Kjære folk!
Eg meiner at det er ei misforståing mange har når dei seier at tru og religion er same tingen. Trua er berre ein del av dei tankane, handlingane, verdiane, rituala og gjenstandane som til saman utgjer eit system, – ein religion.
I Bibelen vert tru definert slik i Hebreerne 11.1.:
«Tro er den sikre forventning om det man håper på, det tydelige bevis for virkelige ting, enda de ikke ses.»
(Eg er lei for at eg ikkje fann sitatet på nynorsk og at eg heller ikkje fann definisjonen på tru frå nokon anna religion. Kanskje einkvan av dei som les dette kan hjelpe meg.)
For å svare på kva tru er, må me vel også spørje for kven? Nokre meiner at trua er ein privatsak, medan andre helst vil dele trua si med så mange som mogeleg.
Det som er heilt sikkert er at ein ikkje må vere medlem i eller støtte seg til eit trussamfunn for å ha ei tru. Sjølv om ein er overtydd om at det finnes noko guddommeleg, må ein ikkje vedkjenne seg til ein spesiell religion. Det må altså meir til enn ei tru for å kunne kalle det ein religion.
I paragraf 14 i «Lov om trudomssamfunn og ymist anna» (eg tullar ikkje, – det heiter det), finn me ei liste over kva ein må gjere greie for dersom ein vil registrere eit trudomssamfunn:
- namn og tilskrift til trudomssamfunnet
- truvedkjenning og lære
- oppbygging, verksemd og utbreiing
- namnet til kvar styresmann
- namn og arbeidskrins til kvar prest og forstandar
- dei føresegnene som samfunnet har om føremålet, om kven som kan høyra til samfunnet, om røysterett, om målsmenn for samfunnet, og tenestemenn, om brigde i vedtekter og om oppløysing og liknande.
Alle er samde om at religiøse lover, reglar og pålegg har gjort menneska mykje vondt, og me meiner alle mykje om religionane si rolle opp gjennom tidene. Men at religion kan vere ein dårleg ting, må ikkje bety at det er ein dårleg ting dersom eg eller du trur på ein gud (eller på noko anna for den saka si skuld). Det kan sjølvsagt vere både bra og mindre bra for den som trur å ha ei tru, men mykje tyder på at det å ha noko å tru på kan ha ein positiv verknad på livet.
Men når me er så heldige at me lever i eit land der me kan tru på absolutt kva me vil og høyre til i kva slags religion eller livssyn me ynskjer, då må me samstundes ha ytringsfridom. Ytringsfridom er naudsynt, – og då kan heller ikkje religionane sleppe unna. Me må kunne meine kva me vil om religionane, – og sjølvsagt må me også ha lov til å framføre meiningane våre med utestemme. Det fyller oss med sinne når vonde handlingar vert utførde i Guds namn og når maktpersonar nyttar religiøse kjensler for alt dei er verdt i kampen sin.
Me treng ikkje leite lenge for å finne fæl og hjartelaus framferd som blir utført i religionens namn. Derfor må det vere heilt på sin plass å kome med kritikk når ein religion for eksempel krev åtferd som går på tvers av menneskerettane eller Noregs lover.
Når me snakkar om tru og religion, er generalisering like dumt som elles i debattar. Det er provoserande når ein i eit ordskifte vert møtt med argument som inneheld «kristenfolket» eller «desse muslimane». Kven er det dei snakkar om då? Dersom ein meiner mørkemenn og fundamentalistar, då får ein seie det. Då er det heller ikkje sikkert at så mange vil kjenne seg krenka for deretter å kjenne eit dei må krype ned i skyttargravene sine og sende generaliseringsskyts attende.
Dersom me ynskjer gode samtalar om religion, er det kanskje óg bra å kjenne på den grensa som går mellom å kritisere og å harselere, – sjølv om det ikkje er ein menneskerett å få gå rundt heile livet utan å kjenne seg krenka. Me har vel alle noko som er det ein kan kalla «heilagt». Når nokon trør inn på slik mark, gjer det minst vondt dersom dei tek av seg piggskoa fyrst.
Helsing frå K-M
Hei, og takk for sist.
Når det gjelder tro har jeg laget noen linjer som jeg synes er til ettertanke.
Det handler om det å ikke kunne ta og føle på det som en tror på.
Vandring i naturen.
To venner er ute i naturen en vakker høstdag,
rundt de to pusler vinden i små andedrag.
Den ene sier så til den andre,
er det noe liv etter at vi fra jorden må vandre?
Den som spørsmålet fikk – ga følgende svar,
synes du det er vanskelig å skjønne at vi en skaper har?
Tenk deg vinden som rører på busker og blad,
du kan ikke se den, men vi vet den er der – det gjør deg vel glad.
Slik håper jeg du kan føle skaperens herre,
han lager det gode som vi mennesker ødelegger, dessverre.
Kan dette være med å styrke din tro,
håper jeg du vil skjønne at vår skaper han er god.
Erg.
Ha en fantastisk fin høstdag 🙂
LikerLiker
Takk for sist, Ragnar, og takk for orda dine om tro. Håper du også får fine oktoberdager framover!🍂☀️
LikerLiker