TANKAR VED BYRJINGA AV 2023

Kjære folk!

Eg har det slik at eg kvar desember gler meg veldig til å ta fram adventstjerna og gjere heimen min raudpynta og juletriveleg. I førjulstida er det finare enn fint å stå opp om morgonen, tusle rundt i det svakt opplyste tussmørkret og kjenne på den barnlege forventninga. 

Når nyårskvelden er over og me har skåla og hoppa inn i det nye året, kan eg nesten ikkje vente med å rydde vekk englar, nissar og raude ljos. Det skal vekk. Fort! Eg vil attende til kvardagsleg orden og struktur utan borddukar, krimskrams og altfor mange støvsamlarar. 

No vil me ikkje sjå noko meir til denne gjengen før det blir adventstid att.

No har jula mi funne att plassen sin innpakka i silkepapir og stabla varsamt ned i esker merka med «JUL». Det kjennes godt. Det er 11 månader til neste gong. Denne jula, som alle juler før denne, fortener at eg tek meg tid til litt ettertanke.

Juleettertanke 1:
Eg kjenner meg svært heldig, som allereie som born, fekk planta den gode, varme julekjensla djupt i meg. Samstundes gjer dette at lengten kjem saman med jula, – ikkje berre etter dei som var, men også etter dei som feirar jul ein annan stad. Eg har sagt det før; jul er best for dei som har sin eigen gammaldagse kjernefamilie å feire saman med. For alle oss andre, og det er vel dei aller fleste av oss, er det alltid einkvan som manglar. Verst er det for dei som er aleine. Mi jul er fin, men eg lurar likevel på om julefeiring er bra.

Juleettertanke 2:
Me er heldige dersom me har nokon å sakne. Den som saknar har elska eller elskar ein eller fleire som hen ynskjer alt det beste for. Me skal vere takknemlege dersom me har nokon å sakne.

Juleettertanke 3:
Eg har ingenting imot Maria, men Josef har fått for lite kredibilitet. Han må ha vore meir støttande og lojal overfor kjærasten sin enn det som er rimeleg å forvente av ein heilt vanleg fyr. Me veit lite om han og det står få detaljar om Josef i Bibelen.

Visste du at Josef er arbeidarane sin skytsengel?

No kan eg krysse av for jula 2022, men før eg kan gjere det same med feiringa av inngangen til det nye året, er det fint å kunne ta ein runde med seg sjølv om eigne forventningar til det som kjem. Eg har for lengst slutta med å bestemme meg for å gjere store endringar i livsførsel eller kvitte meg med uvanar. Forsett har eg aldri klart å innfri. Forventningar derimot er fint.

I utgangspunktet har nyttårsfeiringa ingenting med jula å gjere, men for mange er denne nyårskvelden, i tillegg til å vere ei feiring av inngangen til eit nytt år, også ei markering av slutten på julehøgtida.

«Det vil no helst gå godt», sa mormor. Det sa mor mi også og eg har høyrt meg sjølv seie det same. Verbet «å gå» blir mykje brukt om slikt som skal hende i nær framtid og er merkeleg nok også ofte bunde saman med alt anna enn slikt som går godt. Eg har klare og gode forventningar om at 2023 absolutt ikkje skal by på slikt som går «nedenom og hjem», «nor og ne», «til hundane», «til grunne» eller «i dass». 
Eg kjenner meg heldig som har fine draumar, håp og forventningar til dette nye året som ligg framfor oss. 

Året har starta som særdeles snørikt, – snømengda skapar mange gleder, men også praktiske problem. 

Optimist? Ja, og eg er også fullstendig klar over at alt ikkje støtt vil gå akkurat slik eg ynskjer det. Men eg er overtydd om at ting kan gå bra sjølv om det ikkje går akkurat slik eg håpar eller ser for meg at det skal gå. 
Eg har også to viktige «hugselappar» til meg sjølv når det gjeld eigne forventningar:
1.Alle har sitt og dei færraste går fri. Difor skal me vere rause med smil, uansett kven me møter.
2.Det einaste som er heilt sikkert er at ting endrar seg og at me må vere budde på endring. Ingvar Ambjørnsen skal ha sagt det slik: «Alt går over. Eller mer presist: Alt går over til noe annet.» Det trur eg kan vere lurt å ha med seg i bakhovudet når me balar med vårt, – både stort og smått.

Dagbladet meiner å vite korleis ditt og mitt 2023 blir.

Når eg set meg for å tenkje på året me berre så vidt har sett byrjinga på, kjem personlege bagatellar trillande fram i tanken saman med det som verkar som uløyselege problem, private småting kjem saman med krig og katastrofar.

2022 var eit brutalt år og sjølv om alt i verda ikkje er like mørkt, var det såpass mykje som gjekk gale i 2022 at det er vanskelegare å vere optimist no enn ved årsskiftet tidlegare år. 
Dei vanskelege tidene, som Putin er opphavet til, er ikkje over. Eg vel likevel å håpe at det alltid finnes vegar ut av kriser. Organisasjonar som arbeider for å halde desse vegane opne, treng moralsk og økonomisk støtte. Det kan kvar og ein av oss bidra med.

I Ukraina reiste eit samla folk seg mot invasjonen. I Iran går kvinnene framst i kampen mot det religiøse diktaturet. Slikt er med på å styrke håpet om at det nyttar å kjempe for det som er rett. Ei sitat av Václav Havel hjelper meg til å forstå mine eigne tankar betre: «Håp er definitivt ikke det samme som optimisme. Det er ikke overbevisningen om at alt vil ende bra, men vissheten om at noe vil gi mening, uansett hvordan det ender.»

Nokre av mine nære og kjære. Dei som nesten alltid står fyrst i slikt eg kan bekymre meg for.

Sjølv i vanskelege tider innrømmer eg at det nære og kjære som oftast blir ståande øvst på prioriteringslista mi. Eg vil tru at eg ikkje er så ulik dei fleste andre på dette området. Det aller viktigaste for oss alle er at dei næraste har det godt. Slik er me laga og eg trur det er både rett og bra at det er slik. 

I vanskelege tider trur eg det er særdeles viktig at me har ting å konsentrere oss om og drive med som gjer oss godt. Eg kan ikkje seie det ofte nok kor glad eg er for alle dei aktivitetane eg får fylle livet mitt med. Eg har folk som saknar meg dersom eg ikkje stiller opp, vener som smiler når dei ser meg, innkalling til møter med forventning om innsats og stor spaning rundt eit framtidig prosjekt. 

I bloggen min rett før jul skreiv eg om danseframsyninga «Danse heile livet». No om dagen spør eg Kjem eg til å få «danse»? Det er søkt om pengar til prosjektet og det nærmar seg den tida då det kjem svar på søknaden. Det er meir enn spanande. Blir det fullskala, skalert ned eller null og niks? Eg gler meg over kvart einaste møte med prosjektleiinga og med deltakarar og veit at dersom ei dør blir attlate, vil det som oftast opne seg ei ny. 

Eg sluttar av med eit apropos til jul, til å gå og til det nye året. Alf Prøysen sa det slik: «Hvis ingen går i fella, men passer seg for den, skal alle om et år få feire jul igjen.» Brutalt, men sant.
Me må gjere det me kan for å gå utanom dei farlege «fellene» og også hjelpe andre og kvarandre til å gjere det same.

Lykta på portstolpen er snart nedsnødd.

Hald deg på beina og hald fast i draumane dine.

Helsing frå
Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: