UNYTTIG?, GAMMALDAGS BILTUR OG NOKRE BOBLER

Kjære folk!

God morgon!
Eg trur på denne morgonen, på denne dagen, på denne våren.
Eg har lyst til å feire, – og her på bloggen min gjer eg det med litt unyttig skriveri, ein gammaldags biltur og nokre bobler.

IMG_5055
Like vakker kvar einaste vår.

Eit sitat eg vil dele
«Jeg misliker ordet «nyttig». I mine ører er «nyttig» et falskt ord. Det later som om det er en klok ugle, men egentlig er det en forkledd slange med kunstige vinger. «Nyttig» – det er et ord som passer sammen med setninger som «Og hva skal du med den, da?» eller: «Men har du noe bruk for det, da?» Det er snusfornuften og funksjonalismen som taler. Stort lenger bort fra Askeladden er det ikke mulig å komme

IMG_5026
Theodor Kittelsen 1900, «Langt langt borte saa han noget lyse og glitre»

Då eg las dette i Tor Åge Bringsværd si bok «Det eventyrlige» i 1991, fekk eg berre positive assosiasjonar om leik og glede. Eg hadde godt samvit fordi eg klarte å kombinere samfunnsnyttig arbeid med unyttig tull og tøys. Eg kjende at det var slik livet skulle vere; ein kombinasjon av alvorlege oppgåver og det som berre var for moro.

Men no, – kva gjer eg som er nyttig eigentleg? Og då meiner eg nyttig for andre enn meg sjølv og han eg deler kvardagen med. Eg kjenner at eg må trøyste meg sjølv litt, for verda har då vel framleis litt nytte av at eg er til:

  • Eg støttar opp om nyttige organisasjonar som hadde hatt litt mindre å rutte med utan meg
  • Eg plantar og sår frø slik at biene kan samle nektar til honningen sin
  • Eg er her for born og barnebarn dersom dei skulle ha behov for litt hjelp, trøyst, sponsing eller ein pannekakemiddag.

Men utover det?

IMG_5040
Kor mykje nytte er det i meg?

Så les eg sitatet ein gong til og finn ut at eg har gått meg vill i min eigen tanke. Det er ikkje denne tankerekkja forfattaren ynskjer seg av lesarane sine. Eg trur meininga er at eg med godt samvit kan sitje i sola og gjere unyttige ingenting, tenkje unyttige tankar for deretter å gå inn og skrive blogginnlegg som ingen har nytte av.

På spørsmålet «Og hva skal du med den, da?» kan eg kneise med nakken til svar, sjå spørsmålsstillaren rett inn i augo og seie «sjølvsagt ingenting, din snusfornuftige funksjonalist.»

Ei oppleving eg vil bere med meg vidare
Far min fekk ikkje bil før i andre delen av 1960-talet. Før det hendte det at onkelen og tanta mi kom frå Geilo for å ta oss med på biltur. Det var stas. Eg sat i midten i baksetet på onkel Johs sin Ford Taunus og opplevde verda gjennom frontruta. Det var uvant sidan eg stort sett hadde opplevd naturen frå vindauget i ein togkupé.
Aller mest stas var det når mor og tante tok fram kvar si nistekorg der dei hadde pakka ned alt det beste dei to heimane hadde å tilby.

Onsdag i veka som gjekk, fann eg og han som eg deler korona-tosamheita med, ut at me hadde behov for å oppleve noko anna enn hagen i Holmestrand. Me ville på biltur med nistekorg og det heile. Det angra me ikkje på.

Turen gjekk gjennom Numedal og det var ikkje akkurat mykje trafikk etter vegane.
Numedal er kalla «Middelalderdalen» og er det dalføret i Noreg med flest bevarte trebygningar frå tida etter reformasjonen.

Fleire kilometer frå fylkesveg 40 og innover på tildels svært dårleg skogsveg, fann me Dåsettunet. Dette er ein gammal, unik gard der bygningane står i det opprinnelege miljøet sitt. Dåset er rekna som ein av dei eldste gardane i Flesberg. I velmaktstida hadde garden 23 bygningar med kvar sin funksjon.

Flesberg stavkyrkje vart bygd om til korskyrkje i 1735. Rundt heile kyrkjegarden er det eit gjerde av ståande gråsteinsheller. Dette var den viktigaste møteplassen i bygda. Her stod hestane medan folket var på gudsteneste, her vart alle viktige nyhende kunngjort og her var gapestokken plassert.

 

Numedalsbanen frå Flesberg til Rollag ber preg av å ikkje vere i bruk:

IMG_5049
Ein jernbaneunge likar jernbaneskinner, men likar aller best at dei er i bruk.

Veret var strålande, – og i Hol kommune møtte me snøen:

I år er det Noreg som er ferielandet vårt. Eg anbefalar Numedal på det varmaste.

Dette har eg tenkt på denne veka
Det er mange som kjenner det slik for tida, – at livet er som å vere i ei boble, – aleine innunder kvar vår kuppel.

Me har lett for å tru at andre oppfattar denne boblesituasjonen på same måten som oss sjølv, men slik er det ikkje. Her inne i bobla mi ville alt ha vore heilt annleis dersom eg for eksempel var trongbudd, hadde dårleg råd og var redd han eg budde i lag med. I bobla mi er det god plass, ro og fred, ein hage å pusle i, fullt kjøleskåp og mange å ringe til. Sjølvsagt er eg takksam.

Det er den same flaumen av informasjon som trykkjer på og vil inn i alle boblene våre, men me tek imot dette trykket på ymse vis alt etter korleis me har det og om me har nokon å snakke med. Det kan hende at me av og til gjer lurt i å setje opp informasjonssperrer. Eg trur ikkje det er bra for nokon av oss å utsetje oss for all denne korona-oppdateringa heile dagen. Litt urolege er me alle, men me må ikkje gå rundt i boblene våre og kjenne på dette ubehaget heile tida.

Me er framleis bedne om å halde oss mest mogeleg heime. Me gjer stort sett slik det er forventa av oss og me trur at me på den måten gjer ein innsats slik at me alle kan krype ut av boblene våre raskare og tryggare. Me vaskar hender før og etter alt mogeleg, men som oftast utan å leggje merke til dei ørsmå boblene på hendene våre.

Dei er populære hos born i alle aldrar og eg berre elskar såpebobler.

IMG_5003

Dei består av ein tynn vegg av vatn med såpe på båe sidene av veggen. Vatnet i såpeboblene vil fordampe fort dersom det er veldig varmt. Derfor er det best å lage såpebobler når det er mykje fuktigheit i lufta, – for eksempel rett etter at det har regna.

I´m forever blowing bubbles,
pretty bubbles in the air.
They fly so high, nearly reach the sky,
then like my dreams
they fade and die.
Fortune`s always hiding,
I´ve looked everywhere.
I´m forever blowing bubbles,
pretty bubbles in the air.

(Denne songen vart spela inn på plate fyste gong i 1919. Fotballklubben West Ham Unitet har han som klubbsongen sin. Du finn fleire versjonar på nettet)

IMG_4967

Eg hadde eigentleg planlagt eit lite avsnitt om å kjenne seg som i ei boble, men idéane bobla vidare medan eg skreiv. Eg kunne ha fortalt om då eg drakk mine fyrste bobler, men det vil eg helst gløyme. Eg kunne ha skrive om då eg tok boblebad for fyrste gong, men det var ganske pinleg for fleire enn meg. Eg kunne ha mimra om mi fyrste boblejakke som var branngul og heimesydd, – eit fint minne.

Dette får halde, men eg må berre nemne denne vesle bobla som har vore bilen min heilt sidan i 2003. No når det er vår, er det kjekt med ein liten tur med litt vind i luggen.

IMG_5011

***

Denne morgonen har eg tulla med ein liten tanke: Kvar byrjar slutten? Når byrjar slutten på morgonen? På dagen?
Kvar byrjar slutten på denne bloggen? Det kan eg svare på, – det er her og no.

IMG_5047
Denne fann eg utanfor porten til Flesberg stavkyrkje.

Ha ein god sundag og ei god veke.

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

- Halling med bostedsadresse i Holmestrand - Avsluttet en mangslungen karriere innenfor norsk skolevesen - Gift, mamma, farmor og bonus- både det ene og det andre - Stort sett blid, glad og fornøyd med livet Hvorfor begynner ei nesten gammel dame med blogging? Jeg blogger først og fremst fordi jeg er glad i å skrive og for å kunne utfordre meg selv ved å gjøre noe nytt. Jeg tror også at mange synes det er trist når det skapes et inntrykk av at det som virkelig betyr noe i livet er ungdom og skjønnhet. Derfor kan det hende at noen har interesse av å bli invitert inn i hverdagen til en litt gammel dame.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s