Kjære folk!
No om dagen står me på trappa og bankar på døra til månaden mai. Då treng me ikkje lenger leite etter mogelegheiter for å feire. Eg kjenner at det boblar litt av forventning både i magen og i bringa. Den månaden, som no er like rundt hjørnet, er fylt til randen av små og store gleder.

For to veker sidan kom solskinet og eg berre måtte byrje med litt hagestell på dei få flekkane som var utan snø.
Eg vil feire at våren endeleg kom med snøsmelting og vårbløming. Eg vil feire at no kjem det mange gode kvardagar med solskin og grøne spirer. Eg vil feire at eg har pakka bort både ullstillongsen og vinterjakka. Eg vil feire med å drikke morgonkaffien utanfor inngangsdøra. Eg vil feire våren med ferskt brød, smør og eit tjukt lag med geitost. Eg vil feire med skåskoturar på turre vegar i solskinet.

Det var bra at eg ikkje venta til i dag med å fotografere våren, for i natt hadde det lagt seg eit nytt, kvitt teppe over Sundre.
I tillegg til all denne fine kvardagsfeiringa, kjem merkedagane trillande tett etter kvarandre denne mai-månaden. Slike merkedagar er for meg kjoledagar.
Me har alle vår eigen dato. Min er i mai. Det var nok mykje meir stas med denne vår eigen dato då me var små, enn det det er no, – sjølv om ei lita pakke og eit kakestykke til frukost framleis ikkje er feil på ein bursdag. For dei aller fleste er min dato berre «dagen før den store dagen», den som me alle eig saman.
Eg veit ingen som har klart å setje ord på 17. mai-kjensla mi så godt som Ivar Aasen:
«Og når liene grønkar som hagar,
når det lavar av blomar på strå,
og når netter er ljose som dagar,
kan han ingen stad venare sjå.»
17. mai er sjølvsagt ein kjoledag. 17. mai-kjolane mine har vore svært forskjellige opp igjennom åra.
Frå eg var ganske lita, var det vossabunad som gjaldt. I år blir det også sjølvsagt bunad.

Her er eg seks eller sju år og klar for 17. mai-feiring på Ål.
Eg har vore korpsmedlem, korpsdirigent og korpsmamma. Korpsmusikk er for meg sjølve symbolet på nasjonaldagsfeiringa. Korpsuniforma var difor i fleire år 17. mai-kjolen min.

Året er 1973. Det er 17. mai. Her kjem eg med Blomvåg skulekorps. Tamburstaven er eit kosteskaft med ei gullmåla texakoflaske og sjølvfletta snorer av bomullsgarn. Det var korpsmusikk frå tidleg morgon til langt på dag i den vesle bygda ute på Blomøya.
I fleire år var eg og mange av venninnene mine speidarjenter. Eg hugsar det som sosialt, lærerikt og litt kjedeleg.

Sjølv om eg smiler her, så trur eg ikkje at eg var så veldig glad for å måtte ta på meg speidaruniforma på 17. mai.
I mai 2023 er me så heldige at me har to barnebarn som skal feire konfirmasjonsdagen sin. Med berre ei vekes mellomrom blir det stor stas med gåver, mat og talar. Me håpar på strålande solskin, – men uansett vêr, så blir det kjoledagar.
Eg tek på meg bunaden eller finkjolen for å vere med på markeringa av at desse to småtassane våre er i ferd med å gå frå barndomen til vaksenlivet. Dei skal få med seg varme ynskje frå oss om eit liv med mykje feiring av glade kvardagar.

Her er Anine og Luca på vitjing hos oss den gongen dei var småtassane våre.
(Dei har begge sagt at det er ok at eg nyttar dette biletet på bloggen min.)
Denne festfylte månaden blir avslutta med fire spesielle dagar på Ål.
25. – 28. mai går Folkemusikkveka føre seg med det som pleier å vere minnerike opplevingar i eit mangfald av konsert- og danselokale. Desse dagane er me også så heldige at me får vitjing av fine folk. Det blir garantert både feiring og kjoledagar.
I dag tek eg på meg kjolen for å feire ein svigerson som har bursdag og for å kjenne på gleda over å vere til og å kunne danse aleine på kjøkkengolvet til Let Loose med Blåsemafian. Det er faktisk Dansens Dag i dag.

Ha ein finfin mai-månad!
Helsing frå
Karen-Margrethe