HYSJ, – no kjem jula snart

Kjære folk!

Det er adventstid. Det nærmar seg jul. I mange butikkar spelar dei julemusikk medan plastnissen helsar kundane velkomen med sit «ho, ho». Eg hadde nok aller helst ynskt meg at førjula ikkje var fullt så høgrøysta.


Har du forresten tenkt over korleis det pip, plaprar, spelar og av og til dundrar rundt oss? Innimellom er det ei overveldande mengde med lydar som treff øyro. Og det er ikkje berre lydar som krev merksemd frå hjernen vår. Teknologien har gjort det slik at omgivnaden vår blinkar, roterer og lyser i takt og utakt med alle lydane. 

Når eg står opp om morgonen slår eg på radioen. Det er noko av det fyrste eg gjer. Kaffi og radio. Me har radio i alle rom, – til og med på badet. Eg må leggje til at den alltid er innstilt på ein kanal som sender noko meiningsfullt. Eg orkar ikkje reklame, og eg fylgjer med på det som blir sagt. Radiosendingane gjer at eg kjenner meg oppdatert og kopla på. Ja, nettopp påkopla. Kvifor likar eg å ha det slik?

No om dagen strøymer det mengder av vakker julemusikk ut av radioapparatet. Til og med NRK Klassisk har blitt julekanal.

Etter å ha tenkt på all denne lyden ei stund, kom det opp mange spørsmål som eg gjerne vil finne svar på.
Kvifor slår eg av all lyd når eg skal skrive?
Kva gjer det med hjernen vår når me heile dagen foran den med lydar og informasjon?
Er stilla for keisam for meg eller verkar den trugande på noko vis?

Eg fann litt av kvar då eg leita etter svar om det å ha det heilt stille rundt seg.
– Ein Dr. Richard Davidson, som er leiar av Center for Healthy Minds i USA, seier at dei siste forskingsresultata fortel at det å ta ei regelmessig stille stund kan endre strukturen i hjernen og i tillegg auke immunforsvaret.
– Olga Lehmann er forskar ved Institutt for psykologi på NTNU i Trondheim. Ho er oppteken av den verdien som ligg i stille. Når ho underviser, byrjar ho ofte undervisninga med eit minutt stille. Dette set kjenslene i sving hos studentane, seier ho.
– Michael Breines Oredam skriv det slik: «Når effekten av støy gir stress i kroppen, beroliger stillheten den og reduserer også stresset i hjernen. Stillheten fyller og nærer kognitive evner, styrker konsentrasjonsevnen, øker motivasjonen og funksjonen til hjernecellene.»

Heilt stille.

Då var vel ikkje dette med stille kontra støy så mykje å lure på lenger. Det er sjølvsagt difor eg slår av all lyd når eg skal skrive. Når det er stille i huset, får eg betre kontakt med kjenslene mine og det blir lettare å finne dei rette orda.

Det er heller ikkje vanskeleg å kome på situasjonar der stilla er god å kjenne på:
– Når eg sit saman med ein god ven og veit at mellom oss treng det vere korkje lydar eller ord.
– Når gråten til babyen stilnar.
– Når eg har lese høgt for ungar, boka er slutt og dei sit heilt stille og tek det innover seg.
– Når eg går ute i naturen og berre er til.

«Det er ingenting i verden så stille som sne, når den gjennom luften daler, dæmper dine skridt, tysser blidt på de stemmer, som for høylydt taler
Helge Rode

Eg har tidlegare høyrt at store komponistar som Bach og Beethoven nytta stilla som ein strategi når dei komponerte. Pausene forsterkar opplevinga av musikken. Stilla gjer inntrykk.
Det same kan me oppleve når me høyrer gode opplesarar, skodespelarar og talarar. Pausene dei legg inn, gjer at innhaldet verkar sterkare. 

I november vitja den polske pianisten Greg Niemczuk Ål Kulturhus. Det var ein fantastisk kveld der kontrastene vart meisterleg demonstrert.

Sidan min kjære opprinneleg er tysk, har ein tur til ein tysk by blitt ein førjulstradisjon. I år var me saman med gode vener i Hamburg og vitja blant anna Die Elbphilharmonie

Då det nordtyske «KORK» spelte «So sprach Zarathustra» hadde dei med seg to harpistar, – og så var det heilt stille ei lita stund før applausen braka laus.

Eg har lese at nokre skular har blitt anbefalt å innføre det å vere heilt stille som ein fast del av skuledagen.
Ein dag for fleire år attende spurde eg barnebarna mine om kva slags ord lærarane på skulen nytta oftast. Svaret var «Hysj!» Dette tyder vel på at også ungar har godt av å lære seg å kjenne kor fint det kan vere når det er heilt stille rundt oss.

Det er kaldt ute og mørkret senkar seg tidleg om kveldane. Det er mange blant oss som kan bli deprimerte og lei seg på denne tida av året. Ei gruppe engelske forskarar har funne ut at stilla kan vere til hjelp for desse. Ein halv time kvar dag kan visst vere nok.

Inngangspartiet til Die Grosse Weihnachts Show i Hamburg var glitrende julepynta og inviterte til alt anna enn stille.

Her i huset ligg sjølve jula framleis pakka ned i esker merka «JUL» med tjukk, raud tusj.
I morgon skal me tenne det tredje ljoset i adventstaken. Det nærmar seg høgtid og om ikkje mange dagane skal eg pakke julepynten varleg ut av silkepapiret sitt.

«Så tenner vi tre lys i kveld, for lengsel, håp og glede.»

Kvart år kjem ho,
denne tida  
Ei hemmeleg gåte. Eg
kjenner ikkje spørsmålet
kan ikkje svaret. Eg
veit berre 

at det er jula som kjem,
vil berre
at ljoset skal glitre og skine,
ynskjer berre
at freden skal dale og dale 

ned
ikkje i skjul,
men klår og synleg
for alle

For meg er advent tida for lengt.
Djupast i oss alle ber me vel på det same håpet; me ynskjer oss ei verd der me tek vare på kvarandre.


Neste år, omtrent akkurat på denne tida, er eg og mange andre på Ål, midt oppi noko som tek mykje av merksemda mi allereie no. Eg skal fortelje meir om det ein laurdag om ikke så lenge.

Eg håpar for deg som les dette, at du får ein desembermånad som du vil kunne minnast med glede, – og kanskje det er slik at me alle treng ein dagleg halvtime utan å gjere noko anna enn å vere stille?

Helsing frå
Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: