ANALYSEAVDELINGA MI

Kjære folk!

Så langt har eg hatt ein super sumar med huset fullt av små, store og glade folk og i tillegg har me hatt mange gode opplevingar i den finaste dalen.

Midt oppi alt dette har eg likevel merka at eg har ei fullt bemanna analyseavdeling oppe i hovudet mitt. Eg tippar at slike avdelingar er arvelege, for eg kan hugse utsegn frå både mor mi og far min etter at ein av dei hadde analysert seg ferdig og kunne forklare og gje svar på eit problem. Eg trur at eg stort sett alltid svarar slik dei ville ha gjort. Kanskje det var slik at då foreldra mine døyde, så tok alle dei små analytikarane som var engasjert oppe i deira hovud, plass i mitt. Det kjennest i alle fall som om det er litt for fullt i den delen av toppetasjen av og til.

Fortsett å lese «ANALYSEAVDELINGA MI«

TRUSFRIDOM

Kjære folk!

Eg meiner at det er ei misforståing mange har når dei seier at tru og religion er same tingen. Trua er berre ein del av dei tankane, handlingane, verdiane, rituala og gjenstandane som til saman utgjer eit system, – ein religion.

I Bibelen vert tru definert slik i Hebreerne 11.1.:
«Tro er den sikre forventning om det man håper på, det tydelige bevis for virkelige ting, enda de ikke ses.»
(Eg er lei for at eg ikkje fann sitatet på nynorsk og at eg heller ikkje fann definisjonen på tru frå nokon anna religion. Kanskje einkvan av dei som les dette kan hjelpe meg.)

For å svare på kva tru er, må me vel også spørje for kven? Nokre meiner at trua er ein privatsak, medan andre helst vil dele trua si med så mange som mogeleg.

Fortsett å lese «TRUSFRIDOM»