MÅ BERRE FÅ SAGT DET, BEUNDRING OG UENDELEG LITA

Kjære folk!

God laurdagsmorgon!
I dag tidleg vakna eg av at trekken frå det opne vindauget strauk meg oppover leggane. Golvet var kaldt mot berrføtene då eg stod opp, men eg hadde valsetakt i meg og visste at eg hadde dansa i draume. Eg kjenner det framleis og har tenkt å bevare gleda og rytmen frå draumen langt inn i den vakre formiddagen.

IMG_5185
… og for ein vakker morgon det er!

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Sist veke var det så greitt; eg skulle skrive om 1. mai. Denne veka har det vore så mykje som har tumla rundt i tankane mine at eg ikkje klarte å velje. Difor vart det slik at det er litt av kvart eg berre må få sagt:

  • Eg skulle gjerne ha lenka meg fast for å protestere mot rivinga av Y-blokka i regjeringskvartalet i Oslo. Hadde det ikkje vore for smittesituasjonen, ville det ha vore mange som hadde demonstrert. Y-blokka er ein viktig symbolbygning for oppbygginga av velferdsstaten vår etter krigen. Det er historielaust å rive. Det har heller aldri vorte utreda om det er mogeleg å bevare Y-blokka som ein del av eit regjeringskvartal. Rivinga må i alle fall utsetjast til etter møtet i Stortinget 12. mai.

    IMG_5152
    Då eg skreiv om Y-blokka 1. februar i år, nytta eg dette biletet.
  • Det skal ikkje israelske varer inn i vårt hus med det fyrste.
    Israels statsminister seier at han er sikker på at annekteringa av Vestbredden kjem til å skje innan nokre månader. Forkasteleg! Då Russland annekterte Krim i mars 2014, vart det baluba i heile det såkalla Vesten og Noreg vedtok sanksjonar mot Russland til tross for at det ramma norske økonomiske interesser. Kvifor handterar me ikkje Israel sine planar på same viset?
  • I april i år la regjeringa fram ei stortingsmelding om miljøkriminalitet som blant anna inneheld tiltak for å verne naturmangfaldet. Omtrent samstundes vel den same regjeringa å finne på ei ny iskantgrense og ikkje fylgje miljøfaglege råd om kor langt sør i Barentshavet grensa for oljeaktivitet skal gå. Hadde ikkje regjeringa lova å definere iskanten «i lys av anbefalinger fra Faglig forum»?

    IMG_5153
    Då eg skreiv om iskanten 11. januar i år, nytta eg dette biletet.
  • Regjeringa ynskjer å utsette behandlinga av spørsmålet om å hente born frå Moria-leiren. Grunngjevinga er at dei ventar på ei europeisk løysing for flyktningane i Hellas. Men det finnes ein prosedyre for å evakuere born frå Hellas til andre europeiske land. Det var jo denne prosedyra Luxemburg fylgde i april.
    Heile 11 land har sagt ja til å bli med på det initiativet Tyskland har tatt for å ta imot dei mest sårbare. Kva er det me skal vente på?

Av og til er det godt å få sagt ting til fleire enn han som sit saman med meg ved frukostbordet.

Eit ord å snu og vende på
I dag ser eg på eit ord eg ikkje heilt veit om eg likar. Beundring. Dette substanstivet er ei slags kjensle, er det ikkje? For meg er denne kjensla positiv berre dersom den verkar motiverande, – for eksempel slik;
– Eg skal jammen prøve å få til dette eg og.
– Dersom ho kan, då kan eg og.
Då er den som blir beundra ein positiv rollemodell.
Men kan det ikkje like gjerne ende slik;
– Så flink ho er. Det kan eg aldri klare.
– Jammen er ho talentfull. Eg vil aldri kunne nå opp på hennar nivå.
Dette skapar ikkje anna enn passivitet.

Endå verre er det dersom beundring går over til misunning. Eg trur det kan vere fort gjort å trø over grensa og ende opp med;
– Det er enkelt for henne som har kome så lett til det.
– Ho veit ho er flink og trivst altfor godt i rampeljoset.

Eg vil tru at dei fleste av oss ynskjer andre alt godt, at me unnar andre framgang og at me kjenner glede på vegne av andre. Misunning er ei ussel og svært lite sjarmerande kjensle som aldri vil kunne ha ein positiv verknad på livet vårt.
«Misunnelse er beundring som har gått seg bort» seier Kathrine Aspaas.

Er det alltid bra å ha eit førebilete? Eg trur det er fint mogeleg å skaffe seg eit idol som har negativ verknad på sjølvkjensla. Dersom dei me beundrar står fram som penare, rikare og meir vellukka enn det me nokon gong kan bli , – og dersom pen, rik og vellukka er det einaste me bryr oss om, då blir det vanskeleg å sjå det positive i denne beundringa. Det er berre å vise til influensarane og marknadsføringa av blant anna plastiske operasjonar. Det smertar å tenkje på alle dei unge jentene som har slike rollemodellar.

Me lever i eit samfunn der me kvar dag har gode mogelegheiter for å samanlikne oss med andre. Det er fort gjort å kome til kort. Dersom me skal finne oss einkvan å beundre, er det best om det er ei med slike sunne eigenskapar som kjem til nytte og gjer godt i kvardagen. For eksempel ei som
– ser andre og bryr seg om dei ho møter
– er nøgd med seg sjølv og den utsjånaden ho er skapt med
– gjer at folk kjenner seg vel når dei er saman med henne
– har positive haldningar og vågar å stå opp for dei
– snakkar vel om andre

Korleis kan me få unge jenter til å sjå opp til slike kvardagsheltar? Kan eit av svara på det spørsmålet vere å sjølv å snakke vel om dei som er blide, hyggelege og snille blant oss og bry oss mindre om fasade?

Ei lita kjensle:

Så uendeleg lita

IMG_5120

Lik eit sandkorn på den svale stranda
Berre som ein maur i den vårvakne tuva
Eit fnugg i ein snøstorm lang borte. Likevel
heilt aleine

Gøymt som ein dråpe i morgondisen

Mellom dei mange
ber ho kveldsbøn om
å få vere hans
einaste eine
medan fela spelar
ein underleg slått og dagane
stadig vert
lengre

***

Då eg var lita og fekk spørsmål om kva eg skulle bli som vaksen, – då svara eg: «Eg skal bli kvardagskjerring akkurat som ho mamma».
No er eg ei slik ei, – og det kjennes fint å vere kvardagskjerring.

IMG_5218

Biletet er frå i går.
I dag gler eg meg til denne dagen. Eg veit at eg skal drikke morgonkaffi med utsikt over fjorden, vitje ei venninne som fyller år og ete lunsj i parken men folk eg er glad i. Etter det, – ja, då får me sjå. Plukke blomar kanskje? Her er årets aller fyrste bukett, plukka for nokre dagar sidan.

IMG_5208

Eg ynskjer alle ein strålande, god laurdag.

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: