KVARDAGSFEIRING OG KJOLEDAGAR

Kjære folk!

No om dagen står me på trappa og bankar på døra til månaden mai. Då treng me ikkje lenger leite etter mogelegheiter for å feire. Eg kjenner at det boblar litt av forventning både i magen og i bringa. Den månaden, som no er like rundt hjørnet, er fylt til randen av små og store gleder.

For to veker sidan kom solskinet og eg berre måtte byrje med litt hagestell på dei få flekkane som var utan snø.

Fortsett å lese «KVARDAGSFEIRING OG KJOLEDAGAR»

BÅDE 16. OG 17. MAI ER KJOLEDAGAR

Kjære folk!

No er det kjoledagar.
Både 16. mai og 17. mai er datoar som eg kan kjenne at det boblar litt i magen. Den eine datoen er min. Den andre eig me saman. Alle! Heile livet mitt har desse to datoane hatt ein ting felles: Eg har pynta meg og hatt på meg anten kjole eller bunad.

IMG_5118
Her er eg seks eller sju år og klar for 17 mai-feiring på Ål.

Fortsett å lese «BÅDE 16. OG 17. MAI ER KJOLEDAGAR»