Ei bitte lita oppleving og ein god samtale ein dag i sumar, fekk meg til å få lyst til å skrive om kontrastar. Ikkje visste eg at det kom til å balle på seg og at temaet skulle bli såpass stort og romme så mange forskjellige tankerekkjer om alt frå konkrete, heimlege småting til altfor store og vanskelege spørsmål.
Her er starten:
På ein tusletur langs brygga i Bergen såg me vesle Beffen som hadde ankra opp ved sida av supeyachten Mogambo. For ein kontrast.

Mogambo er 73 meter lang og eigd av den ukrainsk-amerikanske forretningsmannen og dataingeniøren Jan Koum. Beffen er ei lita ferge som har frakta passasjerar over Vågen i meir enn hundre år.
Eg fekk ikkje bestemt meg for om eg fann at denne kontrasten var vakker eller om den baud meg imot. Den var i alle fall såpass fascinerande at eg ville finne ut meir om kontrastar og mitt forhold til dei.
For meg har det vore vanskeleg å finne ein god definisjon på ordet kontrast, men det som fyrst fell meg inn, er når to eller fleire objekt med tydelege forskjellar blir sett opp inntil kvarandre. Då blir det understreka kor ulike dei er, – slik som Beffen og Mogambo. Men kontrastar har jo slett ikkje berre med objekt å gjere. Ved nærare ettertanke kan det å nytte kontrastar takast i bruk som eit verkemiddel i ein tekst, i arkitektur og i musikk. Kontrastane forsterkar kvarandre og skapar spaning.
Så kvar skal eg byrje desse kontrast-skriveria?
Eg vel å starte med det eg har rundt meg kvar dag.
Folk som vitjar meg i heimen vår, vil ikkje vere i tvil om at dei som bur her er glad i nettopp kontrastar.

«Det skal dere svart mot kvitt», sa eg. «Over alt?» sa elektrikaren, «ok!» Og slik vart det.
Harmoni i interiør er kanskje bra. Harmoni gir ei kjensle av ro, men kan også gjere summen av det ein ser ganske monoton. Når alt er neddempa, formene like og fargane ton-i ton, blir alt i rommet samstemt og kanskje i overkant harmonisk. For meg er det slik at dersom eit interiør skal vere godt og spanande å opphalde seg i over lengre tid, må det innehalde kontrastar. Ein komposisjon der det bevisst er nytta kontrastar, blir for meg meir livleg og personleg. Det viktigaste er at balansen ikkje blir øydelagt.

Då me skulle boltre oss med fargar, vart det kvitt og grått, – og litt kvitt og litt grått.
Overgangen frå interiør til kunst, fall meg ganske naturleg då eg skulle skrive vidare. Kontrastar i kunst kan vere morosame, vakre, interessante, foruroligande og rett og slett provoserande. Store kontrastar skapar dramatikk. Eg har valt meg ut to eksempel. Fyrst eit av Leonid Afremov. Ved å bruke dei kalde fargane blå og grøn saman med dei varme gul, raudt og orange, har han fått fram både avstand, nærleik og skugge.

Måleri av Leonid Afremov
Det andre eksempelet er måla av mi gode venninne, Toril Jømne. Sidan bloggen min i dag handlar om kontrastar, er ytterlegare kommentar til kunstverket hennar ikkje naudsynt.

Du kan finne fleire måleri av Toril på instagramsida hennar
Så langt fall det meg ganske enkelt å skrive om dette temaet. Men livet er jo fullt av kontrastar,- og slikt stort alvor er det korkje enkelt eller liketil å tenkje på og skrive om. Difor blir det nok ein gong fleire spørsmål enn svar i dette blogginnlegget óg.
Er det bra for oss å ha ein del dårlege dagar slik at me kan glede oss over dei gode?
Blir den gode kjensla borte dersom me blir vane med alltid å ha det godt?
Er det dei med bortskjemde ungane som vanskelegast å glede?
Må me ha hatt det vondt for å kunne glede oss over dagar utan smerte?
Er det kontrastane som gjer dette livet til ein god plass å vere i?
Eg trur at svaret på alle desse spørsmåla kan vere «ja», men det er mange men her og:
– balansen må vere til stades
– det er ulikt kor mange nedturar me tåler.
For oss alle består kvardagane av kontrastar og for meg ligg det små pust av lykke innimellom dei. Dersom eg for eksempel er bekymra for noko, kan det kjennes som om eg kan flyge dersom det viser seg at det likevel ikkje var noko å uroe seg for.
Livet svingar. Det gjer det for oss alle. I den eine augneblinken, … for så i neste … Slik har me det.

Slike fysiske oppover-og-nedover-opplevingar oppsøker eg ikkje frivillig.
Folk i arbeidslivet set pris på kontrasten mellom arbeid og fritid. Psykologane advara mot at denne naudsynte kontrasten skulle bli viska vekk under pandemien då «alle» hadde heimekontor. Mobiltelefonen og anna utstyr gjer også at folk er kopla på og lette å nå 24 timar i døgeret heile veka. Er dette bra?
Noko som liknar denne problematikken er når folk gruvar seg til pensjonisttilvêret. Eg er overbevist om at dette er det lurt å planlegge for før du plutseleg står i eit kontrastlaust liv utan forpliktelsar, oppgåver og engasjement.
I eit godt pensjonistliv må det framleis vere kontrast mellom kvardag og helg, mellom oppgåver og fritid. For å vere ein glad pensjonist må ein sjølv syrgje for bli rekna med.

Ein glad pensjonist med mange oppgåver.
Nokre gonger kjem temaet «alt det vonde i verda» opp under ein samtale i godt lag. Då er me inne på dei verkeleg vanskelege sakene og dei store uløyste greiene. Er det slik at alt, også det gode, må ha ein kontrast for å kunne eksistere? Må det vonde vere til stades for å puste liv i det gode? Ein god film treng kontrastar. Helten treng ein skurk. «Skjønnheten» treng sitt «udyr».
Er alt innretta slik?

Frå coveret til Walt Disneys «Skjønnheten og udyret»
Eg gløymer aldri den dagen for mange år sidan då me hadde sjekka inn på eit hotell i Napoli. Hotellet var moderne og smakfullt innreia, på badet hang det store, mjuke badehanddukar og senga var brei nok til fire med fleire puter enn det me kom til å få bruk for.
Då me om kvelden gjekk ut for å finne oss ein koseleg stad å ete middag, kom me ikkje meir enn 100 meter unna hotellet før augene fall på ein diger haug med pappesker. Dette var heimen til ein middelaldrande mann og alle hundane hans. Han hadde minst fem av dei buande hos seg.
Slike kontrastar gjer noko med meg og det gjer ikkje godt. Slike kontrastar får meg til å stille spørsmål rundt turisme generelt og eiga rolle spesielt. Me veit at reiser har både negative og positive konsekvensar. (Stikkord er CO2-rekneskapet, sysselsetting, verdsarv, gjensidig forståing, fred og sikkerheit.) Turisme er eit kompleks fenomen og denne sjølvopplevde kontrasten gjorde krav på å få plass her blant kontrastane på bloggen min.
Vanlegvis trur eg det er slik at kontrastane kan hjelpe oss når me skal navigere oss fram i livet vårt, men nokre gonger klarar eg ikkje å handsame eit tema med anna enn kjenslene mine.
Dagleg gir nyhendebiletet oss påminningar om dei valdsame kontrastane i verda.
Dette biletet er frå Mumbai, India, og er eit eksempel på korleis fattige og rike bur tett på kvarandre. Verda er både absurd og urettferdig.

Bilete funne på nk.no
Kontrastar er ikkje berre vonde og vanskelege. Eg har så langt skrive lite om kontrastar i språket. Eg har spara det for å ha noko litt annleis og lettare å skrive om før eg set punktum for i dag. Har du høyrt om oksymotron? Det er når ord som reint logisk sett ikkje passar saman, men som blir kopla saman likevel. Orda står i så sterk motsetnad til kvarandre at dei utelet kvarandre. Likevel vel me å setje dei saman for å skape ei slags sjølvmotseiande meining.
Me kan snakke om ei øyredøyvande stille, at folk er styggpene og seie at det var skrekkeleg hyggeleg i gårsdagens selskap. Det er jo ganske artig at kjempeliten er mindre enn liten og at dritbra er betre enn bra.
Eg pleier å gjere folk merksam på at eg har lagt ut noko på bloggen min både på Facebook og Instagram. Sjølv om livet er fullt av kontrastar, er det ikkje så lett å få auge på kontrastane på desse flatene. På sosiale media er verda som oftast fin, glad og ganske rosenraud. Dette er stader der me helst viser fram meistring og gode opplevingar. Dei aller fleste dagar har jo noko fint i seg og det er naturleg for dei fleste av oss å vise fram det som er fint. Så kan me like det eller ikkje.
Kontrastane er der. Det må me leve med.
Ja, og nokre gonger er livet som å vere i ein konsertsal fylt av vakker musikk, men så byrjar plutseleg einkvan å bore i betongen rett utanfor.

Mørke kvelder blir trivelegare med levande ljos i stova.
Takk for at du gadd å lese.
Eg ynskjer deg gode dagar framover.
Helsing frå
Karen-Margrethe