Å SNAKKE OM TRU

Kjære folk!

Eg trur det ville ha vore bra for oss om me snakka meir med kvarandre om tru og brukte mindre tid på å diskutere religion.

Eg har hatt mange gode og lange samtaler om å tru og om ikkje å tru, om å tvile og om å lure på det meste. Gjennom slike stunder har eg og samtalepartnaren min kome nærare kvarandre og funne ut at dei aller mest interessante samtalane har me når me trur og/eller ikkje trur det same.

Å ynskje å tru
Det er ein veg å gå
mellom det eg trur
og det eg skulle ynskje.
Sjølvsagt ynskjer eg meg
ei som ser meg og som
passar på
Sjølvsagt skulle eg gjerne
ha ei god ei,
ei evig ei,
ei som alltid er
og vil vere
Men eg har ein veg å gå
mellom det eg trur
og det eg skulle ynskje
Den vegen heiter
tvil

IMG_3918

Dei spør
Dei spør om Gud
er
han eller ho
mor eller far
Nei, seier eg,
bestemor!
Bekymra og omsorgsfull
ser ho på oss,
som for kvar generasjon
flytter
endå lengre unna
Ho vil hjelpe,
men må vente
til nokon spør

Ingen bryr seg om
korleis det er
å vere Gud,
og mangle oversikt,
å vere Gud
utan kraft
Ingen andre
enn
bestemødrene

Det er godt å sleppe å vere redd for å bli sett i fengsel for slikt som dette.

Helsing frå K-M

 

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: