MENN EG VIL TAKKE

Kjære folk

Livet mitt har sjølvsagt handla mykje om dameting, kvinnfolkgreier, venninneprat, småjentetankar, kvinnekamp og alt slikt som har hatt sin naturlege plass i eit kvinneliv. Slik har eg det jo framleis og mange av dei personane med viktige plassar i kvardagen min i dag er nettopp kvinner.

Av alle dei kvinnene eg har og har hatt i livet mitt, vil mor mi alltid ha den fremste plassen.

I dag vil eg likevel skrive om menn, – og til og med utan å nemne dei tre mennene som står meg aller nærast og som oftast er i tankane mine. Det har seg nemleg slik at korkje mannen min, sonen min eller barnebarnet mitt ville ha sett særleg stor pris på å få omtale i bloggen min.

I dag set av plass til dei mannfolka som eg aldri har fått takka. Ein fordi eg av naturlege årsaker aldri har møtt han, andre fordi det ville ha vore litt rart eller kanskje til og med litt upassande å takke den gongen. Eg vil også takke dei som har utfordra meg og fått meg til å opne opp. Til sist ein takk til alle dei mennene som har forstått kva dei skal gjere for å fortene takksemd frå ei kvinne.

Eg har sjølvsagt ikke bilete av dei mennene «mine» som har fått omtale på bloggen i dag, så desse karane på benken her får duge som illustrasjon.

Eg startar med menn som på eit eller anna vis har vore innom og vore «min». Dei har alle bidratt til at livet mitt vart akkurat slik det vart.

No seier eg
takk til han som gjekk sin veg 
og ver så god til han som kom
og blei
Takk til han som dansa meg varm
og ver så god til han som køyrde
meg heim
Takk til han som lo av alt eg sa
og ver så god til han som græt
ved bringa mi
Takk til han som masa om meir
og ver så god til han som fekk alt
det eg hadde å gi
Takk for det eg fekk lære
og ver så god for det eg gav
Takk for søtt og for salt
og ver så god for det eg sjølv måtte bere.

Ein mann eg gjerne skulle ha møtt, er Ivar Helgesson Dengerud Helgesen. Eg har leita etter informasjon om denne karen. Forteljingane om han er ikkje så mange, men dei eg finn, lagar eit tydeleg bilete av ein handlingens mann.

Under her finn du det ein kan kalle CV-en hans. (Fanejunker var den høgste underoffisergraden i Noreg fram til 1930. Den vart tildelt kommandersersjantar etter fem års teneste.)


Sidan han var ordførar i Ål i to rundar (1911 -1916 og 1923 – 1924), fann eg portrettet hans på veggen i kommunestyresalen.

Ivar Helgesen

Det eg fyrst og fremst vil takke han for, er at han bygde huset eg bur i. I bygdeboka står det at «Ivar Helgesen kjøpte seg ei steinurd på Stave og bygde seg hus der».
Eg kan sjå han for meg der han gjekk langs Sundrevegen, på veg til og frå lærarjobben sin på Skattebøl skule. Kanskje han tenkte at akkurat her hadde det vore fint å bu. Kanskje han gjekk opp mellom steinane, sette seg ned og såg at her ville sola skine heile dagen det meste av sumaren.

Dette fotografiet har kanskje hatt plass på veggen i huset vårt i meir enn hundre år.

Me har meir å takke Ivar Helgesen for. 
Mykje av velstanden i Ål kan bygda takke Ål Kraftverk for.
Då heradsstyret I Ål hadde møte 11. februar 1913 og vedtok å bygge kraftverk, stod ikkje saka på sakskartet. Då ordførar Helgesen la fram eit benkeforslag om kraftveksbygging, forlèt tre representantar møtet i protest mot ordføraren sitt råkøyr. Orførarens forslag vart vedteke med 9 mot 6 stemmer. Dersom alle representantane hadde vore til stades, hadde saka blitt avvist.

Kåre Olav Solhjell omtalar det slik i kraftverksoga:
«Sjeldan har eit kommunestyre gjort eit vedtak på eit så sviktande grunnlag. Og sjeldan har eit kommunestyre gjort eit vedtak som fekk så vidtrekkjande følgjer for kommunen

Eg har vore kulturrunde-guide i sumar. På kvar runde har eg fortalt om brannen på Sundre 11. mars 1931 og at gamleordførar Ivar Helgesen sat oppi bakken ovanfor Sundre og passa på ei kiste med protokollar og pengar medan brannen var på det varmaste. Han skal ha takk for det og.

Oppi bakkane her bak «Gamlebanken» (til venstre på biletet,- det som no er vakre Aal Pensjonat) sat gamleordføraren medan brannen herja. (Dersom du ser godt etter, kan du skimte teikn på den hausten som no er på veg.)

No bur eg altså i huset til denne militærmannen, høgremannen, riksmålsmannen og småluringen av ein ordførar. Eg tenkjer på han innimellom når eg stryk over dei same tømmerveggane som han la hendene sine på, når eg opnar dei gamle dørene, trekkjer opp det gamle vegguret og når eg går opp vegen mot det kvite huset der han også hadde sin daglege gange. Eg trur han hadde eit rikt liv her.

Me har prøvd å ta vare på den meir enn hundre år gamle sjela i huset.
Dette gamle vegguret har fulgt med huset frå eigar til eigar til eigar.

Eg er slett ikkje sikker på at Helgesen og eg hadde vore samde om så mange ting dersom me hadde sete saman rundt bordet her, men eg trur han hadde likt å bli invitert inn og å få høyre at han framleis blir hugsa og omtala.

Kva med alle dei andre mennene som burde hatt ein takk?
Rekka er lang av komponistar, forfattarar, andre kunstnarar, lærarar og alle som har opna augo mine for noko nytt, fått meg til å tenkje, le eller grine, – eg takkar dei alle.
Sjølvsagt har eg heller ikkje gløymt den viktigaste av dei alle, far min, som tidlegare har fått varm omtale fleire gonger her på bloggen min.

Her er far i sitt rette element på denne tida av året.

Heilt til slutt vil eg takka alle menn som har heia på, oppmuntra og støtta mødrer, kjærastar, koner, døtrer og venninner. Dei som ikkje har oppført seg så bra mot kvinner at dei fortener ein takk, dei kan ta seg ein bolle. (Gå og kjøp deg ein, – dei har kjempegode rosinbollar på Ål Bakeri!)

Ta deg ein bolle! Den er til og med mjølkefri!


Så ynskjer eg alle ein god haust. 
Ver snille med kvarandre!

Helsing frå
Karen-Margrethe

PS
Ein særskilt takk til deg som møtte meg på Kjerringtorget for eitt par veker sidan. Eg kjenner deg ikke, men det var eit inspirerande møte. Solsikka her er til deg.
DS

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: