SKUFFELSAR OG GLEDER 

Kjære folk!

Det hender at det kjennes som om livet berre er å vente,
– vente på vakkert vêr
– vente på at alt skal gå bra
– vente på svar
– vente på at det skal gå over
– vente på den rette

Dette vêret var det vel verdt å vente på. Biletet er tatt ved Bergsjøstølen for nokre dagar sidan.

Det kan vere vondt å vente, – i alle fall når ein trur at det er det verste som skal skje. Då smertar den vonde uvissa. Men ventetid kan også vere ei god tid. Då er det godt å kunne gå rundt og glede seg til alt det fine som skal kome.

I dag skal eg skrive om skuffelse. Ikkje noko alvorleg, men dumt og trist likevel. 
Livet er ein berg-og-dal-bane, syng Ronan Keating. «Life is a rollercoaster. Just gotta ride it.» Og det har han heilt rett i.

Bileta skal ikkje handle om å vere skuffa. Heller tvert om. Eg vil heller blande inn bilete eg har tatt av fine stunder og opplevingar den siste månaden.

Det er ikkje mykje som er større stas enn å feire ein 1-årsdag. Her er kaka før den vesle jubilanten rakk å sette hendene midt oppi.

Sjølvsagt vart eg skuffa då meldinga kom. Me hadde skrudd oss opp og sett for oss at dei som las søknaden vår, ville synes at dette var like fint som det me syntes sjølv. Me hadde lytta til musikken og fantasert om unge dansarar med blå vengjer, seniordansarar i kvite blonder og modige mannfolk i kåte sprett.

Det er fint å vere saman med folk som likar kvarandre så godt at dei berre må halde hender.

Men 1. februar tikka meldinga inn på telefonen min: «Det vart dessverre avslag for Danse Heile Livet. Me må ta ein gravøl og legge nye planar.»
Eg vil ikkje bruke mykje tid på denne skuffelsen. Når ein vel å satse på noko, må ein jo også tåle at ting ikkje går akkurat slik ein ynskjer det.

Ja, visst er utsikt over havet både vakkert og beroligande for litt skuffa damer.

Me har mange alternativ:
– Me kan gløyme heile greia
– Me kan sende ny søknad neste år
– Me kan legge andre planar
Det som er heilt sikkert er at eg har fått betre tid og at eg no har mogelegheiter til å finne noko anna artig å tenke på.

8 km tur i sanddynene var både moro og god trim

Då eg hadde lest den vesle melding fem-seks gonger, sendte eg dette vesle diktet til dei tre andre Danse Heile Livet-damene (Rannveig, Kine og Iris):
Nei, sa dei,
me vil ikkje ha det,
høyre det,

sjå det.
Ikkje dette.
Men me, –
me har høyrt det
og sett det
og kjent glede for det
saman.
Det 
kan me kjenne på
lenge.

Rullesteinar lagar så vakker lyd kvar gong bylgjene treff dei.

Me har opplevd at ein forventning ikkje vart oppfylt. Slikt skjer mange gonger gjennom livet.

Ein eller annan har sagt det slik: «Noen ganger er skuffelse bare livets merkelige måte å si at det har mye mer på lager for oss.»
Me får sjå. Litt spenning i kvardagen er jo alltid bra å ha.

Å glede seg er halve moroa, – og dersom me vel å glede oss og ha store forventningar til noko, så går me jo samstundes med på å utsette oss for skuffelsar. 

Vakkert vêr i vakker bygd. Hallingdalselva sett frå Stasjonsbrua.

Me har dette eine livet. Me må bruke det, ta sjansar og ha forhåpningar.

Helsing frå
Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

2 kommentarer om “SKUFFELSAR OG GLEDER ”

  1. Jeg har sagt mange ganger : man blir skuffet i forhold til sine forventninger (lave forventninger = små skuffelser) Altså : er man redd for å bli skuffet, må man dempe forventningspresset. Men etter å ha lest din siste utgave av «Kjære folk», har jeg gjort meg noen «nye» tanker: Tenk hvor kjedelig og lite utfordrende livet blir uten forventninger, små eller store. Jeg tror det blir et kjedelig liv. Mennesker uten forventninger er og blir kjedelige. Som en svenske en gang sa : det er synd om menneskan.
    Hilsen fra Helge med noen kjappe og lite bearbeide strøtanker på en lørdag med vinter og solskinn.

    Liker

  2. Flott skrive Karen Margrethe! Eg er viss på at det kjem meire spennande frå deg om dette måtte legges vekk ( ei stund ? ) Du er så kreativ og dyktig, så berre ver litt tolmodig så skal du få sjå….
    Lukke til !
    Helsing Torill

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: