VERDIGE AVSLUTNINGAR

Eg hugsar godt at me, då eg var elev ved Nedre-Ål skule, hadde med oss ein blomebukett den siste dagen kvart skuleår. Buketten skulle stå på pulten vår og markere at no var det sumar. Dette, at me song om solskin og blomar og at eg hadde kjole på meg, gjorde at avslutninga på skuleåret vart eit skikkeleg punktum. Eg hadde skrive litt meir i boka om livet mitt og var klar for å bla om, gå vidare, – men fyrst var det ferie.

Livet var og er fylt av byrjingar og avslutningar, – og av vegval- Skal eg halde fram den rake vegen framover eller er det på tide å avslutte dette, gje meg og ta av inn på ein sideveg?

Kor viktig er avslutninga?
Eg trur at utan gode avslutningar blir det vanskelegare å gå vidare. Og når det gjeld å få til ei god avslutning, så stemmer eg for allsong, diktlesing, bordsitje og lange talar. Slike stunder skal helst vere føreseielege, gjerne litt kjedelege og ta litt lang tid. Utan ein skikkeleg finale kan ting bli hengande i lufta, usagt, utan svar, utan ferdigstempel. Utan ei avrunding kan tankar og kjensler bli tyngre å bere. Utan eit skikkeleg adjø kan det bli vanskelegare å starte på nytt.

Kvar sumar hender det at avslutninga på fine dagar her på Ål saman med gode folk, skjer slik.

Eg har hatt arbeidsplassar som har vore slik at eg har vurdert å skrive oppseiingsbrev lenge før eg valde å gjere alvor av det. Eg er nok ikkje aleine om å ha valt å bli i ein jobb trass i låg motivasjon og ein leiar som var prega av alt anna enn tillit, takksemd og arbeidsglede. 
Eg har også slutta i det som har vore draumejobben fordi resten av livet kravde at det måtte bli slik. 

Ein skal ikkje undervurdere kor viktig det er å få til ei god avslutning på eit arbeidsforhold. Eg har hatt både gode og mindre gode avslutningar på dei arbeidsplassane eg har vore opp igjennom. I ettertid har eg tenkt på at det burde skapast rutiner for korleis ein syrgjer for eit verdig og profesjonelt punktum. For både den tilsette og for leiaren vil det blant anna kunne vere godt med ei sluttsamtale. Gode avslutningar har vore ein av dei tinga som har gjort meg til ei som har snakka vent om både arbeidsplassen eg gjekk ifrå og om sjefen der.

Anne Berit er ein god samtalepartnar, – og det var den tredje som deltok i samtalen, Målfrid, som tok biletet. Då me gjekk frå kvarandre den dagen, avslutta me med å fortelje kvarandre at det hadde vore kjekt å vere saman.

Når einkvan døyr er gravferda det siste møtepunktet for alle dei som stod denne personen nær. Det handlar om å ære eit levd liv og dele sorga med andre. Seremonien bidreg til å avslutte relasjonen til den som er død. Dei frammøtte kan minnast, kanskje dele forteljingar og/eller vere stille saman i ettertanke. Gravferda kan gjere at me innfinn oss med at eit høgt elska menneske ikkje er blant oss lenger. Sjølv om seremonien bringer fram minner, tårer og sår lengt, kan det bli lettare å gå vidare etterpå. 

Desse gravene står i det eine hjørnet av stavkyrkjetufta på Ål.

Eit brot er alltid smertefullt, – meir eller mindre. Dei som går ifrå kvarandre bør prøve å få til avslutninga på ein så roleg og mogen måte som mogeleg. Når me vel å avslutte eit kapittel av livet vårt, bør me freiste å gjere det på ein slik måte at dagane som kjem, ikkje blir for tunge og umogelege å kome seg gjennom. Vanskeleg? Ja, så klart det er det, men me skuldar oss sjølv og den andre å vere tydeleg, ærleg og utan å uttrykke for mykje negativitet. Eg veit at det er mogeleg for begge å gå vidare med brukbar sjølvkjensle. Eg veit også at det er mogeleg å halde fast på alt det gode ein har opplevd, hugse på det og ta det gode med seg utan å degge for dei bitre og sinte kjenslene.

Eg veit også korleis det kjennes når folk går sin veg utan å takke for det som var.

Det er gode ritual for byrjinga på det meste, – eit liv, skulegang og ekteskap. Det finnes gode ritual for avslutninga på eit liv, skulegang, men ikkje på eit ekteskap. Det burde det vere. Me treng gode avslutningar for alt som er over.

Eg har så langt vore i to bryllup denne sumaren. I Tyskland hadde Carina og Nico blant anna pynta bilen med vakre blomar for å ein fin start på ekteskapet sitt.

Det seiest at når me let att ei dør, vil det alltid opne seg ei ny. Eg vel å tru at når noko tek slutt, kan me gå vidare som eit litt klokare menneske. Det er vel slik at den personlege lukka er vårt eige ansvar. Me har også ansvaret for å vere modige nok til å setje verdige punktum når me meiner at det er naudsynt.

No har eg skrive om store og vanskelege avslutningar. Dei fleste av oss opplever heldigvis ikkje  mange av desse. Men dei små og enkle avslutningane er også viktige, – slike som å takke for maten, takke for seg, takke for samveret, takke for den gode samtalen og takke for i dag. Etterpå kan me roleg rusle vidare i livet og håpe at me har avslutta på ein så god måte at fortsetjinga blir god for fleire enn oss sjølv.

Dette biletet er frå fantastiske «Sommeropera på Sehl» Det var både vakkert og morosamt. Songarar og musikarar gav oss anledning til å både klappe og juble då det var over.

Ein avslutningsdebatt som kjem opp kvar einaste vår, handlar om avslutninga på 13 års skulegang.
Eg lurar på kvifor denne avslutningsfesten må innehalde så mykje fyll, kvifor songane må vere så kvinnediskriminerande og kvifor det er naudsynt å bruke så mykje pengar. Det som verkeleg gjer meg trist, er at ikkje alle 18 -19-åringane får oppleve kjensla av å høyre til. Denne avslutninga  nokon av dei vaksne vere med å ta ansvaret for, – og den ansvarstakinga kan dei ikkje vente med til våren kjem og nye ungdomar må oppleve å bli ståande utanfor.

No er det sumar. Denne buketten plukka eg med meg på ein liten tur Elvelangs. Eg fann 31 slag utan å leite. Her er 29 av dei. Brennesla og Geitramsen fekk ikke vere med meg heim.

I dag er det heile 53 dagar til august pakkar saman denne årstida og me må avslutte sumaren 2022. Før den tid skal eg freiste å ordne meg mange dagar med gode både byrjingar og avslutningar. Det jo er ofte dei dagane som kjennest som dei aller beste.

Eg avsluttar med bilete av noko som eg fann i botnen av tomateska her ein dagen. 


Nei, forresten, – sidan eg skriv om avslutningar, så vel eg å avslutte ein gong til. Det gjer eg slik: Eg treng korkje å like eller å forstå alt. Det som er sanning for andre, treng ikke å dere sanning for meg. Men me må stå saman om å slå fast at det er ein menneskerett å få vere den ein er og å elske den ein vil.

Ha ein god og fargeglad sumar alle saman!

Venleg helsing frå
Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: