Kjære folk!
Så langt har eg hatt ein super sumar med huset fullt av små, store og glade folk og i tillegg har me hatt mange gode opplevingar i den finaste dalen.
Midt oppi alt dette har eg likevel merka at eg har ei fullt bemanna analyseavdeling oppe i hovudet mitt. Eg tippar at slike avdelingar er arvelege, for eg kan hugse utsegn frå både mor mi og far min etter at ein av dei hadde analysert seg ferdig og kunne forklare og gje svar på eit problem. Eg trur at eg stort sett alltid svarar slik dei ville ha gjort. Kanskje det var slik at då foreldra mine døyde, så tok alle dei små analytikarane som var engasjert oppe i deira hovud, plass i mitt. Det kjennest i alle fall som om det er litt for fullt i den delen av toppetasjen av og til.

Denne sumaren har eg freista å seie opp ein del av desse analytikarane mine. Eg likar dei ikkje. Eg likar i alle fall ikkje dei vurderingane dei kjem med. Dette skal eg kome attende til, men fyrst litt om det eg elskar at analyseavdelinga mi driv med.
Analyse er eit viktig grunnlag for all kompetanse. Eg likar ting eg ikkje heilt klarar å forstå med det same. Når eg har lest eller høyrt noko, er det fint å kunne leggje det fram for nettopp den avdelinga oppe i hjernen, stille nokre spørsmål og prøve å finne ei meining med slikt som ikkje ligg heilt oppe i dagen.
Eg innrømmer gjerne at det me dreiv med av tekstanalyse på skulen slett ikkje alltid var morosamt. Den gongen vart det lagt altfor lite vekt på eiga oppleving av ein tekst, for når det gjeld skjønnlitteratur, så er det vel opplevinga som er det viktigaste. Tekstanalyse utan oppleving kan jo ta drepen på all leselyst.

Medan eg er inne på skule; grammatikk var morosamt. Eg likte godt å pusle med oppbygging av setningar, ordklassar og forholdet mellom dei ulike setningsledda. Det var nok kjensla av å få det til å «gå opp» som gjorde at det var stas.
Aller mest stas var det nok den dagen eg forstod at dei grammatiske reglane ikkje var laga for at me skulle ha noko å pugge. Reglane var laga etterpå, etter sjølve språket – nettopp for at me skulle forstå.
Denne språkdelen av analyseavdelinga mi jobbar jamnt og trutt. Ho kan innimellom vere såpass aktiv at det kan irritere i heimen når eg snakkar høgt til TV-skjermen og for eksempel seier at «Det heiter ikkje upolitisk korrekt, tullebukk.» eller «Ekspresso, du liksom.»
For meg kan dei små grå som held på med dette analysearbeidet berre halde på. Eg likar dei, men eg bør ta meg saman og ikkje la alt arbeidet deira tyte ut av munnen min fullt så høglydt og bastant kvar gong dei kjem med ei av analysene sine.

Så var det desse analytikarane som eg har prøvd å sende på sumarferie.
Ei analyse kan vere å bryte opp eit fenomen i einskilde delar, undersøke kvar del for seg for deretter å setje dei saman att og sjå på heilskapen. Akkurat dette har dei analytikarane som eg gjerne vil permittere, fått med seg eitt hundre prosent. Spesielt er dei opptekne av dei einskilde delane. Dei er raske, effektive og slår til med det same anledninga byr seg, – det vil seie når eg for eksempel skal finne ut kva eg skal ha på meg, pakke kofferten eller når eg går forbi ein spegel.
– Hallo, du kan ikkje gå i kjole utan erme. Har du gløymt kor gamle armane dine er?
– Bikini? Er du galen?
– I den trusa får du minst fire rumper. Du har blitt laus i fisken, veit du.
Slik held dei på. Eg er dritlei dei.

Eg har spurt desse små analytikarane mine om dei er klar over kva eg meiner er det viktigaste i livet mitt. Eg har også bedt dei om å skjerpe seg og heller vere opptekne av alt det eg har å vere takksam for. Det har hjelpt. Eg har til og med høyrt vurderingar slike som
– Beina dine er framleis sterke. Gå i shorts du. Styrke er viktigare enn å ha skrukkefrie lår.
– Gå i dei kleda du trivst best i. Dersom du møter folk som bryr seg med at noko tyt eller dinglar for lite eller for mykje, så er det deira problem.
For kven er det eigentleg som er sjefen for denne analyseavdelinga? Eg må jo innrømme at det er meg sjølv. Eg får prøve å vere ein slik god sjef som kjem med klare forventningar og gir tydelege beskjedar. Eg får jo uansett ikkje sagt opp dei små idiotane, og det er vel eg sjølv som har lært dei opp til å kome med slike kritiske analysar. (Men kven som har lært opp meg og kven som har skapt slike urealistiske ideal for meg, for oss, for alle, – det er ei sak for seg.)
Kva blir konklusjonen på dette analysearbeidet?
Hjernen tek ikkje fri. Hjernen er programmert til å løyse problem, rydde opp og halde på. Det er eg som er sjefen. Eg har sjølv ansvaret for kva slags tema analytikarane mine skal bry seg med.

Eg vil jo aller helst kjenne på takksemd.
Eg veit jo at eg har alt det som er verdt å ynskje seg her i livet.
Det er jo det eg må fortelje analytikarane i analyseavdelinga mi slik at dei kan konsentrere seg om noko anna enn korleis eg ser ut i sumarklede .
No har eg analysert meg ferdig for i dag. Analyseavdelinga treng ei påskjønning og eg veit at hjernen er laga slik at når dei små grå får den musikken eg har lært dei opp til å like, – då blir det glede.
Sjølvsagt blir det også ei lita analyse av takt, rytme, instrumentbruk, melodiføring og harmoniar, – men etterpå, – då kan det til og med bli avdelingsfest.

Eg ynskjer alle som les dette ein framifrå augustmånad i fortsettinga. Her på Ål, rett nedanfor huset vårt, på andre sida av riksvegen, er det full fest i dag med Hellbillies på Heimebane. Stor stas.

Ha det godt til me sjåast neste gong, – sannsynlegvis i september.
Sumarleg helsing frå
Karen-Margrethe