Kjære folk!
Katastrofane trugar. Den forferdelege krigen i Ukraina rammar også globalt i form av økonomisk nedgang og mat- og energimangel. Det er både natur- og klimakrise som stadig rykker nærare. Både havnivået og temperaturen i havet stig. Alt dette etter at verda har vore gjennom fleire år med pandemi. Kvar skal me hente håp i ei så håplaus tid? I tillegg til aldri å slutte å bry seg, er det rett og slett naudsynt å leite etter og å finne fram kvardagsgledene.
For meg, som er ein av verdas aller heldigaste heldiggrisar, handlar det fyrst og fremst om å vere merksam på alt det gode eg har i livet mitt. Sjølv om eg trur at eg er ganske flink til å ta vare på dei små gledene, har eg likevel dei siste månadene vore spesielt oppteken av å kjenne etter kva som gjer meg godt.
Overskrifta kunne ha vore «det skal som oftast ikkje så mykje til» eller «herregud så heldig eg er», men eg valde «SLIKT EG LIKAR». Så enkelt trur eg faktisk det er. Det viser seg også at det aller meste av det eg set stor pris på er ganske billig.
Her kjem ei slags illustrert liste over gode greier. Den er fullstendig ufullstendig, altså svært mangelfull, og veldig prega av personlege opplevingar som eg har hatt denne seinsumaren og tidleghausten.
Nummer ein på lista mi er hausten. Eg har alltid visst at det er favoritten.
