Kjære folk!
God sundagsmorgon!
I dag er det FN sin internasjonale dag for pressefridom. Eg nemner det fordi dette er ein av dei grunnleggjande eigenskapane ved eit demokrati og fordi eg er glad for og stolt av å vere innbyggjar i eit land som set pressefridomen så høgt!
Eit sitat eg vil dele
Me er mange som likar å reise. Me likar fridomen me kjenner når me er ute på tur. Og når me kjem heim, har me bilete, lydar og lukt lagra inne i hovudet. Me er og forhåpentlegvis litt klokare enn det me var då me drog på ferietur. I alle fall er me tilfredse, brune og blide når me etter feriedagane sig ned i eigen sofa og sukkar «borte bra, men heime best». Me må jo bort for å få den kjensla når me kjem heim.
Eg skulle eigentleg ha kome heim att frå Firenze for nokre dagar sidan. Slik vart det sjølvsagt ikkje. Kva er det som skapar denne reiselysta og kvifor ynskjer så mange av oss å dra til ukjende stader og møte framande menneske?
Eg er gift med ein som har veldig lett for å sjå for seg ein klår, knallblå og skyfri himmel og raskt setje seg ned for å leite etter sumar. Han blir inspirert når sur haustvind ular rundt husnovene. Han er viss på at me har godt av ein pause eller to vekk frå norsk vinter.

Dette med vinterreiser er vel forståeleg, men kvifor vil me reise utanlands om sumaren? Er det ikkje litt rart at me jaktar verda rundt etter attraksjonar og opplevingar når me er så heldige at me bur i eit av verdas vakraste land? Kjennest det ikkje spanande nok her?
Her kjem sitatet:
«Hvis vi ikke kan reise ut, hva gjør vi da? Trekker innover? Skogen, den ligger jo der. Den er uten sensasjoner. Alt er moderat. Ingenting storslått. Rolig, melankolsk. Mellom furuleggene finnes det et annet liv. Den som står helt stille og lytter, vil høre ekkoet av sin egen sjel. Den er der fortsatt.»
Slik skreiv førsteamanuensis Erling Dokk Holm i «På en søndag» i Aftenposten 26. april.
Norske styresmakter har rådd oss til å ikkje reise til andre land dersom det ikkje er strengt naudsynt. Det blir altså Noregsferie i år, – og det er mange rundt om i norsk reiseliv som denne sumaren treng at me legg att feriepengane våre i Noreg. Hotell, restaurantar og kulturattraksjonar vil gjerne ha gjestar.
Eg vil gjerne ha så klåre reglar som råd er før eg dreg på tur. Det er fleire grunnar til det.
For det fyrste vil eg ikkje bli smitta. 30. mai hadde regjeringa pressekonferanse og fortalde oss at det no kan samlast inntil 50 personar på eit arrangement med ansvarleg arrangør. Dersom me har kontroll på smitten, vil det etter 15. juni kunne opnast opp litt meir slik at talet kan bli inntil 200. Eg må bli viss på at hotell og kulturbasert reiseliv klarar å handtere dette med gode nok reglar og retningslinjer før eg reiser på tur.
For det andre vil eg helst sleppe å lure på kva som er rett å gjere og eg vil gjerne òg sleppe å måtte kjenne på skam og/eller dårleg samvit medan eg ferierar. Det siste eg vil, er å setje meg sjølv og andre i ein usikker situasjon. Då held eg meg heller heime.
Bent Høie seier at me gjerne kan leggje planar for ferien i Noreg, men me må vere budde på at reglane kan bli stramma inn att. Tja, – klårare blir det kanskje ikkje?
Men skogen ligg der, – og dersom Erling Dokk Holm har rett, bør eg nytte denne sumaren til å gå dit ut og finne ekkoet av sjela mi. Eg håpar verkeleg at sumaren blir litt meir innhaldsrik enn som så.
Ei oppleving eg vil bere med meg vidare
Sundagsveret var strålande.
Planen var god.
Horten, here we come!
I dag vil eg ta dykk med på ein liten rundtur på området ved Karljohansvern. Karljohansvern er ein historisk forsvarsbase omgitt av vakker natur. Dette er staden å vitje for den som likar kombinasjonen av naturskjønn omgivnad, spanande bygningar og museum. Lars og Ulla var guidane våre.

Turen starta langs kanalen forbi Det Sjømilitære Samfunn til det området som er kalla Fyllinga. Området har ein vakker kanal som me kunne vandre langs i fred og ro:
Dette er nok typisk Horten. Fyllinga Fyr med Bastøferja i bakgrunnen. Bastø Fosen har trafikkert ferjesambandet Moss – Horten sidan 1996:
Karljohansvern kan best samanliknast med eit levande museum, men området har i tillegg tre flotte museumsamlingar: Marinemuseet, Preus museum og Lokalhistorisk senter. På tross av all museumskompetansen som finnes der, fann me ingen som kunne fortelje oss kva slags bygningar dette var, – ikkje så rart kanskje, sidan alt på området var koronastengt. Me må attende og finne ut meir sidan i sumar.
Våren hadde kome langt. På dei grøne slettene fann me blant anna skogsfiol:
Misteltein var den aller fyrste planta som vart freda i Noreg. Horten er Noregs «mistelteinby». Her er det vanleg å sjå 20 mistelteinballar i det same treet. Røtene tek seg inn til margen i vertstreet og sug til seg av det vatnet og næringsstoffet som treet skulle hatt sjølv.
Langs stranda fann me fullt av raud stein. Det tok ei tid før me fann ut at det var murstein og at her måtte det ha stått ein kanonbefestning. Den har nok vorte riven, men mursteinane let dei bli liggjande.
Fin dag!
Fin tur!
Dette har eg tenkt på denne veka
Stort sett søv eg godt om natta, men det er ikkje støtt at svevnen kjem like fort og ikkje alle netter er like rolege. Denne veka har eg tenkt ein del på det å sove.
Dei som forskar på svevn meiner at eit vakse menneske treng mellom sju og åtte timar svevn per natt. Dette er viktig, for me kan setje mangel på svevn i samband med ei rekkje sjukdomar og lidingar. Svevnmønsteret vårt kan påverke både den mentale og den fysiske yteevna.
Me nyttar ein tredel av livet vårt på å sove. Alle er einige om at nok svevn er viktig for å ha det godt i kvardagen og for å vere i kjenslemessig balanse. Fleire teoriar seier at me nyttar svevnen for å ta for oss opplevingar og sortere og lagre informasjon i minnet.
På psykologisk.no kunne eg lese at det ikkje er ei myte at svevn kan gjere oss vakre. Når ein person har fått for lite svevn, vil andre kunne oppleve han eller ho som mindre attraktiv. Mangel på svevn kan dessutan føre til hormonell ubalanse som igjen gjer at ein får meir lyst på feit og søt mat.
For dei som er på utkikk etter gode råd for eit langt liv, her kjem eit med ukjend opphav:
«Et halvparten så mykje, sov dobbelt så mykje, drikk tre gonger så mykje (eg reknar med at det her er meint vatn) og le fire gonger så mykje – då kjem du til å leva til nokon slår deg i hel.»
Men av og til vil ikkje svevnen kome:
Ho blir lang denne
nattevakta
og ho er ikkje mi.
Namnet mitt står ikkje på vaktlista:
Eg listar meg rundt,
gjer og gjer
sjølv om det ikkje er noko
å gjere.
Ser etter, breier på,
trøystar og
utan nokon
å passe på.
Er det nokon som svelt her?
Er det nokon som treng pengar?
Tida står stille
Klokka har stansa.
Eg veit ikkje
om eg nokon gong
får fri til
å sove.
Eg kan altså av og til ha litt lett for å vakne midt på natta og bli liggjande der og tenkje. Eg har derfor leita etter råd mot slikt dei kallar aktivering. Dette var det eg fann:
- Unngå koffein, nikotin og alkohol
- Ikkje gå og legg deg svolten eller med for mykje i magen
- Ha det mørkt og passeleg varmt/kaldt i rommet
- Ikkje sjå på klokka dersom du vaknar
- Lær deg avspenningsteknikkar
Den neste er sikkert fin for dei som klarar å gjennomføre det:
- Set av ein «problemhalvtime» om ettermiddagen og tenk gjennom det som er vanskeleg. På den måten kan du unngå å ta med deg problema til sengs.
Den neste er grei å få med seg:
- Orgasme kan gjere deg svevnug
Den nest siste var eg ikkje klar over:
- Ikkje tel sauer!
Å telje sauer er eit av dei eldste svevnråda, men for folk flest får saueteljing oss til å bruke lengre tid på å sovne.
Heilt til slutt:
- Tenk på noko vakkert, for eksempel på ein foss.
Det har vore gjort forsøk som viser at å tenkje på ein foss er eit svært effektivt sovemiddel.

Eg ynskjer meg
ein lang svevn
i mi eiga vesle verd,
late tankane få virvle
på ei nattleg draumeferd.
Medvitslaus
vil eg puste,
så syng meg ein nattasang
Eg vil så gjerne sove
gjennom heile natta lang.
***
Då sluttar eg av i dag med ein liten ein frå Piet Hein:
Den som aldrig
lever nu
lever aldrig.
Hva gør du?

Eg ynskjer alle som les gode dagar fram til neste helg!
Helsing frå Karen-Margrethe