KAMPDAG ELLER FRIDAG?, TILFELDIG ELLER SKJEBNE? OG LITT OM VINDEN

Kjære folk!

Sola er ei vårmorgonsol, eg har vårmorgonhjarte og verda mi smiler vårmorgonsmilet sitt. Kvar einaste vår skjer akkurat det same og det er like underleg og like spanande, – kvar vår.

IMG_5095

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Kva slags dag var det i går?
Festdag?
Raud dag?
Flaggdag?
Fridag?
Høgtidsdag?
Kampdag?

For mange er denne dagen berre ein kjærkomen fridag som gjer det mogeleg å få seg ei ekstra langhelg. Men bak denne fridagen ligg ei lang historie om kampen for dei rettane me i dag tek som sjølvsagte.

1.mai vart offisiell flaggdag i 1935 og i 1947 vedtok Stortinget at dagen skulle vere ein offentleg høgtidsdag.

Heilt frå 1890-talet var denne maidagen ein internasjonal dag og eit symbol på styrke og samhald hos arbeidarane. 1. mai har aldri vore ein fest utan innhald, men ein del av arbeidarkulturen der alvor og fest skulle gå hand i hand.

IMG_5107

Om det raude flagget skreiv Social-Demokraten slik i 1894:
«Rødt som blod, fordi det betyr kamp.
Rødt som skarlagen fordi det en gang skal komme til at betyde sejr og festivitas

Mange, også representantar frå høgresida i norsk politikk, sa for nokre dagar sidan at det i år var viktigare enn nokon gong å stå saman i fellesskap, samhald og solidaritet for å kjempe for arbeid og helse. Dei siste 52 dagane har det verkeleg vist seg kor bra det er at me har eit så godt organisert arbeidsliv og eit så godt fungerande og solid trepartssamarbeid.

I går vart dagen feira digitalt med faner, flagg, parolar, talar og song. Det starta med nokre tekniske problem, men deretter gjekk det problemlaust slag i slag. Ole Paus var LO sin fyrste gjest.

IMG_5144
Ole Paus framførte «Mitt lille land». Han skuffa ikkje.

Tre små sitat (sjølvsagt tatt ut av samanhengen, men likevel):
«Vi skal ikke tillate økende forskjeller.» Hans-Christian Gabrielsen, LO-leder
«Solidaritet må gjelde melom land, ikke bare i land.» Jonas Gahr Støre, leder av Det Norske Arbeiderparti
«La oss forplikte oss til å bry oss.» Audun Lysbakken, SV-leder

Det vart ein annleis, men fin 1. mai-dag.

Eit ord å snu og vende på
All denne heimesitjinga har ført til at det har blitt konsumert ein god del spelefilmar.

Eg må innrømme at eg går litt i surr med når kven sa kva og i kva for ein film det var han eller ho sa det. I alle fall, – i ein litt flau situasjon sa den eine fyren til den andre medan dei hang over ein bardisk: «Har du tenkt på at dersom ein av dine forfedrar elle formødrer ikkje hadde vore der han eller ho var akkurat den gongen dei skulle lage ein unge, så hadde ikkje du vore til i det heile?» Og då held eg fram:
Har du tenkt på det du? Ordet mitt i dag er altså «tilfeldig».

Eg veit at dersom han som var kjærasten til mor mi ikkje hadde brote armen i 1950, så hadde ikkje far min fått danse med mor mi den kvelden og ho hadde ganske
sikkert laga unge med ein annan i 1952 og då hadde ikkje eg vore meg.
Kor tilfeldig er alt saman eigentleg?

IMG_5114
Var det heilt tilfeldig at det vart dei to … og at dei laga akkurat meg?

Det er rart å tenkje på at eit menneske me møter kan bli heilt avgjerande for korleis resten av livet skal utvikle seg. «Det var vel ei meining med det», seier nokre av oss, – og så tenkjer me ikkje meir over det.

Slikt kan vere morosamt å snakke om og det kan vere interessant å titte attende i eige liv og fantasere litt rundt «kva hadde hendt dersom …». Alt dette tilfeldige har alltid pirra nysgjerrigheita mi. Andre koplar tilfeldigheiter saman med trua på høgare krefter og kallar det skjebnen eller «gudestyrt».

IMG_5108
Gud malt av Michelangelo (ein detalj frå «Skapelsen av solen og månen»)

Er det slik at me menneske har ein tendens til å sjå meining i det tilfeldige fordi me leitar etter ei meining me svært gjerne ynskjer å finne?

Eg trur ikkje nokon av oss kjem til å finne ut og få bevist om alt er tilfeldig eller styrt på noko vis av det underbevisste eller av noko som er større enn oss. Er det så nøye eigentleg om ting me opplever er tilfeldig eller styrt? Eg for min del vil gjerne bestemme så mykje som mogeleg sjølv, men det viktigaste er vel at når me no fyst er her, så bør me klare å glede oss over det livet me lever, – ikkje sant?

Ei lita kjensle
IMG_5109

Eg er ikkje så glad
i den vinden
som dunkar og dundrar,
ular og pip,
ropar over fjorden
slik at ingen kan sove
utan uro

Kva skal me
med den vinden?

Eg likar den
som susar og syng
i skogen

 sumarnattvinden
som smyg seg inn,
lyfter gardina
Eit skjørt inn
i rommet
medan eg
får sove.

 ***

Me må hjelpe oss sjølv og dei me har rundt oss til å leggje merke til dei små gledene. Eg veit at det er bra for oss.

IMG_5110

Ha ein god dag vidare.

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: