei som er dei viktigaste.
Eg har ofte lese sitat frå sosialmedisinar Per Fugelli. Eit av dei er slik: «Vi setter for store krav til oss selv og våre omgivelser, så store at de aldri kan nås. En god resept på et godt liv er å gi litt mer faen. Vi krever så mye av livet vårt, og når virkeligheten ikke stemmer med glansbildet, tror vi at vi er syke.» Det er ikkje berre enkelt dette heller. Det gjeld i alle fall å gje faen i dei rette tinga.
I sumar forventar eg at eg tek meg på tak, set meg ned med noko søtt i glaset og let humla suse. Eg håpar å kunne leve opp til det. I alle fall av og til.

Med ynskje om alt godt til deg som les.
Sumarleg helsing frå
Karen-Margrethe