Kjære folk!
Laurdag for berre ei veke sidan, skreiv eg dette her på bloggen min:
«Neste år, omtrent akkurat på denne tida, er eg og mange andre på Ål, midt oppi noko som tek mykje av merksemda mi allereie no. Eg skal fortelje meir om det ein laurdag om ikkje så lenge.»
No er det laurdag att og eg vil gjerne fortelje.

Det er moro å fortelje om det ein er oppteken av. «Det hjartet er fylt av, flyt munnen over med», heiter det. For meg blir det no slik: Det hjernen er oppteken av, blir bloggen fylt av. Eg kjenner det som om eg har fått ei gåve som skal pakkas ut neste jul.
Slik dei som les bloggen min heilt sikker har fått med seg, så puslar eg innimellom med å skrive det ein kanskje kan kalle dikt. I sumar ein gong fann eg ut at dersom eg la ein del av desse dikta etter kvarandre, ville dei til saman danne ei forteljing om ei mor, ei dotter og om mennene i livet deira. Eg såg også at det kunne bli fint å fargeleggje kjenslene i dikta med musikk og dans.
Eg har dansa og blitt dansa med heile livet. Mor mi song for meg og snurra meg rundt. Far min var overbevist om at den som er glad i å danse, ikkje drikk seg full på fest. Difor trødde han dansen med meg frå eg var bitte lita og fram til han syntes at eg var såpass flink at han kunne sleppe meg av garde på dansefest.
Eg har forelska meg på dansegolvet. Dei gongene det har vore tungt å kome seg vidare i livet, har eg funne trøyst i at føtene har trampa til synkopane og kroppen har duva til tonane. Eg har dansa berrføtt og aleine og vogga sakte både spedborn og mi gamle mor i armane mine. Alt dette har nok gjort at det ofte er dans i dikta mine.

Dette er frå juleframsyninga til Ål Kulturskule. Eg møter gjerne opp når elevane skal spele, synge og danse.
Ein dag i september møtte eg på Iris Almås Tangeraas på Kulturhuset. Ho er rektor på Ål Kulturskule og me har hatt god kontakt heilt frå me møttes for eitt års tid sidan.
«Du Iris», sa eg, «eg trur eg har ein idé til ei danseframsyning.»
Iris var interessert og ville gjerne vite meir. Då me 12. september sette oss ned slik at ho skulle få høyre kva eg hadde tenkt på, konkluderte ho med at dette ville ho gjerne vere med på.

Iris Almås Tangeraas kom til Ål for 15 år sidan. Ho er utdanna dansepedagog og kulturleiar. Ho har hatt ansvaret for ei lang rekke danseframsyningar og -prosjekt.
Iris og eg gjekk saman til Rannveig Øygardslia. Ho er leiar av Sprang Landsdelscene for dans og ville gjerne både ta dette inn som eit prosjekt og stå som leiar av prosjektet.

Rannveig Øygardslia er ein kreativ og danseglad åling som har har vore tilsett som prosjektleiar ved Sprang sidan januar 2021. Ho er oppvaksen i folkemusikkmiljøet og har lang erfaring med undervisning i scenisk dans, koreografi og produksjon av danseframsyningar.
Då me tre saman til slutt vandra vidare i korridorane i Kulturhuset fram til kontoret til kulturhusleiar Kine Kronkvist og ho meldte seg og Kulturhuset på som prosjekteigar, var eg sjølvsagt strålande glad, men lurte samstundes på kva eg no hadde sett i gang.

Kine Kronkvist kom flyttande til Ål i 2021. Då overtok ho leiinga av Ål Kulturhus. Kine har før dette årelang erfaring blant anna som arrangør av Kongsberg Jazzfestival.
No kjennes det fint og veldig spanande å få lov til å gjere dette saman med positive, trivelege og svært kompetente folk på Ål.
Det kriblar og klør litt i magen. Eg gler meg, men er samstundes vettskremt. Eg kjenner meg kjempeheldig, men også litt smågalen som vågar dette.
Heldigvis har eg dyktige og trivelege folk å lene meg på gjennom prosessen det komande året.

Danse heile livet-kvartetten: Frå venstre: Iris, Kine og Rannveig. Me tek sikte på å bli ein stor og glad gjeng etter kvart som alle roller og oppgåver blir fylt.
I året som kjem er det mykje som skal «i boks» før me kan ynskje hjarteleg velkomen til premiere på «Danse heile livet» i Storsalen i Ål Kulturhus laurdag 9. desember og ny framsyning sundag 10. desember.
Eg veit at det blir travlet, at det blir mange trådar å halde fast i og at eg kjem til å lære mykje om blant anna koreografi, scenografi, design av lyd, video og lys, kostymeproduksjon og marknadsføring. Heldigvis er det berre idéen, manuset og dreieboka som ligg som ansvarsområde på bordet mitt. Det er også stor stas å få vere deltaker i heile prosessen og vere med på regien.

Når me kjem inn på Ål Kulturhus i dag, blir me møtt av dette vakre juletreet.
Eg har etter kvart planar om å la lesarane av bloggen min bli kjent med dei som skal vere med på prosjektet, både på, bak og rundt scenen. Eg ynskjer også å ta dykk med på førebuingane fram til «Danse heile livet» er klar for premiere og publikum kan høyre meg lese det fyrste diktet:
Me kunne synge før me kunne snakke, ikkje sant?
Me kunne danse før me kunne gå. Alle kunne jo det.
Eg har mitt
Du sit med dine draumar og håp
Ein dag skal me ikkje
tasse barbeint over det kalde golvet,
ikkje kaste vatn i fjeset og gå for å sjekke gradestokken,
men den dagen er ikkje i dag.
Me er heldige
dersom me får danse.
I dei offisielle prosjektpapira er innhaldet i «Danse heile livet» beskrivi slik:
«Framsyninga følger hovudkarakterane frå livets start til slutt, der poesi, dans og musikk leier publikum gjennom livets viktigaste fasar. Historia tek oss med gjennom dei store hendingane og endringane i livet, som forelsking, samlivsbrot, gleder, sorg, fødsel og død.»
«Danse heile livet» 2023 skal også vere ei desemberframsyning. Orda, dansen og tonane vil difor bli pakka inn i litt jul.

I dag er det sju dagar til julekvelden. Mange gler seg, nokre gjer ikkje det.
Med det siste diktet i framsyninga, ynskjer eg alle som les dette gode og fredsame juledagar.
Det var då
etter at me hadde piska egg og sukker kvitt,
hakka mandlar,
traska på holkevegar
med hender såre av tunge handleposar,
reist oss og sunge
at det lyser i stille grender
Det var då
midt i alt ljoset
etter dansen rundt grana
etter at alt det glitrande gåvepapiret
var rydda vekk
og me likevel sat der
med kvar vår lengt
Det var då
at me nok ein gong forstod
at me heilt til det siste
må vere gode mot kvarandre
Helsing frå
Karen-Margrethe