IRRITERT ELLER OVERRASKA

Kjære folk!

Denne våren har tvila på seg sjølv og nøla uvanleg lenge. Skulle han våge seg frampå? No er han endeleg her, – han kom til og med til oss her på rundt 460 meter over havet. Han kom og gjorde seg raskt om til tidlegsumar. Ljoset er her og luktene er på veg. Det er berre å gle seg. 

Men det er ikkje våren eg fyrst og framst vil skrive om i dag; Eg prøver å vere observant når det gjeld mine eigne kjensler. Det inneber også å prøve å oppdra meg sjølv til å bli overraska i staden for å bli irritert. Det vil eg skrive om. Bileta derimot, dei skal handle om våren. 

Valmuene og humleblomane lyser allereie opp i blomebedet

Fortsett å lese «IRRITERT ELLER OVERRASKA»

KVARDAGSFEIRING OG KJOLEDAGAR

Kjære folk!

No om dagen står me på trappa og bankar på døra til månaden mai. Då treng me ikkje lenger leite etter mogelegheiter for å feire. Eg kjenner at det boblar litt av forventning både i magen og i bringa. Den månaden, som no er like rundt hjørnet, er fylt til randen av små og store gleder.

For to veker sidan kom solskinet og eg berre måtte byrje med litt hagestell på dei få flekkane som var utan snø.

Fortsett å lese «KVARDAGSFEIRING OG KJOLEDAGAR»

Å GLEDE SEG OVER OG Å GLEDE SEG TIL

Kjære folk

Då den andre verdskrigen braut ut i 1939, erklærte Noreg seg nøytralt, men 9. april 1940 angreip tyske troppar landet. I dag er det 82 år sidan.

Gjennom heile livet har me levd med sterke forteljingar om den krigen.
Til alle tider har det vore krigar i verda. Mange av dei har vore svært langt unna oss, – og det er kanskje grunnen til at me ikkje har slept alle lidingane så tett inn til hjarterøtene våre. Det er vel også slik at ingen kan ta innover seg alt.
No er krigen nærare og me er reddare, meir sinte og har større behov for å hjelpe.


Me vil alle gjerne vere glade, ikkje sant? Trass i og midt i alt det vonde og vanskelege har me lov til å kjenne på glede. Eg trur det er sant at «den største gleda ein kan ha det er å gjere andre glad». Men det er også slik, trur eg, at me kan gjere mest for andre dersom me sjølv er sterke og har det bra. Det er altså ingen motsetnad i å vere glad og å gjere andre glad.

Fortsett å lese «Å GLEDE SEG OVER OG Å GLEDE SEG TIL»

HALLINGVÅR, PERLER I MAIKJEDET OG MIN EIGEN HAGE

Kjære folk!

No er det tre veker sidan sist eg sette meg ned for å skrive, og for å seie det forsiktig; det har vore innhaldsrike dagar. Av og til tuslar livet sakte framover dag for dag utan at eg tenkjer nemneverdig over det. Andre gonger tek livet sjumilstøvlane på seg og bykser av garde. Dei siste vekene har eg kjent det slik, for plutseleg var alt heilt annleis. 

For ei veke sidan heisa me vimpelen for fyrste gong, – og dersom du ser svært godt etter, kan du skimte det som etter kvart skal bli ute-juletreet vårt.

Fortsett å lese «HALLINGVÅR, PERLER I MAIKJEDET OG MIN EIGEN HAGE»

TAKK FOR MEG TIL HOLMESTRAND, EIN BUSTAD FOR RESTEN AV LIVET OG NO TEK EG SPENNTAK

Kjære folk!

No er det ei stund sidan sist. Eg tenkjer at dette huset, denne hagen, denne byen, og desse åra som me har hatt her, fortener at eg skriv ein blogg til frå 3086 Holmestrand.

Måndag 3. mai kjem flyttebilen, og eg kjenner at det skal bli godt når den dagen me har budd oss på så lenge endeleg kjem. For eg vil dette, men likevel er kjenslene både slike og sånne.

Eg har ikke talet på alle pappeskene som står rundt om i huset no.

Kjensler før me dreg
For kvar rull med bobleplast rundt bilete og maleri
For kvart ark silkepapir mellom tallerknar, rundt glas
For kvar pappeske, fylt opp, limt att og merka,
har eg kjent at sumarfuglar i magen
ikkje alltid berre
er av det gode.
Kvite veggar med arr
av skruer og krokar,
dørkarmar med blyantstrekar;
så høg var du då, vesle venen min.
Golvfliser med spor
av små sko,
av store støvlar.
Ekko av draumar
Kviskring frå minner
Kapittel i livet mitt


Takk for meg, Holmestrand!
Eg har prøvd å bli glad i deg, Holmestrand. Eg har verkeleg prøvd.

Då me kom flyttande til den vesle Vestfold-byen for meir enn 11 år sidan, var eg mest oppteken av barnebarn, hus og hage. Hjartet mitt var fylt av det, og det kjendes som nok. Det var fint å bu i eit område som var som ei lita grend, med gode naboar og kjær familie like i nærleiken. Resten av Holmestrand låg fleire kilometer unna og nådde ikkje heilt fram til meg, men sidan eg hadde tenkt å bli verande livet ut, bestemde eg meg for å bli godt kjent med byen min og gro fast her.

Slik utsikt får me aldri nokon gong meir.


Det var kanskje dumt å flytte til ein ny kommune for oss som snart fylte 60, var utan jobb, sleit med helsa og ikkje hadde korkje skuleungar eller hund. Eg forventa kulturopplevingar og eit rikt og variert sosialt liv. Det er kanskje berre mi eiga skuld at det ikkje vart slik. Men eg kjenner at eg må ha meir enn hus, hage og snart vaksne barnebarn å fylle livet mitt med. 

Dei siste dagane har eg hatt «takk-for-god-hjelp-time» hos ein flink tannlege, ein grundig og morosam fastlege som verkeleg er til å stole på og hos ho, som for meg i alle fall, er verdas beste frisør.

Holmestrand havn.


Det er så vakkert her, men eg er lei for å måtte seie det, Holmestrand; her hos deg ynskjer eg ikkje å bu som gammal dame. Det må hende meir rundt meg enn det det gjer i dag. Dei få vaksne som kjem til å sakne oss når me dreg, dei veit eg vil finne vegen til oss på Ål, og dei er hjarteleg velkomne.

Ein bustad for resten av livet.
På Ål står Helgerud-huset snart ferdig, både 111 år gammalt og samstundes flunkande nytt, akkurat slik det var og likevel heilt annleis, – klart for å vere heimen vår resten av livet. Me har fått oss både gode og mindre gode overraskingar i rehabiliteringsperioden, men no ser alt ut til å ordne seg.

Dei siste tjue åra har skiftande regjeringar hatt som målsetting at eldre skal bu i sin eigen bustad så lenge som mogeleg. Dei som studerer samansetninga av befolkninga framover, seier at auka levealder gjer denne problemstillinga stadig meir aktuell. Det er klare forventningar frå politisk hald om at eldre sjølv bør ta initiativ til å utbedre eller skaffe seg ein bustad som er tilpassa dei behova me har når me blir eldre.

NOVA er eit samfunnsvitskapeleg forskingsinstitutt. Forskarar der har gjennomført ei undersøking der folk vart bedne om å vurdere den boligen dei bur i no. Over halvparten av dei i alderen 50 – 71 år sa at bustaden deira var «dårleg» eller «svært dårleg» tilpassa personar med «bevegelsesvansker». 

Me kjenner oss både friske og raske no, men har tenkt at me skal klare å bu i Helgerud-huset livet ut. Det hadde sjølvsagt vore fint dersom dei tinga me skaffar oss, vil vare lenge. Dei skal aller helst vere praktiske og skape trivnad og glede, men no må me også planlegge for den helsa me har om 20 år. Sjølv om me forhåpentlegvis vil vere spreke og aktive så lenge som mogeleg, må me no nytte høvet til å tilpasse huset til vår eiga framtid.

Har skal det bli enkelt å kome seg både inn og ut.


Førebels har skjelettet mitt trufast halde meg oppe, men ein dag blir det sannsynlegvis så skrøpeleg at eg dett saman. Då er det viktig å ha eit hus utan for mange dørstokkar og trappetrinn slik at me kan kome oss fram med rullatorane våre.

Huset vårt blir no tilrettelagt slik at me, den dagen me treng det, får eit soverom og bad på same planet som inngangspartiet. Dessutan blir det så godt som trinnfritt både ute og inne.

Fallulykker er av dei vanlegaste ulykkene i norske heimar. Konsekvensane er gjerne alvorlege for eldre kroppar.  Allereie no planlegg me den framtidige heimen vår med minst mogeleg å snuble i, stikkontaktar i kjøkkenbenkhøgde og med godt ljos i alle rom. Dårleg ljos kan dessutan føre til mindre trivnad samstundes med at det aukar risikoen for at me dett og får store helseplager.

Apropos kjøkkenbenkhøgd; Om ikke så altfor lenge er kjøkkenet ferdig. Eg gler meg!

Eg må seie at eg ikkje likar å tenkje på all denne tilrettelegginga. Inne i mitt eige hovud er eg framleis ung, men eg må innsjå at om 20 år er eg 88 år. 20 år går fort det.

Spenntak
No tek eg spenntak,
satsar alt og siktar
mot den langstrakte fjellbygda

Det var dit eg skulle,
og turen var ingen omveg.
Den var kledd med
kjærleiksfulle møte,
mykje omsorg,
glade ungar på trygge fang

No tek eg spenntak,
men kjenner molltonen vibrere
i bringa
medan eg er på veg heim

(Dersom nokon lurar: Spenntak er å setje føtene imot noko og skuve ifrå av all makt.)

Sentrum i Ål fotografert frå Sundreberget tidleg på sumaren i fjor.

Våraktivitet
Eg er så glad for at me bur i eit land med fire årstider. No, når vinteren har sloppe taket, kjenner eg korleis eg har lengta etter alle dei små våraktivitetane. 

10. mai skal eg overlevere hagen i Holmestrand til ein nye eigarar. Det gjer eg heilt utan sorg. Eg gler meg til å fortelje dei om alt som kjem til å dukke opp i hagen deira gjennom sesongen. 


Eg er så heldig at eg har ein stor hage på Ål å ta fatt på. Hagestellet der har så langt dreia seg om å fjerne brennesle, men under, bak og innimellom der ein stad, har eg trua på at eg finn ein fin, gammal hage.

Fyrst rydde, så vente og sjå. Ein må vise tolmod i ein gammal hage.


Neste gong eg skriv, håpar eg å kunne fortelje om korleis det er å flytte inn i eit hus med ei fin, 100 år gammal sjel.

Eg ynskjer alle ein strålande vår.

Helsing frå Karen-Margrethe

Å PAKKE NED OG HJERNESTELL

Kjære folk!

Alle mine laurdagar startar på den same måten: Eg skriv, medan han eg er så heldig å bu saman med, går ned for å koke kaffi og lage frukost. 
Då eg sette meg for å skrive i dag, byrja eg å undre meg over kor mange innlegg det har blitt her på bloggen min. Eg fann ut at dette faktisk er blogginnlegg nummer 215. Ikkje verst, tenkte eg då.

I dag handlar det om endring:
– å pakke ned tyder på at noko skal bli annleis
– å stelle godt med hjernen sin er naudsynt for å unngå negative endringar

Fortsett å lese «Å PAKKE NED OG HJERNESTELL»

POLITIKK FOR ETTERPÅ, MOR OG «KJENNER EG DEG?»

Kjære folk!

På mange måtar har dette vore ei strålande vårveke, men kvardagen er likevel ikkje akkurat så lett å setje ord på. Nesten ingenting er slik det pleier å vere. Mildt sagt annleis. Såpass annleis at det er tema som rett og slett kjennest som upassande å skrive om. I vekevis har det forståeleg nok nesten ikkje vore anna å lese i avisene enn om koronaviruset.

IMG_5015

No vitnar det forhåpentlegvis om litt ljosare koronatider når me kan lese og høyre nyheiter om både etterretningstenestelov og tillit eller ikkje til ny oljefondsjef. Alt dette medan sola skin og våren bokstaveleg tala kjem sprettande.

IMG_5053
Det er vår rundt huset.

 

Fortsett å lese «POLITIKK FOR ETTERPÅ, MOR OG «KJENNER EG DEG?»»

PÅ ARMLENGDES AVSTAND, VÅR I HAGEN OG Å VERE TILGJENGELEG

Kjære folk!

Det er vår, – eg har sett sumarfuglar!
Det seiest at det finnes meir enn 170 000 artar sumarfuglar i verda vår. Heile 2 200 av dei har vorte funne i Noreg.
Det raraste eg har høyrt om sumarfuglar, er at dei har smaksorgana sine på undersida av føtene.

IMG_4876
Sitronsumarfuglen har overvintra her og viser seg tidleg om våren. 

Fortsett å lese «PÅ ARMLENGDES AVSTAND, VÅR I HAGEN OG Å VERE TILGJENGELEG»

KULTURARBEIDARAR, BREV OG PAPPA-KONRAD

Kjære folk!

Det er merkelege tider. Dagane tuslar på eit vis vidare i lågt tempo for oss som ikkje har noko viktigare å ta oss til enn å halde avstand og å halde oss i ro. Men me gløymer ikkje alle dei som gjer alt det dei kan for å halde samfunnshjula i gang. Stor takk frå oss som er heime.

IMG_4826

Fortsett å lese «KULTURARBEIDARAR, BREV OG PAPPA-KONRAD»

KUNSTSTØNAD, FJELLBYGDER, Å HJELPE LITT TIL OG BLÅBÆRLYNG

Kjære folk!

God morgon og velkomen til den tredje månaden i året. Det er både seinvinter og gryande vår. Me har 31 marsdagar framfor oss og i dag tek me fatt i vissa om at det vil kome både dagar og netter med meir av både ljos og varme.

IMG_4693

Fortsett å lese «KUNSTSTØNAD, FJELLBYGDER, Å HJELPE LITT TIL OG BLÅBÆRLYNG»