Kjære folk!
No er det kjoledagar.
Både 16. mai og 17. mai er datoar som eg kan kjenne at det boblar litt i magen. Den eine datoen er min. Den andre eig me saman. Alle! Heile livet mitt har desse to datoane hatt ein ting felles: Eg har pynta meg og hatt på meg anten kjole eller bunad.

16. mai
Det fyrste ordet mitt er BURSDAG
Det var uendeleg mykje meir stas med denne datoen då eg var lita jente. Pakker på senga og kake til frukost var ikkje feil. Eg hugsar godt 16. mai i 1969 òg, då «Happy birthday, sweet sixteen» vart spela halve natta. Eg hadde aldri tidlegare kjent så sterkt at det var noko på gang. Det var sjølve livet som venta.
Før 1814 var det dåpsdagen som vart ført opp i kyrkjebøkene, – ikkje datoen då ein var født. Skikken med å feire fødselsdagar vart vanleg frå slutten av 1800-talet, men opprinneleg var det berre overklassen som feira. Dessutan vart det stort sett berre fest når det var runde jubileumsår.
Ordet «bursdag» kjem frå tysk, Geburtstag, og eg har fått kort i posten der det står «Hertzlichen Glückwunsch zum Geburtstag!». Bursdag vart lenge rekna som eit «barneord» i Noreg og vart ikkje ført opp i riksmålsordboka før i 1937. Fødselsdag er framleis rekna for å vere stilistisk betre norsk.
I år vert det berre gubben min og eg på festen. Ikkje skal me ha selskapsleikar og det blir heller ikkje vanskeleg å finne ut kven som skal ha bursdagsbarnet til bords. Men noko godt å ete, – det må me nok ha. Det er forresten ikkje så nøye det heller sidan
a) me gjorde unna litt feiring i går
b) eg er vant med at denne kvelden stort sett blir nytta til stryking av flagg og bunadsskjorter
c) talet mitt er fleire år unna rundt
d) det er meir feiring på gang i morgon.

For alle andre enn meg, er 16. mai fyrst og fremst dagen før den 17. Men det er òg den internasjonale dagen for å leve saman i fred. Dagen skal fremje forsoning, sikre fred og oppfordre til berekraftig utvikling.
Forsoning er eit varmt ord som handlar om å byggje bruer mellom dei som ynskjer å nå kvarandre. Kunne eg ha ynskt meg eit betre ord på dagen min?
Sidan det er kjoledag, må me ha kjoledikt
I veka før førre veke
titta eg på han
så vidt
då eg gjekk forbi
Etter det
la eg merke til han
kvar dag
Han var fin
I går stansa eg
og såg lenge
Eg kjende det godt
Eg ville ha han
Eige han
Eg ville han skulle vere
mjuk
rundt kroppen min
Kjempefin
heilt til eg tok han
på meg.

Det neste ord er ALDERSPENSJONIST
Eg tenkjer ordet, heldt det inne i munnen og smakar på det.
Eg seier ordet, høgt og høyrer etter korleis det kling. For det er det eg er no; alderspensjonist. Då høver det godt med ein definisjon. Her er Statistisk Sentralbyrå sin:
«Eldrebefolkningen er i hovedsak avgrenset til aldersgruppen 67 og over, det vil si de som har passert den generelle pensjonsalderen.»
SSB skal me tru på, ikkje sant? Når folka i SSB har definert kven som er eldre, så nyttar det nok ikkje å nekte. Kor mange er det av oss, lurte eg på. SSB har svar på det meste som kan teljast: I januar 2018 var det 786 350 personar i Noreg som var over 67 år. Andelen av befolkningen som er over 67 er om lag 15 prosent.
Då eg leita etter «gullkorn» om å vere pensjonist, fann eg mykje eg ikkje likte så godt. Men desse to eg syntes var verdt å bringe vidare. Begge med ukjend forfattar:
- Den eneste måten å leve livet til fulle, er å forstå det enkle faktum at vi ikke har all verdens av tid på oss.
- Husk at du er fortsatt yngre enn det du vil være ved din neste bursdag, så nyt dagen og ha en fantastisk feiring.
Då blir det nok eit glas vin i kveld.
17. mai
I morgon er det òg ein kjoledag. Derfor må me ha kjoledikt nr 2:
Rundt går det,
rundt.
Feste blikket på det
som er i ro.
Danse mai-yr
i kvite blonder
Smile medan regnet
gret
ørsmå dråpar
Danse farleg,
freiste lukka:
«Kom og ta meg!»
og regndråpane
glitrar
i sola.
Nasjonaldag
Det blir annleis, men i morgon er det 17. mai. Ingenting er slik det pleier å vere, men det er nasjonaldagen vår og det skal me feire!
Det meste av det som vil skje, kjem til å gå føre seg digitalt. Begge ålmennkringkastarane har i fleire veker planlagt sendingar frå heile landet. Slik kan me alle få med oss kransenedlegging, flaggheising og talar, – dersom me ynskjer det.
Noreg har ein musikkorpstradisjon som er på verdstoppen. Sidan eg både har vore korpsmedlem, korpsdirigent og korpsmor, er korpsmusikk sjølve symbolet på nasjonaldagen for meg. I Oslo lovar 17. mai-komiteen at det utan varsel skal dukke opp geriljakorps rundt om. Eg har ingen store forventningar om slikt her oppe på bergknatten vår, men det hadde vore stor stas.

Sidan me no har lov til å vere saman meir enn fem, blir det ekstra stas med 17. mai-frukost i år. Og klokka 1300 skal eg stå i finstasen og synge «Ja, vi elsker dette landet» saman med resten av Noreg. Stemma kjem til å breste og tårene trille, men eg skal synge. Eg trur på høgtidsstemning i kvar ein heim, – og me kjem til å hugse det lenge.
17. mai-sitat
Eg vel å sitere to vers av «Mellom bakkar og berg». Ingen kan klare å seie det betre enn Ivar Aasen og det er ikkje mykje som passar betre enn dette:
«Fram på vinteren stundom han tenkte:
Gjev eg var i eit varmare land!
Men når vårsol i bakkane blenkte,
fekk han hug til si heimlege strand.
Og når liene grønkar som hagar,
når det lavar av blomar på strå,
og når netter er ljose som dagar,
kan han ingen stad venare sjå.»
Eg ynskjer alle ein strålande festdag i morgon. Alle me som høyrer til i landet vårt, eig denne dagen. Den er vår. Me må samle oss rundt alle dei gode grunnane me har til å vere stolte av landet vårt. Alt det som bind oss saman er viktigare enn det som splittar.
HURRA!
Helsing frå Karen-Margrethe