Kjære folk!
Altså: Eg skriv ikkje dette for å få attendemeldingar om kor flink eg er til å lytte. Dette handlar berre om kjensler, – akkurat slik som nesten alt anna og gjer.
Men eg vil gjerne vere ei som er god til å lytte. Og tru meg, eg prøver verkeleg. Men av og til, etter ein samtale med einkvan, sit eg att med ei kjensle av at eg har prata for mykje. Vart det altfor mykje meg? Den tanken kan eg slite med i lang ettertid. Eg vil jo helst vere ho som lyttar og det er ikkje så enkelt å kombinere med å vere ho som elskar å fortelje.

Men altså; å lytte, – som ikkje er det same som å høyre. Å høyre er jo berre å oppfatte lyd. Den som lyttar må vere både konsentrert, interessert og merksam. Ein god lyttar stiller gode, utfordrande spørsmål og får kanskje, på ein god dag, til og med til refleksjon hos båe samtalepartane.

Ein samtale har jo som oftast mange lag og for å få med oss alt, må me lære oss å lytte til andre ting enn berre til orda. Toneleie og volum kan fortelje mykje. Det same kan blikk og kroppshaldning. Men alt dette er veldig vanskeleg å tolke. Eg veit med meg sjølv at eg kan dere ekspert på både å overtolke og å feiltolke.
Det er ikkje så lenge sidan at eg etter ein kort samtale kjende meg både forvirra og såra. Han eg møtte sa ikkje noko sårande, men han smilte ikkje og kroppen hans var vendt vekk frå meg.
Eg har trøysta meg med at han sikkert både var stressa og hadde ein litt dårleg dag, men kjensla sit der. Han likar meg ikkje.
Dette er ganske vanskelege greier. På den eine sida ynskjer eg å trene på å bli god til å lytte medan eg på den andre sida slett ikkje alltid har godt av å gå inn i situasjonar der eg må føle så mykje om alt og alle.
Eg må innrømme at eg eigentleg likar meg best saman med folk som ikkje har så mykje mellom linjene, dei som seier alt rett fram utan å gøyme og tåkeleggje bodskapen sin.

Lauken har lag på lag. Det har me og.
Det skal mykje mot til dersom me skal vise fram den inste delen av oss. Eller er det berre dumskap å opne seg? Eg likar eigentleg å halde store delar av kjernen min hemmeleg. Det er visse ting, ja, ganske mange ting i livet mitt faktisk, som ikkje er for andre enn meg sjølv og dei aller næraste. Ikkje alltid dei næraste heller forresten. Slik reknar eg med at alle andre har det óg. Me skal då vel heller ikkje plundre med alt det inste alvoret støtt?
Som om ikkje alt dette var vanskeleg nok: Når me møter eit menneske, så ser me berre skalet, – dette ytre laget som mange av oss steller med og pyntar på for å prøve å spegle den identiteten me vel å vise fram. Dei indre sidene kjem fram fyrst etter kvart som ein blir svært godt kjent, – og då spelar det ytre laget mindre rolle.
Problemet er vel og gjerne at me har veldig lett for å førehandsdøme folk ut frå det ytre.
No tek eg ei lita pustepause i form av eit bilete. Eg kjenner at eg som vanleg problematiserer altfor mykje.

Dette biletet får vere med berre fordi blomane er vakre og fordi dei minner meg om vår
Når eg no skriv vidare, så kan det virke som om eg skriv om noko heilt anna, men det gjer eg altså ikkje.
Eg er glad i musikk og eg har gjerne musikk på øyret når eg for eksempel driv med noko i huset. Eg likar også godt å lytte til musikk. Det er på eit vis ein enklare aktivitet enn å lytte til folk. Musikklytting driv eg med aleine inne i eige hovud og det går føre seg heilt utan fare for å såre eller å bli såra. Men musikk består også av lag på lag. Dersom ein skal lytte til alle laga, dreier det seg om mykje meir enn å finne ut om ein likar eller ikkje likar den musikken som er på. Å lytte handlar om å leite og finne taktart, tempo og harmoniar, å skilje instrumenta frå kvarandre, å reflektere rundt kva som skapar stemningar, å kjenne på eigne forventningar og å bli overraska over brota med desse , – for så til slutt å prøve å finne ut kva det er musikarane og/eller artisten prøver å formidle.

Det er faktisk også slik at det eg ser for meg når eg lyttar, kan endre musikkopplevinga mi. Dersom eg ser for meg dans, høyres musikken annleis ut enn når eg for eksempel ser for meg natur. Rare greier. Det er berre å prøve.

I kveld skal eg på kulturhuset for å få med meg eit hyllestshow til Elton John. Skal eg høyre eller lytte tru? Eg skal berre gle meg!
Konklusjon? Eg prøver meg:
1. Dersom me har for fastlåste tankar om noko på førehand, kan det vanskeleggjere lytting. Slik er det når det gjeld både folk og musikk.
2. Dersom me tenkjer på og plundrar for mykje med alt mogeleg oppe i hovudet, då trur eg at me kan kome til å gjere ting endå vanskelegare enn det det eigentleg er.
3. Me må ikkje ta alt så alvorleg støtt. Som oftast er det heilt greitt å høyre på musikken og nøye oss med å smile og bedrive litt smalltalk med folk me møter på. Eg trur me har godt av litt bla-bla-bla, eit varmt smil, ei klype tull og tøys og ein liten latter. Det viktigaste er at me blir sett og kjenner at me kanskje ikkje er så aller verst.

Eg skulle så gjerne ha tatt eit bilete av våren, men slik det ser ut her, så er det vanskeleg å få til. (Eplet ligg i trappa berre for å vise snømengden)
Det gjer godt å lytte til lydar me likar,- og sjølv om det verkar umogeleg, så veit me at våren kjem snart, – og med den vakker fuglesong.
Eg ynskjer alle ein finfin aprilmånad med lettbeint musikk og glade menneskemøte.
Helsing frå
Karen-Margrethe