POLITIKK FOR ETTERPÅ, MOR OG «KJENNER EG DEG?»

Kjære folk!

På mange måtar har dette vore ei strålande vårveke, men kvardagen er likevel ikkje akkurat så lett å setje ord på. Nesten ingenting er slik det pleier å vere. Mildt sagt annleis. Såpass annleis at det er tema som rett og slett kjennest som upassande å skrive om. I vekevis har det forståeleg nok nesten ikkje vore anna å lese i avisene enn om koronaviruset.

IMG_5015

No vitnar det forhåpentlegvis om litt ljosare koronatider når me kan lese og høyre nyheiter om både etterretningstenestelov og tillit eller ikkje til ny oljefondsjef. Alt dette medan sola skin og våren bokstaveleg tala kjem sprettande.

IMG_5053
Det er vår rundt huset.

 

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
For oss som er interesserte i politikk, trur eg at tida framover blir svært spanande. Det har korona syrgja for.

Alle dei politiske partia har utsett landsmøta sine, – bortsett frå MDG som gjennomfører historias fyrste digitale landsmøte i dag. Eg trur den politiske agendaen vil kome til å sjå annleis ut framover enn det dei politiske leiarane i utgangspunktet hadde planlagt. No for tida handlar bortimot alt om strakstiltak, men etter kvart må politikk også handle om korleis Noreg skal kome seg vidare etter krisa.

IMG_5016
Karl Johans gate 22, 0026 Oslo

I februar stod det mykje på saklistene som no kanskje ikkje er like aktuelt:

  • Forslaget om turistskatt står nok ikkje øvst på kommunane si ynskjeliste no.
  • Kor mange kjem til å meine at akkurat dei skal betale meir skatt?
  • Det var venta at me i 2021 kom til å få eit klimaval. Er dette framleis ein like aktuell spådom?
  • Nasjonal Transportplan vart sendt ut på høyring akkurat då koronaen gjorde sitt inntog. Kor høgt opp på prioriteringslistene vil samferdsel no kome?
  • Korleis vil det gå med sjukehusreforma? Er det framleis aktuell politikk å leggje ned lokalsjukehus?

I Noreg har me respondert på denne krisa med å stå fram som eit solidarisk folk. Me har opplevd ei felles sårbarheit som hos dei fleste av oss har utløyst solidaritet og mellommenneskeleg ansvar. Ingen skal stå aleine når krisa er over oss. Kjem dette til å fortsette og dermed også kome til uttrykk i politikken?

Eit anna ord som har vore mykje i bruk den siste tida er «takksemd». Me har hylla helsearbeidarane, rosa dei tilsette i butikkane og snakka vel om lastebilsjåførar og landbruksarbeidarar. Foreldre som har opplevd heimeskule, har kjent på takksemd til lærarane. Kjem dette til å gjere noko med kva me i framtida kjem til å investere i? Har me endra syn på kva som skal til for å gjere eit samfunn robust?
Kjem den einskilde av oss til å tenkje oss grundig om før me bestiller noko frå utlandet og heller prøver å finne ut om ein butikk i nærleiken har den same vara?

IMG_5018

Me kan ikkje bli verande inne i heimane våre i det uendelege. Samfunnet må attende til ein eller annan normal. Me har no sett at majoriteten av det norske folk har vist fram ei evne til omstilling som ingen kunne sjå for seg på førehand. Dei politiske debattane og vedtaka framover vil vise oss kva slags veg me skal gå vidare.
Må alle gamle planar leggjast i skrivebordskuffen?
Er det no tid for å vere med og skape eit samfunn som er grønare og meir rettferdig?

Eit ord å snu og vende på
Ordet mitt i dag er mor, mamma, moder. Det er fleire grunnar til det:
– eit avsnitt i ei bok eg nyleg har lese
– eit kunstverk eg kom over på nettet
– ein merkedag i veka som gjekk

På wikipedia.no les eg fylgjande:
«Statusen som mor varer livet ut, men rollen og arbeidsoppgavene endrer seg gradvis når barna blir eldre og klarer seg selv.»

I boka «Stillheten etterpå» av Helene Uri fann eg eit avsnitt som trefte kjenslene mine. Eg måtte lese det to gonger.
«Og til jul var skjerfet ferdig. Det var stripete og passe langt, og pappa ble akkurat så glad som jeg hadde håpet på. Først flere år senere skjønte jeg at mamma satt med strikketøyet mitt om kveldene etter at jeg hadde lagt meg. Hun rettet opp feilene mine, fisket opp masker jeg hadde mistet, og strikket litt videre. Så listet hun seg inn til meg igjen og la skjerfet tilbake på nattbordet mitt. For sånn er mamma. Hver morgen lå skjerfet ved sengen min og var litt lengre enn jeg husket

Dette fekk meg til å tenkje på sokkane eg hadde i oppgåve å strikke i 6. klasse. Eg plundra veldig med dette raude sokkeparet, men sokkane vart på forunderleg vis ferdige til tida og finare sokkar skulle ein leite lenge etter.

IMG_5017
Mor mi og eg

Wikipedia har på eit vis rett, – morsrolla endrar seg, men kjenslene endrar seg ikkje. Me vil alltid ynskje å rett opp feil, fiske opp maskar som er mista, strikke litt vidare og liste oss ut att med eit brennande ynskje om at alt vil bli bra.

Her er kunstverket som var med å setje tankane i gang.
Sjølv om mora er så sliten at ho ikkje klarar å halde seg oppreist, held handa fram med å rugge vogga.

IMG_4972
«Mor og barn», Christian Krohg, 1883

Du kom
og eg fekk
min eigen fargedraum.
Eg kyssa halsgropa
som var alt,
– var deg.
Kjensla var fanga i meg
for alltid.

Onsdag i veka som gjekk var det Moder Jord-dagen. Den blir feira for å minne oss på at jorda gjev oss liv og næring.
Den aller fyrste Moder Jord-dagen vart markert 22. april i 2010. No nyttar mange dagen til å setje fokus på verdas miljøproblem.

IMG_4973
Moder Jord

(Dersom det skulle vere einkvan som er interessert, så har eg tidlegare skrive to blogginnlegg om temaet; Å bli mor kan skje på fleire måtar og Å være mor til voksne barn.)

Ei lita kjensle
Her kjem ei kjensle som eg likar at eg har. Me må våge å ikkje vite.

Kjenner eg deg?
Du smiler, men veit eg kvifor?
Du seier at du elskar,
men berre du veit kor mykje.
Kva trur du om framtida?
Kva håpar du eigentleg?
Eg får aldri vite
og eg vil
ikkje vite.
Like lite som eg vil gje deg
alle mine kva, kvifor og kor mykje.

IMG_5042
Her står han som veit ganske mykje om meg, – men slett ikkje alt.

***

Det er mest som sumar.
Småfuglane puslar og pip langs hagegjerdet. Humlene surrar med sitt. Sola varmar naken hud og eg har rydda vekk alle dei tankane som har ullsokkar og frost i seg.

IMG_5021
Det vitnar om at snart er det sumar.

No ynskjer eg alle ein vakker aprillaurdag.

Helsing frå Karen-Margrethe

 

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: