BERRE EIN AUGNEBLINK?

Kjære folk

Eg leita etter eit vakkert ord.
Tidleg ein sundagsmorgon i januar fann eg det.
Eg låg på ryggen inntulla i min eigen dynevarme og høyrde Stein Torleif Bjella synge «om ei ørliten stund» på radio. 
Om ein augneblink, tenkte eg, før norsklærarhjernen slo til med substantivbøying; ein augneblink, augneblinken, augneblinkar, augneblinkane.

For eit vakkert ord! Og eg veit jo at det er augneblinkane me hugsar. Alle desse ørsmå stundene som kjem og forsvinn. Ja, blir heilt borte dersom me ikkje legg merke til dei og tek vare på dei.

Onsdag 11. januar nådde solstrålane heimen vår for fyrste gong denne vinteren.

Eg meiner å hugse at einkvan ein gong sa noko slikt som at me måler ikkje livet i kor mange gonger me blunkar eller pustar, men i kor mange augneblinkar som tek pusten frå oss. 

Kor lenge varar eigentleg ein augneblink? 
I snitt blunkar visst eit menneske 15 gonger i minuttet. Me blunkar altså rundt 20 000 gonger kvar dag, – men det er ikkje slik auge-blunking det handlar om her i dag

I dag hoppar tankane mine fram og attende mellom dei gylne augeblinkane; slike som me ynskjer å halde fast ved. Desse ørsmå stundene som er altoppslukande og får fram trongen til å vere heilt og fullt til stades.

Eit minne om ei fin stund som hadde mange gylne augneblinkar i seg.

Noko av det eg likar best med Facebook er at det innimellom dukkar opp bilete frå fleire år attende. «Er dette noko du likar?» spør Facebook. «Ja», seier eg og blir glad fordi eg kan minnast den stunda for seks år sidan då barnebarnet mitt og eg hadde det fint saman og laga oss ein heil liten konglebøling.

Eg trur me ofte har slike ørsmå stunder i livet. Spørsmålet er vel om me er så merksame at me klarar å gripe dei og kjenne på korleis dei glitrar.
Eg har ofte lurt på kva all denne filminga som folk held på med heile tida gjer med sjølve opplevinga av dei gylne augneblinkane. 

Dei fleste fotografia mine av augneblinkar er vel eigentleg eit bilete av ein gyllen augneblink som allereie er over. Som oftast tek me jo fram mobilen og tek bilete etter at me har kjent at dette er fint og etter at me har opplevd eit høgdepunkt.

Vil me få med oss sjølve augneblinken dersom kameraet er på når det aller finaste momentet er der?  

Dei som gjekk saman med meg på livsstigen då eg var born, var gode førebilete og lærde meg å kjenne etter og finne glede i dei små detaljane. Kanskje det er dei eg kan takke for at eg kan plukke fram slike små, skinande stunder og glede meg over dei i ettertid?
Ingen av desse gode menneska kom på å kalle det «mindfullness», men eg fekk god trening i å vere merksam.

Trygt plassert mellom kloke og nysgjerrige besteforeldre

Mor og far. Glad i kvarandre heilt til det siste. Det var ikkje sjeldan eg høyrde ein av dei seie slikt som «hysj, – høyr!» eller «sjå den, du!»

Det er alle dei kortvarige augneblinkane som til saman utgjer mi verd av oppleving, – dei gylne saman med dei såre og dei vonde. Det er ikkje alltid eg hugsar dato og stad, men kjensla, lukta, vêret og fargane kan eg lett kalle fram i minnet. Nokre gylne augneblinkar er så store og glitrar så sterkt at dei endrar heile livet. Andre er små og kvardagslege, men blir likevel viktige:
– Då me gjekk frå kvarandre og lo hjarteleg utan å forklare kvifor
– Klemmen din som var hardare enn forventa
– Dei smilande augo dine som møtte mine over handlevogna
– Den vesle handa som smaug seg inn i mi
– Og plutseleg stod du der
– Eit heilt spesielt jordbærmåltid
– Lukta i halsgropa di
– «Opp, farmor!»

Men du som les dette er vel neppe  interessert i mine gylne augneblinkar. Du har nok samla på dine eigne, tenkjer eg.

Eit glimt frå ein vakker dag på Primhovda saman med ei mengd fine folk

No trur eg ikkje at det blir fleire blogginnlegg fra meg før i byrjinga av mars.
Ha det godt framover!
Livet er ein augneblink om gongen.

Helsing frå
Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: