SLIKT EG LIKAR

Kjære folk!

Katastrofane trugar. Den forferdelege krigen i Ukraina rammar også globalt i form av økonomisk nedgang og mat- og energimangel. Det er både natur- og klimakrise som stadig rykker nærare. Både havnivået og temperaturen i havet stig. Alt dette etter at verda har vore gjennom fleire år med pandemi. Kvar skal me hente håp i ei så håplaus tid? I tillegg til aldri å slutte å bry seg, er det rett og slett naudsynt å leite etter og å finne fram kvardagsgledene. 

For meg, som er ein av verdas aller heldigaste heldiggrisar, handlar det fyrst og fremst om å vere merksam på alt det gode eg har i livet mitt. Sjølv om eg trur at eg er ganske flink til å ta vare på dei små gledene, har eg likevel dei siste månadene vore spesielt oppteken av å kjenne etter kva som gjer meg godt. 

Overskrifta kunne ha vore «det skal som oftast ikkje så mykje til» eller «herregud så heldig eg er», men eg valde «SLIKT EG LIKAR». Så enkelt trur eg faktisk det er. Det viser seg også at det aller meste av det eg set stor pris på er ganske billig. 
Her kjem ei slags illustrert liste over gode greier. Den er fullstendig ufullstendig, altså svært mangelfull, og veldig prega av personlege opplevingar som eg har hatt denne seinsumaren og tidleghausten.

Nummer ein på lista mi er hausten. Eg har alltid visst at det er favoritten.

Lars Lillo-Stenberg seier det så godt:»At høsten kommer er noe vi alle kan stole på. Den er ikke som våren som kommer og går uten at man forstår.»

Eg var godt vaksen då eg oppdaga gleda over å ha ein hage. No kjenner eg ei djup tilfredsheit over å kunne dytte eit frø ned i jorda for så, nokre veker seinare, å kunne gjødsle og vatne planter med vakre kronblad i mange fargar.
Hausten er ei god tid for å rydde og ommøblere i blomebeda. Så kan vinteren kome og dekkje alt med rim og snø slik at plantane får gå i dvale for så å kunne spire på nytt til våren att. 
Å bu i ein hage handlar om rein magi av bitte små underverk. Å bu i ein hage gjer at ein kan glede seg over både regndråpar og solstrålar, fordi alt det som gror har godt av båe delar.

Ein halvtime med jord under neglene kan redusere stressnivået heilt utan negative biverknader.

Det luktar slik det gjorde på mormor sitt kjøkken i august. Det smakar slik det gjorde heime då eg var lita. Det er stas å gjere det slik kvinner i generasjonar før meg har gjort det. Det kjennes godt å få det til. Eg likar å vite at nede i kjellaren har me hyller fulle av saft og syltetøy laga av bær som er plukka i eigen hage og konservert på gamlemåten.

Smaken av heimelaga saft = smaken av barndom

Det neste punktet på lista mi er ganske overraskande, – til og med for meg sjølv. Arbeidslivet mitt har i stor grad bestått av ulike møte og møteplassar. Som pensjonist var det kanskje naturleg at eg kunne glede meg over eit møtefritt liv. Sanninga er at eg likar å få innkalling med sakliste, eg gler meg over god møteleiing og eg set stor pris mogelegheita til å påverke resultatet. Ekstra stas er det å kunne diskutere med trivelege, engasjerte menneske som vil andre vel.

På augustmøtet i Ål Frivilligsentral møtte Turid oss med smil, god tilrettelegging og ein diger bolle med nyplukka molter. Slikt er lett å like.


Forskning seier faktisk at dei menneska som arbeider frivillig, er lukkelegare enn andre. Det kan sjølvsagt ha seg slik at det er dei som allereie er lukkelege som melder seg til frivillig teneste, men for meg er det som oftast det same kva for rekkefølge gode ting kjem i. Poenget mitt i dag er at eg likar å gjere ein liten innsats. Det gjer at eg får sosiale kontaktar, eg blir kjent med hyggelege folk og livet får meir meining.

Dette biletet er frå Frivilligmessa som vart arrangeret i Ål 23. august. Her står eg mellom Trond Kleppen og styreleiar Ida Marie Holen.

For ei tid attende kjøpte eg meg bomullsgarn og mønster. Eg ville strikke meg ein ny genser. Då eg hadde strikka bolen til oppunder armane, var det lett å sjå at inni der kom det ikkje til å bli plass til meg. Saman med ei utslitt Ola-bukse, vart den halvferdige genseren til ei ny veske, eller ein tote bag eller shopper som slike poseliknande vesker med to handtak visstnok blir kalla i dag. Uansett namn; maken til denne er det ingen som har. Eg er nøgd fordi eg har laga noko som kan brukast i staden for at ting blir kasta. Eg likar altså å lage ting og vil prøve å gjere meir av slikt når vinteren kjem.

Veska er pynta litt ekstra med ein button frå Mållaget og ei gladkjerring kjøpt på Kjerringtorget.

Det er alltid morosamt å prøve noko nytt. Når målet er så enkelt som å treffe ei korg med færrast mogeleg kast, då kan alle delta. I år har me vore tre generasjonar som har hatt det morosamt saman med å spele frisbeegolf. Vann eg? Nei, eg vinn stort sett aldri når me driv med slike fysiske øvingar. Det bryr eg meg heller ikkje om. Eg likar å leike. Eg likar slike sosiale aktivitetar som alle kan vere med på.

Neste sumar er eg klar for turar i den nye freesbigolf-løypa i Ål. Ikkje fordi eg er eller skal bli flink. Berre fordi det er moro å leike.

Då me måtte ein tur til Bergen i månadsskiftet august-september, fann eg ut at eg nesten hadde gløymt kor innmari glad eg er i å ta toget. Det er så forunderleg fint å kunne sitte i ro og sjå landskapet fare forbi. På toget kan eg lese, sove, strikke, tusle rundt litt når ryggen krev det og korkje eg eller dei eg reiser saman med må bry oss om trafikkreglar, vikeplikt eller andre trafikkantar. Dessutan stoppar Bergensbanen på stader eg ikkje har vore sidan eg var jente. På turen til Bergen fekk eg peike, fortelje og minnast gode dagar hos mormor og morfar. Ikkje å forgløyme; ein togtur er klima- og miljøvenleg. 

Bergensbanen vart opna i 1909. Ålingane heisa flagget den dagen det vart klart at toget skulle gå gjennom Hallingdal. Her er eg på veg over Hardangervidda og ned til fjorden.

Då me var i Bergen nytta me sjølvsagt sjansen til å oppleve byen. 
Eg kunne vel ha vore 8 – 10 år gammal den fyrste gongen eg vitja den byen. Eg hugsar me vitja Fløyen og Akvariet, men det som gjorde det sterkaste inntrykket på meg, var Håkonshallen. I august fekk eg igjen oppleve den vakre steinhallen der Magnus Lagabøte både gifta seg og vart krona.
Eg likar å vandre mellom gamle steinmurar, kjenne på stemninga, sjå ljoset sleppe inn gjennom gluggar og spissboga vindauge og høyre historier før i tida. Eg likar å vere turist i Noreg.

Håkonshallen har ei grunnflate på 37 x 16,4 meter og er den største verdslige bygningen frå mellomalderen som framleis står i Noreg. Flott, ikke sant?

Det er vel ofte slik at fyrst når me blir fråteke noko, då merkar me kor verdifullt nettopp dette er for oss. Dei siste vekene har eg ikkje kunna kome meg særleg langt unna huset, – og eg har kjent på kor inderleg glad eg er i å gå. Til og frå Sundre, Elvelangs, Øvre-Ål rundt, i tjukke skogen, på fortauet langs travle bygater og på aude fjellstigar. Eg kan ikkje kome på ein einaste negativ ting med å gå. For oss litt gamle er det skånsamt for kroppen samstundes med at det styrkar skjelettet og gjer kretslaupet sunnare. Eg er også brennsikker på at ein gåtur kan gjere underverk for humøret.

Dette biletet er frå ein rusletur hand-i-hand tidlegare i år.

No har eg lest over det eg har skrive, og ser at det kan kome minst to kritiske merknader:

Kritikk 1:
Dette ser ut som sjølvskryt. Sjå alt det eg kan! Eg kan sylte, safte, sy og strikke, – og i tillegg jobbar eg frivillig.
Forsvar:
Ja vel, men det var altså ikkje det som var poenget. Alle bør drive med ting dei får til, prøve noko nytt innimellom og hjelpe til med litt av og til. Det blir gode liv av slikt.

Kritikk 2:
Det er  mange ting som burde ha vore med på denne lista. Dette var eit merkeleg utval.
Forsvar:
Sjølvsagt er det heilt rett, og eg kan lett ramse opp gode ting i fleng: Å tulle, tøyse og flørte, smil som når augo, å vere saman med gode vener, å vakne om morgonen utan å ha vondt nokon stad, skifte av årstider, at det er vatn i bekken, kloke politiske debattar, gode og overraskande poeng, lyden av ein obo, å danse vals med ein som kan føre … 

Men kan ikkje du kjenne etter og lage deg di eiga liste? … og ta bilete medan du tenkjer etter. Det gjer at du kan konsentrere deg endå betre om slikt du likar.

Lønna vår er aller vakrast om hausten.

«Så kom oktober, full av lystig triumf.» Spenser
Ha ein framifrå haust vidare!

Hjarteleg helsing frå
Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Én tanke om “SLIKT EG LIKAR

  1. Frivillig arbeid til nytte og gavn til storsamfunnet og ein sjølv gjer meg glad og tilfreds – «framleis er eg til nytte»!

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: