UGREITT, PÅ LEIT ETTER SUMAREN OG Å SETJE FOLK I BÅS

Kjære folk!

I mange veker no har eg innimellom vakna med ei kjensle av at det er noko som er veldig gale. Likevel tillét eg meg å vere glad for eigen tryggleik og stole på at dei som styrer der ute gjer så godt dei kan til beste for oss alle.
Men det er ikkje like greitt for alle. Det må me ikkje gløyme. Det kjem eg til dersom du les litt vidare.

IMG_5117
Det er ikkje like greitt for alle der ute.

Eit sitat eg vil dele
Fleire og fleire stiller seg i kø for matutdelinga til Fattighuset. Sjølve huset på Grønland i Oslo er stengt på grunn av smittevernet. Matutdelinga går føre seg i bakgarden.

Før koronakrisa delte dei ut mat til mellom 200 og 300. No er det vanleg at det kjem mellom 400 og 450. No er det fleire yngre og fleire norsktalande som kjem, men dei fleste er einslege, austeuropeiske menn som har mista jobben sin.

Sjølv om matkøane no blir lengre, er fattigdomsproblematikken slett ikkje ny.
Mot slutten av fjoråret sende Kirkens Bymisjon ut ein rapport der 17 ungdommar fortel korleis det er å vakse opp i ein fattig familie. Dei fortel at dei

  • går på skulen utan matpakke
  • ikkje har varme nok klede
  • må flytte ofte
  • er trongbudde
  • skammar seg og brukar mykje energi på å skjule at foreldra har dårleg råd
  • slit med konsentrasjon på skulen
IMG_4193
Alt arbeidet til Kirkens Bymisjon byggjer på at «ingen er bare det du ser».

Politiske diskusjonar om fattigdom endar ofte opp med definisjonar og statistikk. Nokre seier at me ikkje har reell fattigdom i Noreg samanlikna med andre land, – og så vert det peika på innvandringsproblematikken. Ja, og så? Er det ikkje berre eitt faktum som er det viktige i denne debatten og det er at velferdsstaten vår ikkje klarar å hjelpe desse menneska?

Det blir avsett hundrevis av millionar til tiltak som ikkje ser ut til å nå fram til dei det gjeld. Og her kjem sitatet:
Adelheid Firing Hvamsal er generalsekretær i Kirkens Bymisjon. Ho spør:
«Skal vi løse utfordringene til barna som lever i fattigdom, må antakelig foreldrene deres bli rikere. Hvordan løser vi det?»

IMG_5151
Voksne for Barn har jobba for oppvekstvilkår og psykisk helse for born i 60 år.

Generalsekretær Signe Horn i «Voksne for Barn» uttalte seg slik i Vårt Land for ei vekes tid sidan:
«Å vokse opp i økonomisk utsatthet kan ha konsekvenser for resten av livet for et barn. Nå må regjeringen sørge for at NAV har ressurser til å følge opp barns rettigheter om at deres behov også skal kartlegges. Vi vet det allerede er urovekkende mange avvik her, og nå som saker skal hurtigbehandles, er jeg redd disse barna er dem som glipper først

Så over til noko heilt anna:
Ei oppleving eg vil bere med meg vidare
No om dagen treng ein ikkje gå mange stega for å finne seg ei oppleving. Eg finn stor glede i å leite etter sumaren. For nokre veker sidan la eg ut eit bilete av eit av blomsterbeda mine. Sjå skilnaden, – det er  verkeleg snart sumar. Her endrar det seg heile sumarhalvåret og det er til å bli glad av. Det er som om dei små, grøne skundar seg, – som om dei vil vere ute så tidleg som mogeleg fordi dei veit at sumaren er kort og dei har tenkt å få med seg så mykje som mogeleg av den.

Liljekonvallen er vakker og den luktar godt, men den er kjempegiftig. Den likar seg best i lune skogholt, – akkurat slik naturen har laga det til tre – fire meter unna husveggen vår. I år ser det ut til å bli mykje liljekonvall. Gjett om eg skal plukke.
I Noreg veks det villjordbær (eller markjordbær om du vil) i heile landet. Utanfor hos oss er det så mykje at me kan kjenne dufta når me tuslar ikring ute. Her har barnebarna mine plukka lange strå fulle med smak av sumar. Det er berre å glede seg. Her er det oppleving i massevis framover:

Me er heldige som kan nytte tida til å ta oss små turar rundt om i nærområdet. Me både nyt våren og ser fram mot sumaren. For nokre dagar sidan køyrde me til Fossekleiva kultursenter. Frå 1889 til 1965 vart det drivi tekstilfabrikk der. Frå 1982 har kunstnarar  halde til i lokala. Her er det mykje å hente for folk som er interessert i både kunst og arbeidar-/industrihistorie. Det meste var sjølvsagt stengt, men naturen var open og her ligg alt til rette for ein fin, liten fottur.

Me kjem heilt sikkert attende til Berger Museum og Fossekleiva kultursenter seinaren i sumar for å gå på kunstutstilling, drikke kaffi på Café Jebsen eller berre for å sitje og nyte tilveret.

IMG_5173

 

IMG_5169

Her sit eg og ser utover Sandefjorden. Om nokre veker reknar eg med at det er liv og røre her med leikande ungar og solhungrige vaksne. Det var ikkje akkurat bikinitemperatur denne dagen.

Dette har eg tenkt på denne veka
Er det naturleg for folk å plassere personar me ikkje kjenner i båsar? Det er i alle fall fort gjort å snekre saman båsar for oss sjølv og for alle andre, – slike me kan putte typar oppi; ein bås for tenåringar, ein for single, ein for pensjonistar, – og slik held me på. Det må jo vere orden og system, ikkje sant?

Homofile elskar interiørmagasin og Melodi Grand Prix.
Folk i Halden likar alt som kjem frå USA og køyrer digre, amerikanske bilar.
Uføre er litt latare enn andre og burde eigentleg gjere samfunnsnyttig arbeid.
Dei som bur i Oslo vest trur dei er betre enn dei som bur på austkanten.

Me høyrer jo at dette er det reinaste vrøvl og visvas. Alle veit jo at me fyrst og fremst er individ med ulike interesser, talent og begrensningar. Eg er lært opp til å møte alle menneske med eit opent sinn, men eg er redd eg ikkje er betre enn andre på dette området eg heller.

Kvifor er det slik? Me veit for eksempel at dei utviklingshemma er like ulike som alle andre. Likevel puttar me dei ofte inn i ein eigen bås. Kristne og muslimar er òg av dei som ganske raskt får ein gruppemerkelapp på seg når me i debattar snakkar om kristenfolket og/eller muslimane. Det er godt mogeleg at det innanfor kvar einskild «kategori» finnes trekk som liknar, men sjølvsagt er ulikskapen større.

Det er mange slike båsar å putte folk i. Eg kan nemne handverkarar, akademikarar, dei skuleflinke, blåruss, kultureliten, nordlendingar, blondiner, cruiseturistar, overvektige, bergensarar, samar, journalistar, rockemusikarar, – slik kan eg halde på i bortimot det uendelege.
Opp med handa dei som ikkje meiner noko som helst om nokon av desse «kategoriane».

IMG_5210

Det er milliardar av menneske i verda vår. Sannsynlegvis er det ein ting me alle har felles og det er at me er ulike.

Ingen av dei båsane eg har skrive om her, fortel for eksempel noko om verdiar, politisk syn, kjønn, draumar, håp, hobbyar, redsler og gleder. Og er det ikkje slik at dersom me puttar ein person inn i ein bås, så blir det vanskelegare for han eller ho å bli høyrt? Vil ikkje veggane i båsen bli ståande i vegen for stemma til individet?

Slik tenkjer ei som har blitt og som lett kan bli, plassert i desse båsane: ufør, eldre, «typisk lærar», fagforeiningspamp og skrivebordspedagog og som har bestemt seg for å tenkje seg nøye om før ho set folk i bås.
Eg skal i alle fall gjere så godt eg kan.

***

Eg starta dette blogginnlegget svært alvorleg, men det er naudsynt med litt balanse, ikkje sant?
Kanskje dette sitatet frå Inge Lønning kan vere mottoet for den komande veka?
«En skal aldri unnlate å falle for en god fristelse. En lever bare en gang. Det er ikke sikkert fristelsen gjentar seg

Uansett: Eg håpar det blir ei god veke for oss alle.

IMG_5163

Helsing frå Karen-Margrethe

 

 

 

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: